Tidenes aktivitetsrekord på Fjord Base

Den største forsyningsbasen i Noreg, Fjord Base i Florø, slo alle rekordar i 2020!


INC Gruppen og Fjord Base har aldri hatt eit år med høgare aktivitet enn i 2020. På parameterane tonn over kai, tal på arbeidstimar og totale skipsanløp har ein slått rekordar nesten månadleg gjennom heile året.

Rekordåret 2020

I 2020 har forsyningsbasen hatt meir enn 40% fleire skipsanløp enn i 2019. På tal tonn som har blitt løfta over til ein av dei 9 kaiene på basen kan ein skilte med å vere godt over det tidlegare rekordåret som var i 2014.

Det at 2020 skulle bli eit rekordår låg allereie i korta i 2019, mellom anna grunna høg aktivitet i Nordsjøen utanfor Florø. Trass i koronapandemien har forsyningsbasen klart å oppretthalde gode leveransar i eit tett samarbeid med kundar og leigetakarar. Effektive operasjonar, stort areal og fullt fokus på kundane i eit hektisk år blir trekt fram som sentrale suksessfaktorar.

Vi i Hub for Ocean gratulerer!

 
Fjord Base i Florø. Foto: INC Gruppen

Fjord Base i Florø. Foto: INC Gruppen

 

Saga Fjordbase og INC Gruppen er medlemmer i Hub for Ocean. Nysgjerrig på eit medlemskap? Sjå her.


Spørsmål?

Har du spørsmål eller kommentarer til denne saka? Ta gjerne kontakt.

 
Siri Odijk Solbakken.jpg

Siri Odijk Solbakken

Kommunikasjonsrådgjevar
Hub for Ocean

siri@hubforocean.no
Tlf.: 977 53 065

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Berekraftige verft: - Vi vil ta posisjonen på toppen! 

Neste
Neste

Internasjonal interesse for Hellenes nye teknologi