Velkomen til lanseringa av Grøn region Vestland!
Fleire hundre næringslivsfolk, kommunar og andre vestlendingar med framtidstru har det siste halvåret bidrege til kartlegginga av meir enn 250 grøne innovasjonsprosjekt i Vestland fylke. Potensialet for utsleppskutt, verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar er stort. Vi vil gjerne fortelje deg meir om dette og få deg med på vegen mot det grø-ne skiftet i Vestland.
Vestland fylkeskommune kan no legge fram ei omfattande kartlegging av grøne initiativ i fylket saman med klare tilrådingar om prioriteringar, tiltak og kampar vi må vinne for å lukkast med desse. I tillegg til presentasjon av kunnskapsgrunnlaget, vil dei invitere til ein brei samtale med interessentar i offentleg sektor, akademia, forskingsmiljø, næringslivet og befolkninga elles om korleis vi skal jobbe saman for å realisere potensialet for grøn vekst i Vestland.
Dei inviterer til ein serie lanseringsmøte:
Hovudrapporten med regionale smakebitar
22. November kl. 9-11
Høgskulen på Vestlandet, Kronstad (arrangementet vil også bli strøyma)
PåmeldingGrønn bergensregion
29. November kl. 17-19 i Bergen (meir info kjem)
PåmeldingGrøn region Fjordane
3. Desember kl. 13-15 i Florø (meir info kjem)
PåmeldingGrøn Region Indre Vestland
8. Desember kl. 17-19
Voss kulturhus
PåmeldingGrøn region Sunnhordland
tid og stad kjem
Det blir altså fem lanseringar, kor den første i stor grad vil ha fokus på hovudrapporten med nokre regionale smakebitar, medan dei regionale lanseringane vil fokusere meir på kvar enkelt region.