Tilbake til alle arrangementer
Noreg har store ambisjonar for omstillinga av skipsfarten til lågutsleppssamfunnet. Stortinget har blant anna vedteke at alle offshorefartøy som er i teneste for oljeindustrien skal vere utsleppsfrie innan 2029. Enova har som mål å bidra til å realisere dei første fungerande verdikjedene for hydrogen og ammoniakk som drivstoff i maritim sektor innan 2030.
Med Enova si satsing mot hydrogen og ammoniakk i maritim sektor byggjer vi grunnmuren for den større omstillinga i sektoren. Det er avgjerande at vi lukkast, og at vi startar no, seier Sigmund Ø. Størset, måleansvarleg for hydrogen i Enova.
Bli med på ein spennande fagdag der vi ser nærare på kva som skjer innan både bruk av nullutsleppsteknologi i fartøy og produksjon av hydrogen til maritim transport. Og ikkje minst, få med deg debatten rundt dette temaet.
Tema
Nye prosjekt innan hydrogen
Kva gjer eigentleg dei som går føre?
Kva gjer Enova no og framover i satsinga?
Paneldebatt "Kan vi klare det?", med statssekretær Sigrun Aasland
Detaljert agenda med talarar kjem noko seinare.