Tilbake til alle arrangementer

Teamsmøte - 6 millionar til FoU

Når: 08.februar frå kl. 1230 - 1330
Kor:
Digitalt på Teams kl. 1230 - 1330

FORREGION Vestland inviterar til opent informasjonsmøte om nye moglegheiter for støtte til forsking.

Ettersom Regionale forskingsfond er avvikla vil FORREGION Vestland styrke satsinga på næringsretta forsking med 6 millionar kroner til:

  • FoU – forprosjekt

  • Ordninga «forskar til låns»

  • Hospitering i forskingsmiljø

  • Støtte til FoU-møte

Tilbodet om kompetansemekling er også forsterka som ei gratis rådgiving for bedrifter.

Målgruppe for ordninga er bedrifter som ikkje tidlegare har vore ansvarleg for større forskingsprosjekt og det er krav om å samarbeide med FoU-organisasjon. På lanseringsmøte blir det informasjon om støtteordningane og korleis de kan søkje. Det blir også ope for spørsmål og kommentarar.

Påmelding innan 07. februar her.

Vestland har eit næringsliv med sterk oljeavhengigheit. Vi har ein maritim tradisjon og mykje kompetanse innan heile feltet av havnæringar. Vi har eit landbruk særleg utsett for klimaendringar. Vi har sterke industritradisjonar der det er potensial og behov for meir berekraftig omstilling. Prosjekt med støtte frå FORREGION må bidra til berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft eller klimaomstilling i Vestland fylke. Vi treng ny kunnskap for å løyse utfordringane vi står ovanfor.


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til arrangementet? Ta gjerne kontakt!

Siri L. Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

Forrige
Forrige
4. januar

Webinar - EUs Hydrogen Calls 2024

Neste
Neste
13. februar

Framtidsfylket Karrieremesse