Hub for Future - Workshop
Når: 7. november 2024
Kor: Hellenes Yards i Førde (4. etasje, på Campus Verftet)
Arrangementet har endra form! Vi inviterer til ein workshop 7.november frå kl.09:00 med fleire av foredragshalderane.
Er du interessert i å delta? Bestill billett via knappen under
Velkommen til Hub for Future - workshop!
Deling av ressursar og bi-produkt kan skape omfattande industrielle ringverknadar, der samarbeid mellom ulike næringar fremjar effektiv ressursutnytting, reduserer avfallsstraumane og skaper nye verdiar. Slike synergier kan bidra til både økonomisk vekst og miljømessig berekraft. Dette samspelet fungerer som eit økosystem, der avfall eller overskuddsmateriale frå éi verksemd vert råvare eller energi for ei anna. Målet er å minimere avfall, redusere ressursforbruk og kutte kostnader, samtidig som det skapast nye forretningsmoglegheiter. Prinsippet om deling av ressursar og bi-produkt fremjar både ei meir berekraftig utvikling og er eit viktig verktøy for å redusere karbonavtrykk og miljøbelastning i industrien.
Vi inviterer til Hellenes Yards sine nye, topp moderne konferanselokaler på verftet, med panoramautsikt over Førdefjorden.
Program
Torsdag 7. november
08.30 Kaffi
09.00 Velkommen til Hellenes Yard
- Anders Haugen
09:10 Introduksjon til dagen
- Hub for Ocean, Stein Kvalsund
09:20 Grøn region Vestland - samlingsplass og drivkraft for omstilling
- Vestland Fylkeskommune, Tor Martin Misund
09:35 Innovasjon Norge sin virkemiddelstruktur frå eit strategisk overordna og operativ nivå innan berekraft og sirkulær bioøkonomi
- Innovasjon Norge: Leif Inge Husabø og Rune Henjesand
- Emilia Brenna Rustad(Bionova)
10:05 Pause
10:20 Mission Zero
- Sunnfjord Kommune, Ole John Østenstad
10:40 Frå restmasse til nye ressursar
- Nordic Mining, Kenneth Nakken Angedal
11:00 Korleis legg Fjord Base til rette for at det kan etablerast sirkulære verdikjeder mellom relevante aktørar
- Fjord Base, Niclas Forsberg
11:15 Pause
11:30 Symbiose mellom hydrogenproduksjon og havbruk
- Havlandet, Frode Kupen
- HYDS / HyFuel, Are Opstad Sæbø
11:50 Lunsj
12:30 Verktøy verkemiddelaktørane har tilgjengeleg for å stimulere overgangen til sirkulærøkonomi, berekraftige og sirkulære verdikjeder utover finansiell støtte
- Vestland Fylkeskommune, Tor Martin Misund
- Innovasjon Norge, Leif Inge Husabø
13:00 Samarbeidsøkt / workshop:
Kristiske faktorer og barrierer for realisering av sirkulære verdikjeder og industriell symbiose
13:45 Pause
14:00 Samarbeidsøkta/workshop oppsumerast i plenum
14:30 Takk for i dag
14:40 Omvisning og orientering - Renasys
(Denne økta er valfri å delta på).
Samarbeidspartnar
Sponsorar
Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til arrangementet?
Ta gjerne kontakt!
Karoline J Vågsholm
Kommunikasjonsansvarleg
+47 920 55 369
E-post