Proff Partner Florø utvidar lokale

 

Proff Partner Florø starta opp i 1989 og er eit varehus som leverer produkt til både næringslivet og den private marknaden innan hus og hage. Dei har kundar innan landindustrien, olje- og skipsindustri og havbruksnæringa.

2021 05 Proff Partner.jpg

Dei siste åra har Proff Partner Florø opplevd jamnleg vekst. 2020 vart eit rekordår og starten på 2021 har vore god. No satsar dei og doblar butikklokala til 700 kvadratmeter for å blant anna dekke det auka lagerbehovet.

Fasaden mot sør vil bli av glass for å få plass til utstilling, der dei kan stille ut grasklipparar, trillebårer og andre varer. Tidlegare har dei sett fram utstilling utanfor butikken kvar morgon, dette slepp dei å gjere no. Innvendig blir det riving av veggar og utviding nordover med eit påbygg på to etasjar. Til tross for at det er mykje som gjenstår er utbygginga er godt i gang, og målet er å være ferdig i løpet av året.

Dersom du ønsker meir detaljar om utvidinga, kan du lese Firdaposten sin artikkel.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Inngår avtale om delingsressurs med INC gruppen

Neste
Neste

22 millionar til lading av hybridbåtar i Florøbassenget og Sognefjorden