Tilbake til alle arrangementer

UTSATT: Tussa IKT - Sikkerheit til frukost

Frukostmøte til Tussa IKT vert utsatt til hausten


På frukostmøtet får du eit innblikk i kva trugslar små og store bedrifter står ovanfor i dag og i nær framtid, og kva bedriftene kan gjere for å unngå å bli offer for cyberangrep.

Vi får besøk av Geir Raudøy-Olsen, etterretningsleiar i Vest politidistrikt, som tek oss gjennom politiet si vurdering av kva som er og kan bli alvorlege kriminalitetstrugslar mot IKT-sikkerheit og digital infrastruktur.

Trugselbiletet endrar seg heile tida, og i dag er små bedrifter like utsett for cyberangrep som store. Tussa IKT gir oss ein gjennomgang av utvikling og trendar innen cybersikkerheit, og korleis bedrifter enkelt kan sikre sine eigne data.

Vel møtt!

Program: 

08:00 - Oppmøte og frukost

08:30 - Tussa IKT - eit leiande IT-selskap på Vestlandet, v/ Norodd Dyrhovden i Tussa IKT

08:50 - Morgondagens digitale trugslar v/ Geir Raudøy-Olsen, etterretningsleiar i Vest Politidistrikt

09:10 - Utvikling og trendar innan digital sikkerheit v/ Hallvard Almestad i Tussa IKT

Forrige
Forrige
3. mai

Vårtreff i Måløy

Neste
Neste
17. juni

SkatteFUNN kurs på Skei