Selstad og Inter Notservice inngår samarbeid

Selstad inngår samarbeid med det nyoppstarta notbøteriet, Inter Notservice, på Hestøya i Herøy. Dermed kan selskapa tilby betre service, stort produktspekter og kortare leveringstider langs Helgelandskysten.

Dagleg leiar for Inter Notservice, Odd Gunnar Endresen, er fornøgd med oppstarten av servicestasjonen og samarbeidet som no er inngått med Selstad. Han fortel at Inter Notservice har eit stort nybygg med grunnflate på 2400 m2, eit tilhøyrande lagerbygg på 1700 m2 for lagring av reine posar og ei nybygd kai for mottak av brukte oppdrettsposar. 

Anlegget er straumlinjeforma og spesialbygga for utføring av service på oppdrettsposar, med eige renseanlegg som ikkje fører til utslepp av forureina prosessvann til det ytre miljø, forklarar Endresen. 

 
 

Totalleverandør av oppdrettsutstyr og service

I dag er der 20 tilsette ved servicestasjonen, og det nyoppstarta notbøteriet skal vere ein totalleverandør innan oppdrettsutstyr i samarbeid med Selstad.

Her vil vi drive med produksjon av nye posar, reparasjonar, sertifiseringar, vasking av oppdrettsposar og impregnering. I tillegg vil vi levere utstyr som blant anna fuglenett, fortøyningsutstyr, orkastnot, luseskjørt og anna utstyr, seier Selstad.

 
 

Selstad er ei familiebedrift med kjernevirksomhet innan havbruksutstyr og fiskereiskap. Med snart 70 år i drift leverer Selstad berekraftige løysingar som er basert på lang erfaring og kunnskap. CEO i Selstad, Hans Petter Selstad, gler seg også over samarbeidet dei no går inn i med Inter Notservice.

Teamet bak Inter Notservice har vore i bransjen i mange år. Dei har bevist si dyktigheit gjennom god kundeservice, design og produksjon av gode produkt. Her har dei investert i eit moderne notservice- og produksjonsanlegg med god kapasitet og rasjonelle prosessar. Vi i Selstad gler oss til samarbeidet med Inter Notservice.

God tilgjengelegheit og korte leveringstider

Gjennom servicestasjonen i Herøy vert Selstad representert på Helgelandskysten som er eit område med ein sterk akvakulturnæring.

For oss i Selstad er det viktig å kunne samarbeide med selskap med lang erfaring og godt omdømme i bransjen. Vi trur på at synergiar frå samarbeidet vil være positive for både Inter Notservice, Selstad og våre kundar. For kundane betyr dette betre service og utvida produktspekter, fortel Selstad.

Styreleiar i Inter Notservice, Jan Erik Jakobsen, ser positivt på å få med ein industriell samarbeidspartner på laget som styrker selskapet på mange områder.

Selstad har blant anna ferdige system og andre produkt som vi kan tilby i området slik som fortøyningskomponenter og fortøyningsanalyser. Dette vil gjere at vi har kort leveringstid på forbruksmateriell til våre kundar i oppdrettsnæringa, forklarar styreleiaren.

Vår ambisjon er å bli ein føretrekt leverandør av norskproduserte, kortreiste nøter og vere ein lett tilgjengeleg servicestasjon for akvakulturnæringen i Nord-Trøndelag og Nordland, oppsummerer Jakobsen.


Spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no

Linkedin

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ocean Electronics og Westronic slår seg saman

Neste
Neste

Vårtreff i HAFS