Vårtreff i HAFS

Onsdag 9. Mars arrangerte Hub for Ocean Vårtreff i HAFS. 19 personar frå medlemsbedrifter og samarbeidspartnarar samla seg i Akvahub sine lokalar i Leirvik for å bli oppdatert om kva som skjer i havrommet.

Dagleg leiar i Hub for Ocean, Stein Kvalsund, starta vårtreffet med ein introduksjon av Hub for Ocean og aktiviteten framover i 2022 før Mark Purkis tok over talarstolen for å presentere programmet vårt Havrom 2050 og kva vi kan tilby våre medlemsbedrifter gjennom ressurspakke og workshop. Havrom 2050 er eit program som skal bistå den maritime industrien i overgangen til ei berekraftig framtid.

 
 

I denne settinga var det lagt opp til ein runde rundt bordet der vi ønska å få innspel frå medlemmane våre om kva dei ønsker vi som organisasjon skal fokusere på framover og fekk gode innspel her som vi tar med oss vidare. Det var også veldig kjekt å få ei kort introduksjon og status på Bulandet Miljøfisk sitt oppdrettsanlegg på land som er i gang med bygging ute på Bulandet.

Å endeleg møte folk igjen utanfor den firkanta skjermen er noko som har vore sårt ettertrakta for oss tilsette i Hub for Ocean og det verkar som om det er noko som bedriftene også har sakna. Fysiske samlingar gir oss ein arena for småprat og mingling, men også gode tankar og idear som ein kan jobbe med vidare og skape moglegheiter for våre medlemsbedrifter.

 
 

Fleire møteplassar framover

Vi har allereie arrangert Vårtreff i Florø, Førde og HAFS i år og vi kjem snart med invitasjon til Vårtreff i Måløy til medlemsbedrifter i Måløy-området.

Dersom de har noko på hjartet er døra til kontoret vårt i Strandgata 52 alltid open, kom gjerne innom for ein prat og ein kopp kaffi.


Spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no

Linkedin

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Selstad og Inter Notservice inngår samarbeid

Neste
Neste

Havyard Leirvik landar stor ombyggingskontrakt