Når: 10 - 11 april 2024
Kor: Quality Hotel Florø
Samskaping i nye verdikjeder
Velkommen til vår yngleplass Hub for Future i april. Vi står midt i den grøne omstillinga og sentrale aktørar i nettverket vårt deler sitt framtidige utviklingsperspektiv for vår region.
Vi har gleden av å presentere eit spennande program der vi rettar fokus mot tema:
Industriutvikling og “krafttak” for framtida
Nye spennande leverandørmoglegheiter
På ettermiddagen 10. april inviterer vi dere med på ekskursjon til Westcon Yards Florø, ei framoverlent verksemd som skapar nye forretningsmoglegheiter i nye marknader. Her får dere også ein liten “smak” av Florø. Turen går videre til Bryggekanten restaurant for mingling og networking og vi kan glede oss til ei kulinarisk oppleving med tre- rettars middag basert på lokale råvarer og noko godt i glaset!
Treng du overnatting i Florø? Bestill direkte på Quality Hotel Florø eller Comfort Hotel Florø (begge ligg i sentrum). Alternativ Kinn Hotell (ca. 1,5 km frå sentrum).
Program
Onsdag 10. april
12.00 Registrering og enkel lunsj
12.30 Velkommen v/ordførar Bengt Solheim- Olsen, Kinn kommune.
12.40 Samskaping i nye verdikjeder, Hub for Ocean v/Kristin Svardal, CEO.
INDUSTRIUTVIKLING OG “KRAFTTAK” FOR FRAMTIDA
12.50 Vestland som utviklingsaktør - Energisituasjon og rammevilkår for næringsutvikling. Vestland fylkeskommune v/Bård Sandal, avdelingsdirektør næring, plan og innovasjon.
13.10 Korleis handtere morgondagens energibehov? SFE sine moglegheiter for å løfte meir fornybar energi i regionen. SFE v/Knut Arild Flatjord, konsernsjef.
13.30 "Mingling” - beinstrekk
13.50 Korleis sikrar vi grøn energi til «alle» industriprosjekt planlagt i Vestland. Eviny v/ Sonja Chirico Indrebø, Adm direktør i Eviny fornybar.
14.20 Paneldiskusjon - Energiforsyning og realisering av grøne industriprosjekt. Bård Sandal i Vestland Fylkeskommune i dialog med Knut Arild Flatjord i SFE, Sonja Chirico Indrebø i Eviny og Ole Schanke Eikum i Fjord Base Holding.
14.40 Pause
15.00 Energiforsyning og konkurransekraft
Nye energikilder. Havkraft v/Geir Arne Solheim, CEO.
Energiefffektivisering - Varmepumpe og energilagring. Enerin v/Trond Atle Asphjell, COO.
Frå fossilt til industri 2.0. Fortescue v/Karina Lavik, Senior Communities Advisor.
Refleksjon rundt framtida - Dialog med Havkraft, Enerin og Fortescue, leia av Stein Kvalsund, COO i Hub for Ocean.
16.00 Oppsummering av dagen
16.10 – 17.30 Innsjekk
17.30 – 19.30 Bedriftsbesøk på Westcon Yard Florø og ein “smak” av Florø. (Laks frå Svanøy, Havblikk frå Kinn bryggeri ev. glutenfri… og Eplejuice frå Balholm i Balestrand)
19.30 Tre-retters middag med noko godt i glaset på Bryggekanten restaurant. (-Blomkålkremsuppe, heimespeka pancetta, ramsløk,rotchips. – Posjert torsk frå Havlandet i Florø, grilla løk, gulrot,pastinakkpure, blåskjellsaus, småpotet.-Pasjonsfruktmousse,bringebærmarengs,coulis. To enheter drikke til maten)
Torsdag 11.april
08.30 Kaffi
09.00 Velkommen
09.05 Nyheiter frå nettverket - gründerbedrifter med spennande teknologiske løysingar og kva skjer hos Hellenes?
Havtech v/Ann Kathrin Haarklau, sals- og marknadssjef
Keelspot v/Jon Runar Heggeleund, Head og Customer Sucsess
Hellenes Bio v/Øyvind Hellenes, forretningsutviklar
NYE LEVERANDØRMOGLEGHEITER
- Behov for samarbeidspartar i samband med framtidig marknadsutvikling
09.45 «Strategisk samarbeid – kva krevjast for å lukkast» v/Forsvaret/FFI, KONGSBERG (KNS) og Westcon Yards Florø.
10.15 Pause
10.35 Havyard Leirvik v/Anette Traa, HR/QHSE leiar.
10.55 Fortescue v/Svein Hansen, Manager Operational Readiness.
11.15 “Sofaprat” - Samanfallande verdikjeder. Stein Kvalsund, COO i Hub for Ocean i dialog med Havyard Leirvik, KNS/Westcon Yards Florø og Fortescue.
11.30 Speeddate - Industrielle leveransar
Kva moglegheiter ligg i nye kontraktar og nye prosjekt?
Forsvaret og KNS og Westcon Yards Florø.
Havyard Leirvik v/Anette Traa, HR/QHSE leiar
Fortescue v/Karina Lavik, Senior Communities Advisor og Svein Hansen, Manager Operational Readiness.
12.25 Oppsummering og vel heim
12.30 Avslutning med 2- rettars lunsj (Langtidssteikt pigwings, rotfrukter, sjysaus, mandelpotetpure og rømmepudding med rømme frå Røros og marinerte bær)