Tersan Havyard kjøper YS Elektro
Pressemelding
Tersan Havyard kjøper YS Elektro, og har dermed ytterlegare styrkt sin marknadsposisjon ved å samle eit breiare spekter av kompetanse in-house.
YS Elektro blei stifta i 2021 av tilsette hos den tidlegare Havyard Leirvik. Grepet førte til at ein haldt på viktig kompetanse i nærområdet og bevarte viktige arbeidsplassar. YS Elektro er ein totalleverandør av elektrotekniske tenester til kundar innan maritime næringar og akvakultur, med totalt 20 tilsette.
Tor Leif Mongstad, administrerande direktør ved Tersan Havyard, peikar på viktigheita av å samle den rette kompetansen under same tak.
Tersan Havyard er ei hjørnesteinsbedrift i området, og mange har nære tilknytingar til verftet, anten ved å vere direkte tilsette eller gjennom andre familiære eller profesjonelle relasjonar. No utvidar vi moglegheitene for ungdom til å komme tilbake til trygge arbeidsplassar i Hyllestad og velje mellom fleire fagfelt på alle nivå.
Tersan Havyard
Tersan Havyard har vore i drift sidan 1918 og har omfattande kunnskap innan leveranse av nybygg, uavhengig av design, utrusting, reparasjonar og ombygging av skip. Med solide prosjektstyrings- og kvalitetssikringssystem, fleksibilitet og høgt kvalifiserte personar leverer verftet avanserte fartøy av topp kvalitet.
Du kan lese meir om Tersan Havyard på nettsida deira.
For ytterlegare opplysningar, ver venleg å kontakte:
Navn: Tor Leif Mongstad
Mobil: 900 48 483
Navn: Håvard Breidvik
Mobil: 907 93 975