Inngår avtale om delingsressurs med INC gruppen

 

Skal vi lukkast med ny teknologi er samarbeid og nettverk viktige faktorar. Dette er bakgrunnen for at Hub for Ocean og INC Gruppen no inngår ein avtale om ein delingsressurs.


Helene Aamot arbeider i INC Gruppen som del av deira hydrogenteam. INC Gruppen på Fjord Base har saman med Sogn og Fjordane Energi (SFE) stifta selskapet Hyfuel, der dei også har ein samarbeidsavtale med Gasnor. Hyfuel skal eige, drifte og utvikle eit anlegg for hydrogenproduksjon. Helene si hovudoppgåve er knytt til denne etableringa. Dette er verdifull erfaring ho tar med seg når ho frå juni vil jobbe inntil 40 % i Hub for Ocean, nærare bestemt i vår klyngesatsing på hydrogen Ocean Hyway Cluster (OHC).

Erlend Toftesund, CEO i Saga Fjordbase AS, er tydeleg på at ny teknologi krev nye måtar å jobbe på og at auka samarbeid og bygging av nettverk blir ein nøkkel framover.

Frå venstre: Erlend Toftesund (Saga Fjordbase), Kristin Svardal (OHC), Helene Aamot (Saga Fjordbase og OHC), Geir Johannessen (INC Invest) og Stein Kvalsund (OHC)

Frå venstre: Erlend Toftesund (Saga Fjordbase), Kristin Svardal (OHC), Helene Aamot (Saga Fjordbase og OHC), Geir Johannessen (INC Invest) og Stein Kvalsund (OHC)

Stein Kvalsund skreiv i eit nyheitbrev at dei ønska å inngå ein delingsressurs med ei medlemsbedrift og dette ønska vi å vere med på! Helene sit på ein solid utdanningsbakgrunn med ein master i fornybar energi og kan både bidra inn til teamet hos OHC, men også lære mykje som vi kan nytte oss av i INC Gruppen.

Geir Johannessen, administrerande direktør i INC Invest er einig med Toftesund. Han viser til at det er mange ulike initiativ på hydrogenfronten og at vi må jobbe saman for å sikre at vi realiserer hydrogenproduksjon i Florø. Dette vil bidra verdiskaping og arbeidsplassar til kommunen.   

Delingsressursar er vinn-vinn for klynge og bedrift

Hub for Ocean har gode erfaringar med delingsressursar og har allereie ein liknande avtale med medlemsbedrifta Amon Maritime og prosjektutviklar Steinar Kostøl. Kristin Svardal, prosjektleiar i klynga, seier dette er del av ei planlagt styrking av den tekniske kompetansen og har trua på at denne avtalen vil gagne både klynga og INC Gruppen.

Vi har veldig gode erfaringar med liknande avtalar og meiner heilt klart det er ein vinn-vinn situasjon som fører til spin-off aktivitetar for begge partar.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Hub for Ocean utmerkar seg i «NILIV»-rapport

Neste
Neste

Proff Partner Florø utvidar lokale