Tilbake til alle arrangementer

One Ocean Week: Saman om sirkularitet i sjømatnæringa

  • Vestlandshuset Lars Hilles gate 22 5008 Bergen Norge (kart)

Under One Ocean Week 2025 inviterer Vestland fylkeskommune til arrangementet Saman om sirkularitet i sjømatnæringa.

Vi har snakka om sirkularitet i sjømatnæringa i 20 år – kva er eigentleg status, og korleis kan vi ta eit steg vidare? Korleis kan vi omsette forsking og utvikling til praktiske løysingar?

Fyrste del av dagen gir prosjektleiarar og -deltakarar innblikk i konkrete prosjekt frå Vestland fylkeskommune si tilskotsordning Berekraftig verdiskaping, samt satsingane FORREGION og Grøn region Vestland.

  • Kompakt produksjon av olje og mel fra laks
    Clear Ocean AS – Stig Randal

  • From fishwaste to Jetfuel
    Fjell Technology Group AS – Halvard Madsen

  • Forprosjekt for kartlegging av mulighetsrom for grønn næringsutvikling i fiskeri- og havbruksnæringer
    Måløy Vekst AS & Hub for Ocean - Ingeborg Skrefsrud

  • Symbiose Fjordane - Blått avfall, grøn ressurs
    Hub for Ocean – Stein Kvalsund

  • Hindrer salt sirkulære verdikjeder i havbruk?
    The Seafood Innovation Cluster – Elise Sæle Dahle

  • Biokull produsert på slam fra matfisk kan benyttes i dyrkningsmedium
    Toppe gartneri – Jørn Erik Toppe

  • Industriell symbiose fra landbasert oppdrett
    The Seafood Innovation Cluster – Elise Sæle Dahle

Vidare følgjer ei panelsamtale om korleis vi kan få til meir sirkularitet i sjømatnæringa, med deltakarane:

  • NORCE v/ Hans Kleivdal

  • Sjømat Norge v/ Krister Hoaas

  • NCE Seafood Innovation v/ Solveig Holm

  • WWF v/ Fredrik Myhre

Etter ein enkel lunsj blir det:

  • Lansering av dashboard for marine verdikjeder - Vestland fylkeskommune v/ Lene Borgen Waage

  • Presentasjon av rapport om måleverktøy for sirkulærøkonomi i sjømatnæringa - NORCE v/ Renée Bechmann

  • Diskusjon om vegen vidare

Du kan melde deg på heile dagen eller velje å delta før eller etter lunsj (kl. 9–12 eller 12–14).

Praktisk informasjon


Har du spørsmål om vår deltaking på arrangementet? Ta gjerne kontakt!

Ingeborg Skrefsrud

Prosjektleiar sirkulære verdikjeder
+47 480 36 688
E-post

LinkedIn

Forrige
Forrige
18. februar

Framtidsfylket karrieremesse 2025

Neste
Neste
23. april

Hub for Future