Hub for Ocean får 2,6 millionar til Symbiose Fjordane

Hub for Ocean har fått ei fantastisk moglegheit til å ta neste steg i arbeidet med berekraftige løysingar! Gjennom støtte på 1,8 millionar kroner frå Vestland fylkeskommune og 800 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, kan vi vidareføre og forsterke satsingane våre i programmet «Symbiose Fjordane».

Vi er utruleg takksame for støtta frå både Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som gjev oss moglegheita til å vidareutvikle arbeidet med sirkulære verdikjeder for handtering av restråstoff frå havbruksnæringa.

Ingeborg Skrefsrud, prosjektleiar sirkulære verdikjeder

Symbiose Fjordane – Ei sirkulær framtid innan rekkevidde

Symbiose Fjordane-programmet fokuserer på å utnytte restråstoff frå havbruksnæringa for å skape berekraftige, sirkulære verdikjeder. Med denne støtta skal prosjektet mellom anna utforske innovative måtar å handtere ressursar som fiskeslam og andre avfallsstraumar på.

Prosjektet legg stor vekt på samarbeid og kunnskapsdeling. Gjennom å samle næringsaktørar, forskingsmiljø og offentlege partnarar i eit konsortium, arbeider Symbiose Fjordane for å identifisere og implementere nye løysingar som kan styrke havbruksnæringa si rolle i den grøne omstillinga. Eit konkret døme er satsinga «Blått avfall, grøn ressurs», som undersøker korleis fiskeslam – rikt på viktige næringsstoff som fosfor og nitrogen – kan nyttast som ressurs i til dømes landbruket i staden for å gå til spille.

Denne satsinga er eit viktig steg mot ei meir ressurseffektiv framtid for havbruksnæringa, og det viser kva som kan oppnåast når ulike aktørar jobbar saman mot felles mål.

Prosjektleiar for sirkulære verdikjeder, Ingeborg Skrefsrud, understrekar kor avgjerande denne støtta er:

Støtten er helt avgjørende for at vi kan jobbe videre med satsingene våre i Symbiose Fjordane og ta viktige steg mot målet om å realisere bærekraftige sirkulære verdikjeder for restråstoff fra havbruksnæringen.

Stor verdiskaping og miljøgevinst

Med midlane skal vi arbeide for å skape løysingar som sikrar optimal ressursutnytting og redusert avfall frå havbruksnæringa. Eit spesielt fokus vil ligge på fiskeslam, men prosjektet vil òg omfatte andre restråstoff for å skape berekraftige verdikjeder som kan bidra til positiv endring i næringa. Skrefsrud utdjupar:


Vi vil bygge videre på det gode samarbeidet vi har med både medlemsbedriftene og andre aktører i nettverket vårt. Både ved hjelp av samarbeid og ved å kombinere dagens kunnskap med fremtidig innsikt, ønsker vi å løse opp i kompleksiteten og realisere en sirkulær verdikjede for restråstoff ved hjelp av denne støtten.

Vestland fylkeskommune framhevar i tilsegnsbrevet at prosjektet har betydeleg verdiskapingspotensial og er forventa å ha positive verknader på miljø og klima. Vidare vert det understreka at prosjektet skal handtere komplekse utfordringar og samtidig legge opp til deling av resultat.

Vi ser på dette som ei unik moglegheit til å finne løysingar som både styrkar regionen sin økonomiske vekst og reduserer miljøavtrykket.

Bilete frå FoU-møte hausten 2023

Ei verdifull investering i framtida

Jo Dale Pedersen frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane uttrykkjer kvifor dei har valt å støtte prosjektet:


I arbeidet for et mer bærekraftig næringsliv er sirkulære verdikjeder både den mest effektive og økonomiske måten å skape varige ringvirkninger på. Hub for Ocean jobber målrettet med å utnytte restråstoffene som er mest sentrale i vår region, og det er derfor en glede for oss å støtte dette viktige arbeidet.

Vi i Hub for Ocean er stolte av å ha eit solid nettverk som spelar ei nøkkelrolle i å finne nye løysingar for å utnytte ressursane våre på ein betre måte. Støtta frå Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftelsen gjev oss krafta vi treng for å drive dette arbeidet framover.

Dette er eit stort steg mot ei meir berekraftig framtid for havbruksnæringa – og vi gler oss til å dele framgangen vår med dykk.

 

Takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Vestland fylkeskommune for støtte til Symbiose Fjordane.

 
 

Har du spørsmål eller kommentarar til saka? Ta gjerne kontakt!

Sarah Sundquist

Trainee innen kommunikasjon og eventkoordinering
+47 458 86 725
E-post

LinkedIn

Forrige
Forrige

Jenter og teknologi 2024

Neste
Neste

Velkomen som medlem, Svanøy Havbruk