Hub for Future
Hub for Future 2025: Marked og rammevilkår i endring
Når: 23. - 24. april 2025
Kor: Knutholmen
Marked og rammevilkår er i rask endring, dreve av ei global omstilling mot sirkulære verdikjeder. Krav om berekraft, ressursoptimalisering og redusert avfall set nye standardar for konkurranse og reguleringar. Korleis kan verksemder tilpasse seg desse krava og samtidig utnytte moglegheitene i ein økonomi der gjenbruk, gjenvinning og regenerering (naturleg fornying av det som har gått tapt) står i sentrum?
Vi lever i ei tid prega av raske endringar som påverkar både marked og rammevilkår. Teknologiske innovasjonar, strengare berekraftskrav, global konkurranse og skiftande kundepreferansar skaper både nye utfordringar og moglegheiter for verksemdene. Korleis kan verksemder tilpasse seg denne dynamiske røyndomen, og kva strategiar sikrar suksess i møte med aukande usikkerheit?
Velkomen til vår yngleplass, Hub for Future, 23.–24. april 2025 🌟 Vi samlast på vakre Knutholmen for to inspirerande dagar med nettverksbygging og fagleg påfyll!
Bli med og møt sentral aktørar som aktivt arbeider med å tilpasse seg endringane i både marknad og nye rammevilkår. Opplev framtidsretta diskusjonar, spennande foredrag og unike moglegheiter til å knyte verdifulle kontaktar!
Early bird-billettane er tilgjengelege i ei avgrensa periode. Sikre deg ein earlybird-billett allereie no!
Meir informasjon om program kjem på nyåret.
Samarbeidspartnar
Har du spørsmål eller kommentarar til arrangementet?
Ta gjerne kontakt!
Nor-Shipping 2025
Kvar: NOVA Spektrum, Lillestrøm
Når: 2. - 6. Juni 2025
Nor-Shipping er ein av verdas viktigaste møteplasser for shippingbransjen og havnæringane. Nor-Shipping blei etablert i 1965 og samlar annakvart år nærare 50.000 delegater fra 85 land i Oslo og på Norges Varemesse på Lillestrøm.
Hub for Ocean på stand
I år har vi i Hub for Ocean slått oss saman med Maritime Bergen for å delta på Nor-Shipping 2025 med ein fellesstand. Dette gir den maritime næringa i Vestland ei unik moglegheit til å synleggjere seg på ei av verdas viktigaste shipping-messer, og det set regionen vår på kartet.
Som deltakar på vår fellesstand får kvar bedrift sin eigen fullverdige stand, som de kan utforme etter eige ønskje. Denne modellen er kostnadseffektiv og skapar ein meir sosial og uformell møteplass.
- Ønskjer du bli med på Stand saman med vårt konsortium? Send oss ein e-post innan måndag 02.12 for å sikre deg ein plass!
Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?
Jenter og Teknologi
Nysgjerrig på teknologi og realfag? 28. november inviterer vi jenter i 9. klasse til ein inspirasjonsdag med fokus på teknologi- og realfagsyrke. Her kan du møte kule damer som jobber/studerar innan teknologi og realfag - i tillegg til å delta i konkurranse!
På inspirasjonsdagen lærar du korleis det er å jobbe i forskjellige yrker. Blir du nysgjerrig på yrket kan damene gi deg råd til kva du burde søke på på vidaregåande skule og høgare utdanning. Spør i vei - her er ingen spørsmål dumme!
Kvifor arrangerer vi denne dagen?
Målet med dagen er å vise deg kva som finst av moglegheiter der ute. Mange av medlemmane i Hub for Ocean ønsker å tilsette dei som har gått yrkesfag på vidaregåande skule, eller som har studert realfag eller teknologi på høgskulen. Kanskje du er den dei har bruk for om nokon år?
Inspirasjonsdagen er arrangert av Hub for Ocean og Kinn kommune med støtte frå FIN (Flora industri- og næringsforening).
Tilbakemelding fra elevane
“Det har vore ein veldig kjekk dag” - Christine.
“Jøss, så spanande. Her var det mange yrke å velje blant!” - Miriam
“Eg synest vi gjerne kan ha slike dagar oftare. Det gir oss nye idear på kva vi kan utdanne oss til” - Isabella
I år kjem...
Bedrifter
Fokus Elektro
Fjord Base Gruppen
Fjord 1
IVest Consult
Westcon Yards
Flora Videregående Skule
ByggOpp Vest
Linja AS
Marø Havbruk
E. Karstensen Fiskeoppdrett
PwC
Nor Tekstil
Vestfjord Bygg
Yrke
Montør
Utviklar
Arealplanleggjar
Anbodsansvarleg
Lærar i teknologi og industrifag
Tømrarlærling
Energimontørlærling
Fiskevelferd- og berekraftsansvarleg
Leiar prosjekt konsern
Tømrarlærling
Sivilingeniør
Program
09:45 - Registrering
10:00 - Presentasjon av ulike yrke
10:30 - Rotering mellom stand
11:30 - Lunsj
12:00 - Rotering mellom stand
13:15 - Quiz
13:30 - Oppsummering
13:45 - Slutt
Hei! Har du spørsmål til arrangementet?
Hub for Future - Workshop
Hub for Future - Workshop
Når: 7. november 2024
Kor: Hellenes Yards i Førde (4. etasje, på Campus Verftet)
Arrangementet har endra form! Vi inviterer til ein workshop 7.november frå kl.09:00 med fleire av foredragshalderane.
Er du interessert i å delta? Bestill billett via knappen under
Velkommen til Hub for Future - workshop!
Deling av ressursar og bi-produkt kan skape omfattande industrielle ringverknadar, der samarbeid mellom ulike næringar fremjar effektiv ressursutnytting, reduserer avfallsstraumane og skaper nye verdiar. Slike synergier kan bidra til både økonomisk vekst og miljømessig berekraft. Dette samspelet fungerer som eit økosystem, der avfall eller overskuddsmateriale frå éi verksemd vert råvare eller energi for ei anna. Målet er å minimere avfall, redusere ressursforbruk og kutte kostnader, samtidig som det skapast nye forretningsmoglegheiter. Prinsippet om deling av ressursar og bi-produkt fremjar både ei meir berekraftig utvikling og er eit viktig verktøy for å redusere karbonavtrykk og miljøbelastning i industrien.
Vi inviterer til Hellenes Yards sine nye, topp moderne konferanselokaler på verftet, med panoramautsikt over Førdefjorden.
Program
Torsdag 7. november
08.30 Kaffi
09.00 Velkommen til Hellenes Yard
- Anders Haugen
09:10 Introduksjon til dagen
- Hub for Ocean, Stein Kvalsund
09:20 Grøn region Vestland - samlingsplass og drivkraft for omstilling
- Vestland Fylkeskommune, Tor Martin Misund
09:35 Innovasjon Norge sin virkemiddelstruktur frå eit strategisk overordna og operativ nivå innan berekraft og sirkulær bioøkonomi
- Innovasjon Norge: Leif Inge Husabø og Rune Henjesand
- Emilia Brenna Rustad(Bionova)
10:05 Pause
10:20 Mission Zero
- Sunnfjord Kommune, Ole John Østenstad
10:40 Frå restmasse til nye ressursar
- Nordic Mining, Kenneth Nakken Angedal
11:00 Korleis legg Fjord Base til rette for at det kan etablerast sirkulære verdikjeder mellom relevante aktørar
- Fjord Base, Niclas Forsberg
11:15 Pause
11:30 Symbiose mellom hydrogenproduksjon og havbruk
- Havlandet, Frode Kupen
- HYDS / HyFuel, Are Opstad Sæbø
11:50 Lunsj
12:30 Verktøy verkemiddelaktørane har tilgjengeleg for å stimulere overgangen til sirkulærøkonomi, berekraftige og sirkulære verdikjeder utover finansiell støtte
- Vestland Fylkeskommune, Tor Martin Misund
- Innovasjon Norge, Leif Inge Husabø
13:00 Samarbeidsøkt / workshop:
Kristiske faktorer og barrierer for realisering av sirkulære verdikjeder og industriell symbiose
13:45 Pause
14:00 Samarbeidsøkta/workshop oppsumerast i plenum
14:30 Takk for i dag
14:40 Omvisning og orientering - Renasys
(Denne økta er valfri å delta på).
Samarbeidspartnar
Sponsorar
Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til arrangementet?
Ta gjerne kontakt!
Karoline J Vågsholm
Kommunikasjonsansvarleg
+47 920 55 369
E-post
Enova: Utsleppsfri maritim transport – kan vi klare det?
Noreg har store ambisjonar for omstillinga av skipsfarten til lågutsleppssamfunnet. Stortinget har blant anna vedteke at alle offshorefartøy som er i teneste for oljeindustrien skal vere utsleppsfrie innan 2029. Enova har som mål å bidra til å realisere dei første fungerande verdikjedene for hydrogen og ammoniakk som drivstoff i maritim sektor innan 2030.
Med Enova si satsing mot hydrogen og ammoniakk i maritim sektor byggjer vi grunnmuren for den større omstillinga i sektoren. Det er avgjerande at vi lukkast, og at vi startar no, seier Sigmund Ø. Størset, måleansvarleg for hydrogen i Enova.
Bli med på ein spennande fagdag der vi ser nærare på kva som skjer innan både bruk av nullutsleppsteknologi i fartøy og produksjon av hydrogen til maritim transport. Og ikkje minst, få med deg debatten rundt dette temaet.
Tema
Nye prosjekt innan hydrogen
Kva gjer eigentleg dei som går føre?
Kva gjer Enova no og framover i satsinga?
Paneldebatt "Kan vi klare det?", med statssekretær Sigrun Aasland
Detaljert agenda med talarar kjem noko seinare.
Arrangementet vil også bli streama live. Har du ikkje høve til å møte fysisk, kan du gjerne melde deg på digitalt. Lenke til streaming vil bli sendt ut før arrangementet.
Hei! Har du spørsmål om webinaret? Ta kontakt!
Webinar – Lønnsam berekraft gjennom sirkulære verdikjeder
Skjuler det seg verdi i avfallet til bedrifta di? Delta på webinaret med Innovasjon Noreg og Arctic Innovation Week for å lære om sirkulære verdikjeder og verdiskaping ved å gjere avfallet til bedrifta di om til ei inntektskjelde.
I dette webinaret får vi presentert korleis avfall eller sidestraum frå ei bedrift kan bli ein annan bedrifts innsatsfaktor i produksjon gjennom sirkulære verdikjeder. Du vil høyre frå Troms og Finnmark fylkeskommune om deira satsing på nettopp dette! I tillegg vil du få gode regionale eksempel på korleis ein kan skape meir verdi for si bedrift ved å tenkje sirkulært.
Webinaret avsluttar med ei oversikt over korleis Innovasjon Noreg kan bidra på reisa mot å oppnå fleire industrielle symbiosar i regionen.
Foredragshaldarar
Torbjørn Bygdnes Nilsen
Rådgivar, Innovasjon Noreg
Birgitte Karlstrøm
Rådgivar, Troms fylkeskommune
Susanne Lupton
Avdelingsleiar Vaksenopplæring, Finnmark fylkeskommune
Terje Berntsen
Seniorrådgivar, Innovasjon Noreg
Bjørnar Bull
Dagleg leiar, Arges
Steffen Ahlquist
Spesialrådgivar, Troms fylkeskommune
Påmelding innen 16. Oktober 2024.
Hei! Har du spørsmål om webinaret? Ta kontakt!
The Maritime Hydrogen Conference
Save the date for the annual Maritime Hydrogen Conference!
More information will follow shortly,
On the Maritime Hydrogen Conference’s website, you will find the latest updates to the agenda.
Hi!
Do you have questions regarding our conference? Feel free to get in touch.
Hub for Future - Samskaping i nye verdikjeder
Når: 10 - 11 april 2024
Kor: Quality Hotel Florø
Samskaping i nye verdikjeder
Velkommen til vår yngleplass Hub for Future i april. Vi står midt i den grøne omstillinga og sentrale aktørar i nettverket vårt deler sitt framtidige utviklingsperspektiv for vår region.
Vi har gleden av å presentere eit spennande program der vi rettar fokus mot tema:
Industriutvikling og “krafttak” for framtida
Nye spennande leverandørmoglegheiter
På ettermiddagen 10. april inviterer vi dere med på ekskursjon til Westcon Yards Florø, ei framoverlent verksemd som skapar nye forretningsmoglegheiter i nye marknader. Her får dere også ein liten “smak” av Florø. Turen går videre til Bryggekanten restaurant for mingling og networking og vi kan glede oss til ei kulinarisk oppleving med tre- rettars middag basert på lokale råvarer og noko godt i glaset!
Treng du overnatting i Florø? Bestill direkte på Quality Hotel Florø eller Comfort Hotel Florø (begge ligg i sentrum). Alternativ Kinn Hotell (ca. 1,5 km frå sentrum).
Program
Onsdag 10. april
12.00 Registrering og enkel lunsj
12.30 Velkommen v/ordførar Bengt Solheim- Olsen, Kinn kommune.
12.40 Samskaping i nye verdikjeder, Hub for Ocean v/Kristin Svardal, CEO.
INDUSTRIUTVIKLING OG “KRAFTTAK” FOR FRAMTIDA
12.50 Vestland som utviklingsaktør - Energisituasjon og rammevilkår for næringsutvikling. Vestland fylkeskommune v/Bård Sandal, avdelingsdirektør næring, plan og innovasjon.
13.10 Korleis handtere morgondagens energibehov? SFE sine moglegheiter for å løfte meir fornybar energi i regionen. SFE v/Knut Arild Flatjord, konsernsjef.
13.30 "Mingling” - beinstrekk
13.50 Korleis sikrar vi grøn energi til «alle» industriprosjekt planlagt i Vestland. Eviny v/ Sonja Chirico Indrebø, Adm direktør i Eviny fornybar.
14.20 Paneldiskusjon - Energiforsyning og realisering av grøne industriprosjekt. Bård Sandal i Vestland Fylkeskommune i dialog med Knut Arild Flatjord i SFE, Sonja Chirico Indrebø i Eviny og Ole Schanke Eikum i Fjord Base Holding.
14.40 Pause
15.00 Energiforsyning og konkurransekraft
Nye energikilder. Havkraft v/Geir Arne Solheim, CEO.
Energiefffektivisering - Varmepumpe og energilagring. Enerin v/Trond Atle Asphjell, COO.
Frå fossilt til industri 2.0. Fortescue v/Karina Lavik, Senior Communities Advisor.
Refleksjon rundt framtida - Dialog med Havkraft, Enerin og Fortescue, leia av Stein Kvalsund, COO i Hub for Ocean.
16.00 Oppsummering av dagen
16.10 – 17.30 Innsjekk
17.30 – 19.30 Bedriftsbesøk på Westcon Yard Florø og ein “smak” av Florø. (Laks frå Svanøy, Havblikk frå Kinn bryggeri ev. glutenfri… og Eplejuice frå Balholm i Balestrand)
19.30 Tre-retters middag med noko godt i glaset på Bryggekanten restaurant. (-Blomkålkremsuppe, heimespeka pancetta, ramsløk,rotchips. – Posjert torsk frå Havlandet i Florø, grilla løk, gulrot,pastinakkpure, blåskjellsaus, småpotet.-Pasjonsfruktmousse,bringebærmarengs,coulis. To enheter drikke til maten)
Torsdag 11.april
08.30 Kaffi
09.00 Velkommen
09.05 Nyheiter frå nettverket - gründerbedrifter med spennande teknologiske løysingar og kva skjer hos Hellenes?
Havtech v/Ann Kathrin Haarklau, sals- og marknadssjef
Keelspot v/Jon Runar Heggeleund, Head og Customer Sucsess
Hellenes Bio v/Øyvind Hellenes, forretningsutviklar
NYE LEVERANDØRMOGLEGHEITER
- Behov for samarbeidspartar i samband med framtidig marknadsutvikling
09.45 «Strategisk samarbeid – kva krevjast for å lukkast» v/Forsvaret/FFI, KONGSBERG (KNS) og Westcon Yards Florø.
10.15 Pause
10.35 Havyard Leirvik v/Anette Traa, HR/QHSE leiar.
10.55 Fortescue v/Svein Hansen, Manager Operational Readiness.
11.15 “Sofaprat” - Samanfallande verdikjeder. Stein Kvalsund, COO i Hub for Ocean i dialog med Havyard Leirvik, KNS/Westcon Yards Florø og Fortescue.
11.30 Speeddate - Industrielle leveransar
Kva moglegheiter ligg i nye kontraktar og nye prosjekt?
Forsvaret og KNS og Westcon Yards Florø.
Havyard Leirvik v/Anette Traa, HR/QHSE leiar
Fortescue v/Karina Lavik, Senior Communities Advisor og Svein Hansen, Manager Operational Readiness.
12.25 Oppsummering og vel heim
12.30 Avslutning med 2- rettars lunsj (Langtidssteikt pigwings, rotfrukter, sjysaus, mandelpotetpure og rømmepudding med rømme frå Røros og marinerte bær)
Samarbeidspartnar: Vestland Fylkeskommune
Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til arrangementet? Ta gjerne kontakt!
Workshop næringsliv - ammoniakkfabrikk Holmaneset
Når: kl. 1300-1600, 18. mars 2024
Kor: Knutholmen, Kalvåg
Invitasjon til innspelsmøte for næringsliv
Bremanger kommune inviterer næringsliv frå regionen til samling i samband med verdiskapinganalysen knytt til Fortescue sitt ønske om etablering av ammoniakkfabrikk på Holmaneset i Svelgen.
Målet er å samle næringsliv i regionen for å dele informasjon om planane, kome opp med nye tankar om moglegheiter knytt til etableringa og eventuelle innspel/synspunkt på etableringa med betydning for samfunns- og næringsutvikling i regionen generelt.
Programmet inkluderer innlegg frå kommunal- og distriktsminister Erling Sande, varaordførar i Vestland fylkeskommune, den norske leiinga i Fortescue, Ocean HyWay Cluster og PwC. Bedrifter som ønskjer å delta på samlinga, som ikkje har motteke invitasjon, vert oppfordra om å ta kontakt. Sjå påmelding og program lenger nede.
I løpet av februar-mars er det gjennomført 20 intervju med aktørar frå privat næringsliv, lokale havneselskap, utdanningssektoren og næringsklynger frå Ålesund i nord til Florø i sør. Fleire intervju står for tur.Tema har mellom anna vore direkte og indirekte verdiskaping for lokalt næringsliv, utvikling av nye verdikjeder, moglegheiter for nye samarbeid og kompetansemiljø og korleis etableringa kan bidra til samfunnsutvikling. Aktørane har òg blitt utfordra på om dei ser utfordringar knytt til ei slik etablering. Intervjua og innspel frå næringsliv og politikarar som deltek på samlinga i Kalvåg, vert ein viktig del av datamaterialet til verdiskapingsanalysa.
Ope innbyggjarmøte rett over påske. Her vil m.a. PwC presentere verdiskapingsanalysa og deltakarane vil på lik linje med næringslivet få høve til å kome med innspel og synspunkt på satsinga. Dato kjem snart.
For meir informasjon, sjå her: Verdiskapinganalyse - etablering av amoniakkfabrikk i Bremanger
Hei! Har du praktiske spørsmål om arrangementet? Ta kontakt!
Framtidsfylket Karrieremesse
Kvar: Grieghallen, Bergen
Når: 13. Februar kl. 14.30 - 19.00
Er du nysgjerrig på arbeidslivet i Vestland? Då skal du ta turen på Framtidsfylket sine karrieremesse i Bergen. Møt ein av landets mest varierte, ambisiøse og grøne arbeidsregion: Næringslivet i Distrikts-Vestland!
Dørene opnar kl.14:30 og det blir gratis mat og drikke frå 15:00-18:00.
Møt oss på stand, vi i Hub for Ocean har med oss ledige stillingar frå vår medlemsmasse. Kanskje du finn draumejobben?
Håpar vi sjåast der!
Miniseminar 13. februar kl. 1700-1730
Saman med Framtidsfylke inviterer vi til Karriere-TALKS på Karrieremessa:
– Korleis kan samarbeid være løysinga på eit bærekraftig havrom?
Næringslivet i Vestland vert peika på som ei sentral kraft innan grøn omstilling . I lag med Fjord1, Westcon Florø, Nordic Mining og Havtech skal vi høyre korleis ein gjennom berekraftsarbeid og samskaping i nye verdikjeder skaper nye moglegheiter.
Dette gler vi oss til!
Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?
Teamsmøte - 6 millionar til FoU
Når: 08.februar frå kl. 1230 - 1330
Kor: Digitalt på Teams kl. 1230 - 1330
FORREGION Vestland inviterar til opent informasjonsmøte om nye moglegheiter for støtte til forsking.
Ettersom Regionale forskingsfond er avvikla vil FORREGION Vestland styrke satsinga på næringsretta forsking med 6 millionar kroner til:
FoU – forprosjekt
Ordninga «forskar til låns»
Hospitering i forskingsmiljø
Støtte til FoU-møte
Tilbodet om kompetansemekling er også forsterka som ei gratis rådgiving for bedrifter.
Målgruppe for ordninga er bedrifter som ikkje tidlegare har vore ansvarleg for større forskingsprosjekt og det er krav om å samarbeide med FoU-organisasjon. På lanseringsmøte blir det informasjon om støtteordningane og korleis de kan søkje. Det blir også ope for spørsmål og kommentarar.
Påmelding innan 07. februar her.
Vestland har eit næringsliv med sterk oljeavhengigheit. Vi har ein maritim tradisjon og mykje kompetanse innan heile feltet av havnæringar. Vi har eit landbruk særleg utsett for klimaendringar. Vi har sterke industritradisjonar der det er potensial og behov for meir berekraftig omstilling. Prosjekt med støtte frå FORREGION må bidra til berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft eller klimaomstilling i Vestland fylke. Vi treng ny kunnskap for å løyse utfordringane vi står ovanfor.
Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til arrangementet? Ta gjerne kontakt!
Webinar - EUs Hydrogen Calls 2024
Webinar - EUs Hydrogen Calls vil vere på engelsk og opent for Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster sine medlemmer.
In 2024, there will once again, be a call for significant EU funds for hydrogen-related projects in the EU's Clean Hydrogen Partnership.
In total, €113.5 million will be allocated to 20 projects to be announced in January, with an application deadline in April.
Norwegian companies can apply on par with other European countries for these funds.
Hub for Ocean and Ocean Hyway Cluster invites you to a webinar from 09:00 to 10:30 on January 4, 2024, where you will receive information about the calls scheduled for January 2024. You'll gain insights and valuable advice from Innovation Norway's national contact point for these calls, first-hand experiences from Evoy, successful with EU financing in 2021 (EIC Accelerator), and helpful advice from a company with extensive experience in applying for soft funding from the EU, G&H Associates in England.
Norwegian companies often succeed with their applications to the EU. In an industry where international collaboration is crucial, the application process provides an opportunity to initiate larger projects with European partners and gain access to major European markets by establishing strong project consortia.
In addition to treating the future hydrogen calls, we will also have a short introduction to the EU Hydrogen Bank by ENOVA.
Agenda
Welcome, Hub for Ocean (HfO) & Ocean Hyway Cluster(OHC), Kristin Svardal & Martin Hennum
How to succeed in the EU? EVOY, Leif Stavøstrand
Experiences from the EIC Accelerator-program
What application opportunities exist for the hydrogen industry in 2024? Innovation Norway, Tim Genge(national contact point for the calls)
Overview:
Maritime calls
Criteria and requirements
Recommendations and advice
Further follow-up possibilities from Innovation Norway and the Research Council
EU-funding: Successful application processes - G&H Associates, Richard Hancock
Summery and the cluster’s assistance - HfO & OHC, Kristin Svardal and Martin Hennum
Hei! Har du spørsmål om webinaret? Ta kontakt!
Martin Hennum
Export Manager
Ocean Hyway Cluster
+47 480 23 100
martin@oceanhywaycluster.no
LinkedIn
Florø i førarsetet: Etablering av verdens første fyllestasjon for ammoniakk
Verdens første fyllestasjon for ammoniakk til skip skal ligge i Florø, og no nærmar det seg byggestart! Vi inviterer innbyggarar i Florø og alle andre interesserte til eit allmøte. Her blir det god anledning til å få meir informasjon og få svar på det du lurar på.
Arrangementet er gratis og du treng ikkje å melde deg på, så her er det berre å dukke opp på Vesle Kinn den 28. november. Velkommen!
PROGRAM
18:00 Dørene opnar
18:30 Velkommen ved ordførar Bengt Solheim-Olsen og Kristin Svardal frå Ocean Hyway Cluster
18:45 – 19:30 Presentasjon av prosjektet og det planlagde tiltaket på Fjord Base
ved Azane Fuel Solutions, Yara Clean Ammonia og Fjord Base
19:30 Spørsmålsrunde med Bengt Solheim-Olsen som ordstyrar
OM PROSJEKTET
Ammonia Fuel Bunkring Network er eit prosjekt som består av samarbeidspartnarane Azane Fuel Solutions, Yara Clean Ammonia, HyEx Safety, Fjord Base, GOT og SINTEF Energy. Prosjektet blei starta i 2021 og har som mål å etablere verdas første verdikjede for ammoniakk som drivstoff. Som del av prosjektet skal verdas første stasjon for fylling av ammoniakk som drivstoff til skip installerast ved Fjord Base i Florø.
Florø og Fjord Base er unikt posisjonert i nærleiken til den indre farlei frå nord til sør og er i dag ein av Norges største offshore forsyningsbasar. Ved å etablere fyllestasjonen i Florø posisjonerer Fjord Base seg for krava som vil komme frå kundar og myndigheiter i framtida.
SPØRSMÅL
Har du spørsmål om arrangementet? Ta gjerne kontakt.
Jenter og teknologi
Nysgjerrig på teknologi og realfag? 9. november inviterer vi jenter i 9. klasse til ein inspirasjonsdag med fokus på teknologi- og realfagsyrke. Her kan du møte kule damer som jobber/studerar innan teknologi og realfag - i tillegg til å delta i konkurranse!
På inspirasjonsdagen lærar du korleis det er å jobbe i forskjellige yrker. Blir du nysgjerrig på yrket kan damene gi deg råd til kva du burde søke på på vidaregåande skule og høgare utdanning. Spør i vei - her er ingen spørsmål dumme!
Du vil bli kjent med fleire ulike yrke, m.a. :
Elektrikar
Utviklingsingeniør
Maskinsjef
IT- utviklar
Salsleiar
Blikkenslager, tømrar, anleggsarbeidar
Akvakultur
Logistikkarbeidar
Anbodsleiar
Rørleggar
Kvifor arrangerer vi denne dagen?
Målet med dagen er å vise deg kva som finst av moglegheiter der ute. Mange av medlemmane i Hub for Ocean ønsker å tilsette dei som har gått yrkesfag på vidaregåande skule, eller som har studert realfag eller teknologi på høgskulen. Kanskje du er den dei har bruk for om nokon år?
Inspirasjonsdagen er arrangert av Hub for Ocean og Kinn kommune med støtte frå FIN (Flora industri- og næringsforening).
Tilbakemelding fra elevane
“Det har vore ein veldig kjekk dag” - Christine.
“Jøss, så spanande. Her var det mange yrke å velje blant!” - Miriam
“Eg synest vi gjerne kan ha slike dagar oftare. Det gir oss nye idear på kva vi kan utdanne oss til” - Isabella
Hei! Har du spørsmål til arrangementet?
Fiskeslam som ressurs
Vi inviterer inn FoU- aktørar og aktørar frå alle ledd i verdikjede for handtering av fiskeslam (som oppdrettsnæringa, slakteri, handterer av avfall), til ein felles yngleplass for å avklare forskingsbehov i næringslivet som kan gi nye løysingar for korleis fiskeslam kan nyttast som ein ressurs.
Møtet vil drøfte følgjande konkrete problemstillingar:
Fiskeslam som jordforbetringsmiddel
Biogass produksjon i miks med mineral- og/eller husdyrgjødsel
Kompostering/biokullproduksjon av fiskeslam
Mål med møtet er å etablere to eller fleire aktuelle FoU- prosjekt knytt til fiskeslam som ressurs i eit sirkulærøkonomisk perspektiv.
Det er også ein møteplass for nettverksbygging på tvers av næringar som arbeider innan området.
Møtet er gratis, men vi ber dere melde dere på for å vite kor mykje mat vi skal bestille inn (sjå påmelding under).
Program
11:30 Lunsj
12:00 Velkommen v/Stein Kvalsund, Ocean Hyway Cluster/Hub for Ocean
12:05 Om FORREGION Vestland. Vestland Fylkeskommune v/Øyvind Heimset Larsen, forskar og Anna Maria Urbaniak Brekke, seniorforskar og EU-rådgjevar
12:15 Faginnlegg NIBIO v/Eva Brod og Michal Sposób, forskarar - divisjon for miljø og naturressurser (bioressursar og kretsløpsteknologi)
12:35 Faginnlegg NORCE v/Gro Elin Kjæreng Bjerga, Forskningsleder Marin bioteknologi
12:55 1) BUE Salmon - Korleis handtere fiskeslam og utfordringar. Akvahub v/Trygve Hallberg og Renasys - Mission zero. v/Mark Purkis.
13:15 Pause
13:30 Drøfting av konkrete problemstillingar
14:25 Oppsummering og vegen vidare
14:30 Ekskursjon til Havlandet
15:30 Avslutning
Hei!
Har du spørsmål eller kommentarar til arrangementet? Ta gjerne kontakt!
Hub for Future
Tema: Hub for Future - kva no
Vi inviterer deg til vår nye yngleplass Hub for Future – arenaen og nettverket for nye framtidige forretningsmoglegheiter.
Nettverkssamlinga har sterk tradisjon i Hub for Ocean for å styrke den blå næringa. No gir vi denne samlinga ein ny identitet. På Hub for Future kikkar vi inn i glaskula og skapar grobunn for vekst og utvikling – saman!
På kvelden 4. oktober inviterer vi til sosial mingling og omvising i Galleri Torsheim. Her ventar deg også ei overrasking! Deretter inviterer Knutholmen oss til bords for ein utsøkt 3-retters meny basert på dagens ferske råvarer, sprell levande i det du set deg til bords.
Hugs å bestille hotellrom i Kalvåg dersom du treng dette, på Knutholmen.no (Dere får 10% rabatt ved å skrive “HUB” i feltet “Kommentar til hotellet” som kjem opp når du har valgt rom og kjem vidare til betalingsinfo).
Enivest, Sparebanken Sogn og Fjordane og Tussa IKT er viktig støtte for å gjennomføre yngleplassen. Takk!
Program finn du under påmelding.
Les meir om foredragshaldarane på Hub for Ocean sin LinkedIn.
-
Det er også ein ekspressbåt som går til Smørhamn frå Bergen og nordover langs kysten som ein kan hoppe på.
Frå Florø kan man ta båt til Smørhamn (ca. 30 minutter). Det står buss på kaia i Smørhamn som tar deg vidare til Knutholmen.
Deltakarar frå Oslo/Bergen som kjem med fly til Florø har korresponande med ekspressbåten frå Florø.
Båtavgangar frå Florø:
Kystvegekspressen kl. 08.30 – 08.57
Norled kl. 11.30 – 12.00
Kystvegekspressen kl. 16.05 – 16.37
Båtavgangar frå Smørhamn:
Kystvegekspressen kl. 06.00 – 06.32
Norled kl. 08.05 – 08.35
Kystvegekspressen kl. 11.15 – 11.50
Norled kl. 16.30 – 17.00
Program
Onsdag 4. oktober
12.15 Registrering og enkel lunsj
12.45 Velkommen, Hub for Ocean v/Siri Laquian Stavang.
12.50 Hva er ditt narrativ? Big Fish v/Johanne Furuseth, designer og fotograf.
13.10 Status, Hub for Ocean v/Kristin Svardal, CEO.
Berekraft i praksis
13.20 Ny grøn retning; slik støttar vi omstilling i næringslivet. Innovasjon Norge v/Leif Inge Husabø, berekraftsdirektør.
13.40 Vi blir kjent!
13.50 40 år med strategisk berekraftig utvikling – det løner seg. Norva24 v/Kenneth Birkeland, avdelingsdirektør.
14.10 Bærekraft i Havnæringa - på samfunnsnivå og strategisk i bedrift. Akvahub v/Trygve Hallberg, dagleg leiar.
14.30 Nye forretningsmuligheter basert på bærekraft og samhandling. Hellenes v/Jørgen Lorentz, Director biomasse applications
14. 50 Pause
15.10 Samskaping mellom komplementære aktørar i maritim næring. ÅKP v/Kirsti Slotsvik, administrerande direktør.
“Sofaprat” - Finn vi komplementære løysingar? Stein Kvalsund,COO i Hub for Ocean i dialog med Kirsti Slotsvik, CEO i ÅKP og Gunnar Stein Hareide, Styreleiar ÅKP.
15.40 Kommuniser berekraft! Evoy v/Silje Bareksten, Vice President Investor and Relations.
16.10 Oppsummering
16.15 Innsjekk
17.30 – 19.30 Galleri Torsheim og noko godt
Omvising i det nyleg opna Galleri Torsheim for å bli meir kjent med verka til Oddvar Torsheim, medan vi nyt noko godt i glaset. Gled deg også til ei overrasking!
19.30 Tre-retters middag på fantastiske Knutholmen
Torsdag 5. oktober
08.30 Kaffi
09.00 Velkommen
09.05 5 kjappe om nye berekraftskrav. Deloitte v/Linn Therese Terøy, direktør.
09.15 Kommuniser berekraft! Evoy v/Silje Bareksten, Vice President Investor and Relations.
Teknologiskifte
09.40 Enivest v/ Sjur Gimmestad og Vegard Ovrid
09.50 Brubygging: løysingar frå industri til helse. Retrams v/Stein-Atle Øvrebotn, CEO.
10.10 Pause
10.30 Digitale verktøy som dokumenterer faktisk effekt av berekraftstiltak. Teknologistiftelsen Terravera v/Elisabet Kjerstad Bøe, CEO.
Leverandørmoglegheiter
10.50 Havvind - det grøne skifte i praksis (pilotering av nye løysingar). Wergeland Holding v/Irene Wergeland, CEO.
11.10 Lutelandet - kva skjer? Lutelandet utvikling v/Vidar Grønnevik, styreleiar.
11.30 Pause
11.40 Lansering Prosjekt CircuS - Samhandling for sirkulær verdiskaping og grønn industri- og næringsutvikling i Bremanger kommune. Fortesuce v/Karina Lavik, Senior Communities Advisor og Bremanger kommune v/Karl Vidar Førde, Kommunalsjef for samfunn og utvikling.
12.00 Paneldebatt - vi kikker inn i glasskula: “Komparative fortrinn i vår region som kan realiserast i nye marknader”. Ein dialog mellom verkemiddelapparat, næringsliv og utviklingsaktør representert ved Innovasjon Norge v/Leif Inge Husabø, Wergeland Group v/Irene Wergeland, Akvahub v/Trygve Hallberg, Terravera Foundation v/Elisabet Kjerstad Bøe.
12.20 Oppsummering
12.30 Lunsj
Takk til våre sponsorar!
Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til arrangementet? Ta gjerne kontakt!
Fremtidens fiskeri- og havbruksnæring
Kvar: Parken Kulturhus, Raudeberg og Måløy, Vestlandet
Når: 26. - 27. september
Korleis kjem fiskeri- og havbruksnæringa til å sjå ut i framtida? Måløy Vekst og Vestland fylkeskommune inviterer til ny fiskeri- og havbrukskonferanse i Måløy 26. - 27. september!
Hei!
Lurar du på noko om konferansen? Du er meir enn velkommen til å ta kontakt med Anette Botnmark Jahre i Måløy Vekst.
Telefon: 997 88 615. E-post: anette@maloyvekst.no.
Digital prosjektverkstad - Vestland
Kvar: Digitalt
Når: 5. september klokka 11:00 - 15:00
Prosjektverkstaden er eit tilbod til aktørar i Vestland som vil lære meir om å strukturere og planlegge eit innovasjonsprosjekt med bruk av FoU. Kurset vil vere nyttig ved søknader til Regionalt forskingsfond Vestland eller Forskningsrådet om innovasjonsprosjekt i næringsliv og i offentlig sektor, men vil óg vere relevant for kompetanse- og samarbeidsprosjekt.
I forkant av prosjektverkstaden vil det vere eit kort informasjonsmøte om moglegheiter for finansiering av FoU-prosjekt, kl. 11.00 - 11.45. Ein treng ikkje å ha delteke på dette for å vere med på prosjektverkstaden.
Program
11:00 Informasjonsmøte
12:00 Prosjektverkstad del 1 - Kurs
13:30 Prosjektverkstad del 2 - Møte med rådgjevar
Hei! Har du spørsmål til arrangementet?
Skriveverkstad for SkatteFUNN
Kvar: Florø
Når: 3. august frå 10:00 - 12:30
Pris: Gratis
Har bedrifta di planar om å utvikle eit nytt produkt, teneste eller produksjonsprosess? Lurer du på om SkatteFUNN er noko for di bedrift, eller er du i gang med ein søknad?
Du er velkommen til skriveverkstad for SkatteFUNN i Florø 3. august! Med SkatteFUNN får du heile 19% skattefrådrag av prosjektkostnadane.
Agenda
10:00-10:45 Kva er SkatteFUNN og korleis di bedrift kan nytte dette verkemiddelet.
10:45-11:00 Kaffipause
11.00- 12:30 Skriveverkstad
Ta gjerne med søknader som er under arbeid, og/eller prosjekter som de tenker kan vere relevante for SkatteFUNN ordninga. Kurshaldar Merete Lunde vi gå gjennom gode råd for søknadsskriving, samt komme med direkte råd til dykkar søknad.
Skriveverkstaden er gratis. Det er avgrensa plasser på kurset så vi anbefaler tidleg påmelding for å sikre deg plass.
Kva er SkatteFUNN?
SkatteFUNN (Skattefradrag for forsking og Utvikling i et Nyskapende Næringsliv) gir bedrifter rett til å føre frådrag over skattemeldinga for utgifter til FoU-prosjekter. Ordninga vert administrert av Norges forskningsråd, i samarbeid med Skatteetaten.
SkatteFUNN er en rettighetsbasert finansieringsordning som skal motivere fleire bedrifter til å drive med forsking og utvikling. Det at ordninga er rettighetsbasert, betyr at det ikkje er ein konkurranse, men at dette er støtte din bedrift har rett på om dykk oppfyller vilkåra for å mottek SkatteFUNN.
For å få ei godkjenning må prosjektet oppfylle krava for å bli definert som FoU i samsvar til skatteloven.
SkatteFUNN er altså ei ordning for å få skattefrådrag og har til hensikt å risikoavlaste bedrifter som har eit FoU-prosjekt der målet er å utvikle ei ny eller betre vare, teneste eller produksjonsprosess. Ordninga gir bedrifter moglegheit til å føre frådrag for 19 % av utgiftene i eit forskings- og utviklingsprosjekt.
Alle søknadar som sendast inn før 1. september er garantert å bli ferdigbehandla same år. Det inneberer at du kan får frådrag for prosjektkostnader påløpt i søknadsåret.
Du kan melde deg på her.
Hei!
Lurar du på noko om skriveverkstaden? Du er meir enn velkommen til å ta kontakt med kurshaldar Merete Lunde: melu@forskningsradet.no
Sommartreffet 2023
Når: 7. juli kl. 16:30 - 17:30
Kvar: Florø, Alleen mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og Naustdal dampbakeri
Er du nysgjerrig på kva karrieremoglegheiter som fins i Florø?
Aksello inviterer studentar og arbeidssøkjande, potensielle heimflyttarar og tilflyttarar, og sjølvsagt det lokale næringslivet, til rekrutteringstreff og nettverking, fredag 07.juli kl. 16:30 til 17:30.
Hub for Ocean skal ha stand på årets sommartreff og vil ha med seg ei oversikt over ledige stillingar frå medlemsbedriftene. Har di bedrift ledige stillingar i Kinn/Sunnfjord-området som du ønsker vi skal formidle? Send gjerne desse til Maria Hunvik.
Hei! Har du spørsmål eller stillingar du ønsker vi skal formidle? Ta gjerne kontakt.
Nor-Shipping 2023
Kvar: NOVA Spektrum, Lillestrøm
Når: 6 - 9. Juni 2023.
Nor-Shipping er en av verdens viktigste møteplasser for shippingbransjen og havnæringene. Nor-Shipping ble etablert i 1965 og samler annet hvert år nærmere 50.000 delegater fra 85 land i Oslo og på Norges Varemesse på Lillestrøm.
Hub for Ocean på stand
Hub for Ocean skal ha en fellesstand for medlemmene våre under den norske paviljongen. Du finner oss på stand C04-36 saman med:
Multi Maritime
Solund Verft
Vestland SeaService
Tussa IKT
Nyborg
Fjord Base Holding
Lefdal Mine Datacenter
Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?
Kort Forklart: Klimarekneskap
Når: 31. mai 09:00 – 09:30
Kvar: digitalt
Bedrifta di vil kutte utslepp – men korleis kjem de dit? Kutter du faktisk der utsleppa er størst? Med eit klimaregnskap så får du oversikta du treng. Ei oversikt som kan gje bedrifta di eit stort konkurransefortrinn i det grøne skiftet.
På dette korte webinaret er vi så heldige å ha med oss Klimapartnere Vestland til å gi dykk tips til korleis di bedrift kan komme i gang med å kartlegge eigne utslepp.
Tema:
Kvifor treng bedrifta di eit klimarekneskap?
Korleis bruke klimarekneskapet?
Tips og triks til å sette opp klimarekneskap
Webinaret er gratis og lukka for våre medlemsbedrifter.
Kort Forklart er ein webinar-serie, der Hub for Ocean sett søkelys på relevante tema for medlemsbedriftene. Tidlegare har vi hatt webinar om Linkedin.
Hei! Har du spørsmål om webinaret? Ta gjerne kontakt med meg.
Innflytningsfest på Hamnehuset
Kvar: 2. etasje i Hamnehuset, Fugleskjærgata 16
Når: 10. mai kl. 13:00 - 14:00
Velkommen til innflytningsfest i Hamnehuset i Florø! Nyt ei nysteikt svele eller 2 mens du blir kjent med huset og bedriftene som held til her. Har Hamnehuset Florø si finaste utsikt? Ta turen og bedøm sjølv! Vi kryssar fingrane for godt vêr så vi kan nytte den fine uteplassen i 2.etasje med nydeleg utsikt over byen.
Kven er invitert: Alle som ønskjer – gode samarbeidspartnarar, innbyggarar i Florø og alle andre nysgjerrige sjeler der ute.
Program
13:00 – 13:10: Velkommen – bli kjent med oss
13:10 – 14:00: Prat, sveler, kaffi og omvisning
Arrangør: BigFish, Hub for Ocean, Fjord Shipping, The Luxury Travel Designer, Florø Hamn, Fiskebas.
Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?
Workshop Florø U40
Kvar: Vesle Kinn, Strandgata 28
Når: 9. mai kl. 18:00 - 20:00
Korleis kan Florø og omegn bli endå meir attraktiv for tilbakeflyttarar, tilflyttarar og potensielle tilflyttarar under 40 år? Vi vil gjerne høyre dine meiningar om dette i ein workshop på Vesle Kinn 9. mai! Du kan vere med på å bestemme korleis dette unge nettverket kan utvikle seg, noko som er ein stor verdi både for deg, oss, dine vener, bekjente og området.
Saman med næringslivet har vi starta prosjektet FlorøU40 som er eit ungt nettverk for dei som bur og jobbar i Florø og omegn under 40 år. FlorøU40 har som mål å gjere Florø og omegn endå meir attraktivt og skape bulyst, fremme tilbakeflytting og tilflytting samt hindre utanforskap.
Korleis skal vi få dette til saman? Under workshopen håpar vi at vi får avdekka fleire gode idéar!
Bruk gjerne påmeldinga under:
Dørene opnar kl. 17.30; ei unik moglegheit for å mingle og knytte relasjonar før vi byrjar. Ser deg der!
Aksello - Kinn kommune - Kurs KF - Sparebanken Sogn og Fjordane og Eigedomsmekling - Norwell - Bravo Seafood - PwC - Hub for Ocean - Linja - Fjord Base - Vesle Kinn
Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?
Årsmøte 2023
Kvar: Knutholmen, Kalvåg
Når: 20. april kl. 08:00 - 09:00
Ifølge vedtektene skal vi avholde årsmøte i Hub for Ocean i april hvert år.
Årets møte er lagt til nettverkssamlinga vår, som blir på Knutholmen 19. og 20. april. Håper å se mange av dere her!
Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til årsmøtet?
Nettverkssamling 2023
Når: 19 - 20. april 2023
Kor: Kalvåg
Bli oppdatert og bygge nettverk på ei og same tid? «Ja takk!», tenkjer vi! Difor har vi gleda av å invitere deg til Nettverkssamling 2023 i Kalvåg den 19 – 20. april.
Nye moglegheiter på Vestlandet
Kva røyrer seg i maritim næring framover? Kva leverandørmoglegheiter er der ute for bedriftene? Kva vil påverke verksemda di? Vi har samla relevante foredragshaldarar som skal svare på dette under årets nettverkssamling!
På kvelden 19. april serverar fantastiske Knutholmen 3 – retters meny basert på ferske råvarer frå havet. Råvarene er tilgjengeleg rett utafor døra, sprell levande i det du set deg til bords.
Hugs å bestille overnatting dersom du treng dette. Vi har ein avtale med Knutholmen om rabatterte prisar på overnatting, bruk rabattkoden «HFO» ved bestilling på deira nettsider.
-
Det er fleire flyavgangar frå Oslo/ Bergen til Florø som korresponderer med båt. Frå Florø kan man ta båt til Smørhamn (ein halvtimes reise). Det står buss på kaia i Smørhamn som tar deg vidare til Knutholmen.
Båtavgangar frå Florø:
Kystvegekspressen kl. 08.30 – 08.57
Norled kl. 11.30 – 12.00
Kystvegekspressen kl. 16.05 – 16.37
Båtavgangar frå Smørhamn:
Kystvegekspressen kl. 06.00 – 06.32
Norled kl. 08.05 – 08.35
Kystvegekspressen kl. 11.15 – 11.50
Norled kl. 16.30 – 17.00
Program
Onsdag 19. april
12.15 – 12.45 Registrering og enkel lunsj servering
12.45 – 12.50 Velkommen
12.55 – 13.05 Status, Hub for Ocean ved Kristin Svardal
13.05 – 13.15 Norsk Industri ved Kristoffer Rolland - fagsjef maritim bransjeforening/ havbruksleverandørene
13.20 – 13.45 Samarbeid og symbiose for eit grønare vestland, Grøn Region Vestland ved Tor Martin Misund
13.45 – 13.55 Spørsmål
14.00 – 14.15 Hydrogen brenselcelle-system til skipsfart, Helinor Energy ved Stian Antonsen og Elling Helvig
14.15 – 14.30 Bli kjent
14.30 – 14.45 Pause
Moglegheitsbiletet Stadt Skipstunnel
14.45 – 15.00 Status på prosjekt og marknad, Kystverket ved Sveinung Nedregotten
15.00 – 15.15 Posisjonering for underleveransar, Stad Vekst ved Synnøve Aabrekk
15.20 – 15.25 Spørsmål
15.25 – 15.40 Pause
Bli kjent på 7 minutt
15.40 – 16.10 Bli kjent med nokre av medlemsbedriftene våre: Dimeq, Arez, Vestland SeaService og Novaform
16.10 – 16.15 Oppsummering av dagen
16.15 – 17.30 Innsjekk
17.30 – 19.30 Nettverksbygging med buavandring, sildesmaking og lokalt øl.
19.30 Tre retters middag på fantastiske Knutholmen
Torsdag 20. april
08.15 – 09.15 Årsmøte for medlemmar i Hub for Ocean
08.45 – 09.15 Kaffe og nettverking
09.15 – 09.20 Velkommen
09.20 – 09.30 Kvifor sirkulærøkonomi er relevant for DI virksomheit?, styreleiar i Hub for Ocean ved Cecilie Hatlebrekke
09.35 – 09.40 Symbiose Fjordane, Hub for Ocean ved Stein Kvalsund
09.45 – 10.05 Nytte avfallsstraumar i ny forretningsmessig verksemd, Sirkulære Høyanger ved daglig leder Ingrid Heggø Høyanger Næringsutvikling
10.05 – 10.25 Pause
10.25 – 10.35 Finansiell kraft til å realisere grøn omstilling i Vestland(-et), Sparebanken Sogn og Fjordane ved Roy Stian Farsund
10.40 – 10.55 Elkem Bremanger ved verkssjef Arne Werge-Olsen
11.00 – 11.10 Livsløpsanalyser og berekraftsrapportering - kva er nyttig å vite? Vestlandsforsking ved Fredrik Moltu Johnsen
11.15 – 11.45 Debatt “realisering av nye forretningsmoglegheiter innan sirkulærøkonomi” - Ein dialog mellom verkemiddelapparatet og privat kapital representert ved Innovasjon Norge v/ Kristine Timberlid, Vestland fylkeskommune v/ Tor Martin Misund, Sparebanken Sogn og Fjordane v/Roy Stian Farsund og Norne Securities Investment Banking v/Ingrid Birknes.
11.45 – 13.15 Lunsj
13:15 – 13:30: Korleis jobbar NRK med nyhende og nyhendetips? NRK Vestland ved nyhendesjef Gro Ravnestad
13.35 – 13.50 Produksjon av grønn ammoniakk og regionalt sirkulært potensial, Fortescue Future Industries ved Thor Rovik
Nye marknadar innan verftsindustrien
13:50 – 14:05 Nye satsingsområde, Havyard Leirvik ved Anette Traa
14:05 – 14:15 Oppsummering og vel heim
Takk til våre sponsorar
Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?
Investormatch
Kvar: 7. etasje i NMK, Campus Ålesund, Borgundveien 340, Ålesund.
Når: 29. mars 2023 09:00 - 16:00
ÅKP og Nordea har, saman med samarbeidspartnarar Converto, BDO og Alliance Venture Capital, etablert ein møteplass for investorer og rå vekstselskaper. Eit av måla er å kople investormiljø med innovative vekstbedrifter som søker kapital. I tillegg skal arrangementet inspirere, motivere og sørge for eit utvida nettverk.
I år har Investormatch spissare utgangspunkt fordi arrangementet framover vil i større grad rette seg mot rakstveksande, etablerte bedrifter. Investormatch har hatt stor suksess og nytt fra i år skal møteplassen arrangerast to ganger i året for å imøtekomme kundane sitt behov.
Digital prosjektverkstad
Kvar: Digitalt
Når: 15. mars kl. 10 - 15
Prosjektverkstaden er eit tilbod til aktørar i Vestland som vil lære meir om å strukturere og planlegge eit forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv eller i offentleg sektor. I forkant av prosjektverkstaden vil det vere eit kort informasjonsmøte om moglegheiter for finansiering av FoU-prosjekt.
Kurset vil vere nyttig ved søknader til Regionalt forskingsfond Vestland eller Forskingsrådet.
Prosjektverkstaden består av to delar; sjølve kurset og eit tilbod om individuell samtale med ein rådgjevar.
Del 1 Kurs: Gjennom eksempel lærer du om korleis få fram kva sentrale oppgåver prosjektet skal løyse og korleis planlegge arbeidet. Du vil få råd om korleis strukturere opp eit prosjekt.
Del 2 Individuell samtale: Har verksemda di ein konkret prosjektidé du vil diskutere og ønskjer råd og rettleiing om? Vi stiller med rådgjevarar med god kompetanse på forskings- og innovasjonsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor. Meld frå i påmeldingsskjemaet for å avtale eit slikt møte. Andre som skal delta i prosjektet kan også vere med i desse møta.
Velkommen!
Maritim sektor inkluderes i EU ETS, hva betyr det?
Kvar: Webinar
Når: 17. februar kl. 10:00 - 10:40
I desember ble EUs lovgivere enige om viktige endringer i energi- og klimarammeverket som vil gjøre det kompatibelt med «fit for 55-pakken». Endringene vil være med og sikre at EU når sitt 2030 utslippsmål på minst 55% reduksjon sammenlignet med 1990-nivå.
En viktig del er EUs kvotehandelssystem EU ETS, som i dag dekker store punktutslipp fra fossilkraft og fra tungindustri, samt intra-Europeisk luftfart. Fra 2024 vil skipsfart fases inn. EU ETS har vært operativt siden 2005 og i dette webinaret vil Greenfact presentere hvordan kvotehandelssystemet fungerer, prisutviklingen/hva som styrer prisdynamikken, og hvordan innfasing av maritime utslipp vil påvirke EU ETS.
Arrangør er Ocean Hyway Cluster, bidragsyter fra Greenfact er Anders Nordeng, Senior Carbon Market Analyst.
17 februar, kl. 10.00 - 10.40.
Deltagelse: Ingen påmelding nødvendig, direktelenke til Teams finner du her.
Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?
Kort forklart: LinkedIn
Når: 8. februar 09:00 - 09:30
Dette arrangementet blei utsatt frå 24.01 grunna sjukdom.
Kvar: Digitalt
Tenkjer du at LinkedIn berre er for jobbsøkarar? LinkedIn er så mykje meir! Det er verdens største profesjonelle nettverk med heile 1,19 millionar brukarar i Noreg. Trass mange brukarar manglar LinkedIn innhald. Det kan du bruke til din fordel.
På dette korte webinaret delar Hub for Ocean sine beste tips for at du skal lykkast på LinkedIn som bedrift og privatperson. Det heile blir krydra med døme frå den maritime næringa på Vestlandet.
Tema
Korleis fungerar LinkedIn?
Kvifor burde både bedrifta di og du som privatperson vere synleg på LinkedIn?
Tips og triks
Webinaret er gratis og lukka for våre medlemsbedrifter. Jo fleire tilsette som engasjerer seg på LinkedIn, jo fleire potensielle kunder kan du nå. Vi oppfordrar alle delar av bedrifta til å delta på dette grunnleggande webinaret.
Hei!
Har du spørsmål om webinaret eller LinkedIn? Ta gjerne kontakt med meg.
Framtidsfylket Karrieremesse
Kvar: Grieghallen, Bergen
Når: 1. Februar kl. 17.00 - 21.00
Er du nysgjerrig på arbeidslivet i Vestland? Då skal du ta turen på Framtidsfylket sine karrieremesser. Møt ein av landets mest varierte, ambisiøse og grøne arbeidsregion: Næringslivet i Distrikts-Vestland!
Hub for Ocean stiller med stand på årets karrieremesse, og tar med seg ledige stillingar frå vår medlemsmasse. Håpar vi sjåast der!
Hei! Har du spørsmål eller kommentarar?
Leverandørdag Havvind - Equinor
Når: 31. Januar 2023 kl. 09:00 - 15:00
Kvar: Florø kulturhus (Markegata 51, 6906 Florø)
Hub for Ocean og Equinor arrangerar leverandørdag innan havvind i Florø tirsdag 31. januar, der bedrifter kan møte sentrale personar i Equinor si leiing for informasjon og dialog.
Her får du ein unik mulighet til å få 1 - 1 møter med Equinor, ein av dei ledande aktørane innan havvind. Meld deg på snarast for å sikre deg eit møte!
Leverandørdag for havvind er gratis og open for alle bedrifter, påmelding finn du under.
Program
09:00: Velkommen
09:05 – 09:10: Safety Moment - Per Arne Traa, Equinor
09:10 – 09:20: Regionale aktører og satsing havvind - Stein Kvalsund, Hub for Ocean
09:20 – 09:50: Equinor’s satsing på havvind i Norge, planlagte og mulige feltutbygginger - Daniel Rogstad, Equinor
09:50 – 10:10: Tekniske konsepter og løsninger innen havvind - Grete Hexeberg, Equinor
10:10 – 10:30: Drift og vedlikehold havvind - Per Arne Traa, Equinor
10:30 – 10:45: Pause
10:45 – 11:15: Kontrakt og kontraktsstrategier - Grete Hexeberg, Equinor
11:15 – 11:30: Avslutte plenumsprogram med QA
11:30 – 12:00: Lunsj og mingling
12:00 – 15:00: En til en møter – påmelding
15:00 Slutt