Havyard Leirvik landar stor ombyggingskontrakt

Havyard Leirvik har signert kontrakt for elektrifisering av ferga MF Ibestad for fergerederiet Norled. Ferga skal byggast om til elektrisk drift med hybridkapasitet og skal inn på sambandet Svensby- Breivikeidet over Ullsfjorden i Troms.

I tråd med det grøne skiftet, skal MF Ibestad skal byggast om frå diesel- mekanisk framdrift til elektrisk framdrift med batteri og lading frå land. Den skal også ha moglegheit til å gå med dieselaggregat over lengre avstandar der ein ikkje kan lade frå land. Systemet skal leverast av SEAM, og oppstart av prosjektet ved verftet er satt til 01.08.2022. Det skal byggjast batterirom, og dagens to diesel motorar skal erstattast av elektriske motorar for drift av propellane.

 

Foto: Håvard Breidvik

 

Kontrakten er viktig, og underbyggjer verftet sin posisjon som ein sterk aktør innan verftsnæringa for hybridiseringar og ombyggingar. Frå før av har Havyard Leirvik lang tradisjon for å levere godt på nybygg og har også levert 13 nybygg med hybridløysingar. Med det til grunn, er grunnlaget til stades for å levere godt på denne typen oppdrag.

Ifølge Salssjef for Havyard Leirvik, Silje Smådal, ser ein no ein god auke i etterspørselen på både dokk og kai arbeid ved verftet, men også for større prosjekt med noko lengre tidsperspektiv.

Det er gledeleg at ein har klart å oppretthalde status som eit godt nybyggingsverft, samstundes som ein har etablert seg i service- og ombyggingsmarknaden. Vi ser at våre tenester vert viktige i det grøne skiftet, og med vår historikk innan elektrifiseringar, så har vi gode erfaringar å bygge vidare på. Denne kontrakten er for oss endå ein stadfesting på at vi har den rette kompetansen til stades, seier Silje Smådal. 

Det er veldig gledeleg at Norled vel Havyard Leirvik som verft for hybridisering av MF Ibestad. Me er avhengig av gode og krevjande kundar for å utvikle oss. Norled har vore kunde hos oss på service og vedlikehald, og har gitt oss impulsar som har vore med på å utvikle verftet i denne marknaden. Me ser derfor fram til å ha eit større prosjekt i lag med dei, seier Administrerande Direktør Tor Leif Mongstad 

Vidare seier Mongstad, at vi er umåteleg glad for å kunne melde til våre dyktige medarbeidarar at vi har inngått ein kontrakt som gir arbeid året ut. Verftet er inne i ein god trend med mykje ordrar på service og vedlikehald, og med to større prosjekt i ordreboka har vi sikra over halvparten av budsjettert produksjon berre i løpet av to månader.

Havyard Leirvik er ei hjørnesteinsbedrift i området og mange har nære tilknytingar til verftet enten ved å vere direkte tilsett eller gjennom andre familiære eller profesjonelle relasjonar. Det er derfor viktig å skape ei tryggheit for aktiviteten og vise at vi er konkurransedyktige i ein krevjande marknad.


Spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no

Linkedin

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vårtreff i HAFS

Neste
Neste

Fjord 1 etablerer sentrallager hos Westcon Yards Florø