Hub for Ocean utmerkar seg i «NILIV»-rapport
Artikkelen forfatta av forskarane Øyvind Heimset Larsen, Jon Gunnar Nesse og Ingjerd Skogseid drøftar korleis innovasjonsøkosystem, samarbeid i nettverk av ulike grupper av aktørar, kan vere til hjelp i stadutvikling. Over 50 intervju er gjort frå 2012 til 2020 med sentrale aktørar i utvalde nettverk i Sogn og Fjordane, der Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster er to av innovasjonsøkosystema som blir analysert. Konklusjonen er at systema må ha i seg «NILIV».
Kva er «NILIV»?
N: Nytte i nettverket og samfunnet rundt
I: Lansering av innovasjonar
L: Høg grad av legitimitet
I: Sterk institusjonell kapasitet
V: Elementa må vedvare for at dei berekraftige systema skal styrke stadutviklinga
Illustrasjon: Hub for Ocean
Bakgrunn
I nettverka forskarane har følgd over tid, har dei observert stadig utvikling og omstilling. Dei som overlever over tid, har lukkast med å bli funksjonelle innovasjonsøkosystem som synleg medverkar til stadutvikling. Dei nettverka som er undersøkt, har mange døme å vise til på at dei har sett preg på og utvikla både bygder og regionar. Forskarane sine resultat stemmer godt med MIT REAP (2020) sitt rammeverk for regional utvikling med vekt på interessentar, system og strategiar.
Resultat
I vurdering av status og funksjonalitet i innovasjonssystem scorar Hub for Ocean “svært godt” på alle punkt. Ein viktig del av at Hub for Ocean får ein så god score er at vi er gode på omstilling, har vedvarande aktivitet over tid og overlapping og informasjonsflyt mellom andre nettverk, som Ocean Hyway Cluster, utan at det blir konkurranse.
Tabell 7.2: Vurdering av status og funksjonalitet i åtte innovasjonssystem
Dersom du ønsker å lese heile rapporten, kan du finne den her:
Spørsmål eller kommentarar til saka?