Tilbake til alle arrangementer

Skriveverkstad for SkatteFUNN

Kvar: Florø
Når:
3. august frå 10:00 - 12:30
Pris:
Gratis


Har bedrifta di planar om å utvikle eit nytt produkt, teneste eller produksjonsprosess? Lurer du på om SkatteFUNN er noko for di bedrift, eller er du i gang med ein søknad?

Du er velkommen til skriveverkstad for SkatteFUNN i Florø 3. august! Med SkatteFUNN får du heile 19% skattefrådrag av prosjektkostnadane.

Agenda

  • 10:00-10:45 Kva er SkatteFUNN og korleis di bedrift kan nytte dette verkemiddelet.

  • 10:45-11:00 Kaffipause 

  • 11.00- 12:30 Skriveverkstad

Ta gjerne med søknader som er under arbeid, og/eller prosjekter som de tenker kan vere relevante for SkatteFUNN ordninga. Kurshaldar Merete Lunde vi gå gjennom gode råd for søknadsskriving, samt komme med direkte råd til dykkar søknad. 

Skriveverkstaden er gratis. Det er avgrensa plasser på kurset så vi anbefaler tidleg påmelding for å sikre deg plass. 

Kva er SkatteFUNN?

SkatteFUNN (Skattefradrag for forsking og Utvikling i et Nyskapende Næringsliv) gir bedrifter rett til å føre frådrag over skattemeldinga for utgifter til FoU-prosjekter. Ordninga vert administrert av Norges forskningsråd, i samarbeid med Skatteetaten.

SkatteFUNN er en rettighetsbasert finansieringsordning som skal motivere fleire bedrifter til å drive med forsking og utvikling. Det at ordninga er rettighetsbasert, betyr at det ikkje er ein konkurranse, men at dette er støtte din bedrift har rett på om dykk oppfyller vilkåra for å mottek SkatteFUNN.

For å få ei godkjenning må prosjektet oppfylle krava for å bli definert som FoU i samsvar til skatteloven.

SkatteFUNN er altså ei ordning for å få skattefrådrag og har til hensikt å risikoavlaste bedrifter som har eit FoU-prosjekt der målet er å utvikle ei ny eller betre vare, teneste eller produksjonsprosess. Ordninga gir bedrifter moglegheit til å føre frådrag for 19 % av utgiftene i eit forskings- og utviklingsprosjekt.

Alle søknadar som sendast inn før 1. september er garantert å bli ferdigbehandla same år. Det inneberer at du kan får frådrag for prosjektkostnader påløpt i søknadsåret.

Du kan melde deg på her.


Hei!

Lurar du på noko om skriveverkstaden? Du er meir enn velkommen til å ta kontakt med kurshaldar Merete Lunde: melu@forskningsradet.no

Forrige
Forrige
6. juli

Sommartreffet 2023

Neste
Neste
5. september

Digital prosjektverkstad - Vestland