Velkomen som medlem, Svanøy Havbruk

Etablering av slamrenseanlegg på Havbruksstasjonen på Svanøy og nettverket innan slamreinsing hos Hub for Ocean var ein viktig inngangsport til medlemskapet.

Svanøy Havbruk er ein lokaleigd matfiskprodusent, lokalisert på Svanøy i Kinn kommune. Dei produserer næringsrik og delikat regnbogeaure og er opptekne av lokal verdiskaping samt berekraftig og effektiv matproduksjon. I dag er Svanøy Havbruk eit solid selskap og den største arbeidsgjevaren på Svanøy, med sine 34 tilsette. 

Dei produserer matfisk og stamfisk på fem lokalitetar i sjø, samt rogn og settefisk på land. Svanøy Havbruk er medeigar i Sande Settefisk på Rygg i Gloppen kommune, saman med to andre oppdrettsselskap, der dei satsar stort på framtidsretta smoltproduksjon. Dei har starta drift av havbruksstasjonen sin på Svanøy, der dei driv forsking, stamfiskproduksjon og settefiskproduksjon. I tillegg er dei aksjonær i Godfisken AS, der dei saman med ti andre oppdrettarar har investert i topp moderne beredskaps- og bløggebåtar. På denne måten er dei med på å skape aktivitet og arbeidsplassar i regionen! 

Dei har spesialisert seg på arten regnbogeaure og er ein av få oppdrettarar i Noreg som berre har regnbogeaure (og ikkje laks) i merdane. Auren er eit fantastisk produkt – sunt og godt. Samanlikna med atlantisk laks har regnbogeaure raudare kjøt og ein naturleg lågare feittprosent. Dei ser eit stort vekstpotensial i auren og arbeider med spennande prosjekt for å løfte fram auren som eit høgkvalitets sjømatprodukt. All fisken blir seld gjennom Skaar Norway, som òg er ein av aksjonærane deira, og kundane deira finst i Europa, Asia og USA. Mesteparten av fisken blir slakta ved Slakteriet AS i Florø.  

I tillegg til ordinær stamfisk- og matfiskproduksjon har dei fleire spennande FOU-prosjekt, mellom anna på konsumrogn av aure (kaviar) og forsking på hjartehelse hos regnbogeaure. 

Aurerogn til konsum er eit prosjekt dei ønskjer å løfte fram. Prosjektet er no i fase to, der dei ser på metodar for å redusere produksjonstida i sjø for å produsere rogn til konsum. Auren har blitt fulgt tett heilt frå befrukting til slakteri, og etter nokre år har dei no byrja å avdekkje ny kunnskap om mekanismane som er viktige for å styre produksjonen av regnbogeaure. Dette prosjektet vil bli ferdigstilt med ein sluttrapport i første halvdel av 2026.

Robust aure er eit anna prosjekt dei vil fremheve. Målet med dette FoU-prosjektet er å produsere robust regnbogeaure med auka hjartestyrke som toler stressande situasjonar i sjøvassfasen. Gjennom dei siste tre åra har dei kartlagt hald av rogn og settefisk ved ulike inkubasjonstemperaturar, og allereie har dei identifisert viktige temperaturprotokollar for tidleg utviklingsfase av embryo som er implementert i næringa. Dette forsøket skal bli sluttførd i 2025/2026, med sluttrapport i 2026. 

Les meir om Svanøy Havbruk og prosjekta deira på heimesida.

Kva håper dere å få ut av medlemskapet?   
Vi ser at Hub for Ocean representerer eit nettverk som dekkjer mange ledd i verdikjeda i den blå næringa, og kan difor vere ein viktig arena for oss for å bygge nettverk innanfor nye, innovative driftsformer innan oppdrettsnæringa. Etablering av slamrenseanlegg på Havbruksstasjonen på Svanøy og nettverket innan slamrensing hos Hub for Ocean var ein viktig inngangsport til medlemskapet. Vi ser allereie at nettverket har vore viktig for å bygge kompetanse og dele erfaringar med andre aktørar. Vi håpar også at kortreist, meir berekraftig biprodukt frå slam kan bli eit resultat av medlemskapet i Hub for Ocean.

Kva tankar har dere for framtida?
Vi har tru på at forsking og kunnskap er nøkkelen til å auke verdiskapinga og berekrafta i oppdrettsnæringa. Konkret ønskjer vi, gjennom eige FoU-arbeid, å bidra til auka verdiskaping og berekraftig oppdrett av regnbueaure i Noreg. Generering og deling av biologisk kunnskap som vert erverva i forskingsarbeid, samt gjennom produktutvikling, er viktig, og vi har stor tru på at vår forsking vil kunne tilføre norsk aureproduksjon eit bidrag. Blant anna gjennom å forske på metoder for å bruke "hele" fisken, både kjøt og rogn, og oppnå lønnsamheit i ein slik produksjon. Andre forskingsprosjekt vi anser som framtidsretta inkluderer utvikling av metodar for å produsere ein meir robust fisk, og dermed ivareta god fiskevelferd og redusere svinnet i næringa ved lågare dødelegheit. Det er også viktig i regnbueaureproduksjon å optimalisere produksjonssyklusen for "kombinert produksjon" av matfisk og konsumrogn. I tillegg ønskjer vi å rette merksemd mot regnbueaure sin vekstpotensial i Noreg, samt stimulere til nødvendig marknadsarbeid som kan bidra til auka produksjon i næringa. 

Dersom du ønskjer å lese meir om etableringa av Havbruksstasjonen på Svanøy, kan du lese desse tidlegare sakene frå Firdaposten: 


Er du nysgjerrig på eit medlemsskap i Hub for Ocean? 

Ta gjerne kontakt med oss, eller les meir om oss her

Ingeborg Skrefsrud

Prosjektleiar
+47 480 36 688
E-post

LinkedIn

Forrige
Forrige

Hub for Ocean får 2,6 millionar til Symbiose Fjordane

Neste
Neste

Tersan Havyard kjøper YS Elektro