Tilbake til alle arrangementer

SkatteFUNN kurs på Skei

Når: 17. Juni kl. 10:00 - 15:00
Kor: Thon Hotell, Jølster

Har bedrifta di planar om å utvikle eit nytt produkt, teneste eller produksjonsprosess? Lurer du på om SkatteFUNN er noko for di bedrift, eller er du i gang med ein søknad? Kom på SkatteFUNN-kurset på Skei 17. juni. Med SkatteFUNN får du 19% skattefrådrag av prosjektkostnadane.

På kurset får du informasjon om kva bedrifta kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet. Du får høyre frå bedrifter som fortel om sine innovasjonsprosjekt og erfaringar med SkatteFUNN.

Det blir ei økt der du kan jobbe med prosjektsøknaden og ha møter med rådgjevarar frå Forskingsrådet som til dagleg behandlar SkatteFUNN-søknadar. Rådgjevarar frå Innovasjon Noreg er også tilgjengelege for ein prat om prosjekt og andre støtteordningar.

Forrige
Forrige
8. juni

UTSATT: Tussa IKT - Sikkerheit til frukost

Neste
Neste
21. juni

Digital prosjektverkstad