Berekraftige verft: - Vi vil ta posisjonen på toppen! 

Verftet Westcon Yards i Florø møter 2021 med eit stort engasjement for berekraft og ein rykande fersk berekraftsstrategi.  


«Vi får sterke signal frå kundane våre om at dei ønskjer å handle med berekraftige verft. Fokuset på berekraft er her, og krava kjem  uansett, så då er det like greit å vere tidlig ute», seier Ole Anders Smørdal, leiar på teknisk avdeling på Westcon Yards Florø. Det siste halve året har ei prosjektgruppe i Westcon Yards Florø arbeida systematisk for å komme fram til ein strategi som forpliktar dei innan berekraftsarbeidet. 

 
Maria Blom og Ole Anders Smørdal er engasjerer seg for berekraftsarbeidet på Westcon Yards Florø. Foto: Westcon.

Maria Blom og Ole Anders Smørdal er engasjerer seg for berekraftsarbeidet på Westcon Yards Florø. Foto: Westcon.

 

Ikkje berre prat

«Strategien er viktig for oss fordi den forpliktar oss», forklarar Maria Blom, Project Controller i Westcon Yards Florø. «Det er ikkje berre prat, dette er eit verktøy vi kan bruke for å måle kor berekraftige vi er. Strategien gir oss moglegheita til å teste for langt vi har komt i berekraftsarbeidet, sånn at vi heile tida kan sjekke framgangen».

«Verftsbransjen er ikkje kjend for å vere spesielt miljøvennleg, det er jo mykje jobb med kjemikaliar, støv, røyk og smuss. Derfor er det ekstra viktig at denne bransjen bidrar», meiner Ole Anders Smørdal.

Westcon Yards Florø gjer allereie mykje for å vere mest mogleg berekraftige. Dei har eit godt renseanlegg, byggjer no ein moderne miljøstasjon og har investert i landstraumanlegg slik at båtar og riggar ikkje treng å brenne diesel når dei ligg til kai. I tillegg har dei eit stort fokus på å HMS, og å vere ein arbeidsplass for utviklar menneske og kompetanse.

Smørdal kjem med eit eksempel på korleis berekraftstrategien vi påverke Westcon Yards Florø sine val i tida framover: «Dersom vi treng nytt utstyr så har vi no gjennom strategien forplikta oss til å velje det mest berekraftige alternativet.

 

Det viktige lokalsamfunnet

For Westcon Yards Florø er berekraftsarbeidet mykje meir enn eit fokus på klima og miljø. Dei har i strategien ein heilheitleg tilnærming som også inkluderer mål innan økonomi og sosiale forhold. «Vi vil vere ein positiv bidragsytar ovanfor både kundar, tilsette og lokalsamfunn», forklarar Maria Blom. Westcon vil i berekraftsarbeidet fokusere på 4 områder:

  • Vere ein trygg arbeidsplass med fokus på HMS og eit godt arbeidsmiljø

  • Utvikle menneske og kompetanse

  • Skape lønnsom og varig vekst som kjem lokalsamfunnet til gode

  • Berekraftig produksjon som eit fossiltfritt verft

«Verftet har vert ei hjørnesteinsbedrift i Florø i 80 år, så vi føler eit stort ansvar ovanfor lokalsamfunnet og dei tilsette», forklarar Ole Anders Smørdal. «Det har blitt gjort eit vanvittig løft innan HMS på verftet dei siste 7 åra. Det går blant anna på dokumentasjon, bruken av verneutstyr, oppmerking av gangveier, og støy- og lysforhold». Westcon er også oppteken av kompetanseutvikling: «Vi er med på å bygge kompetansen til framtidig arbeidskraft, både hos lokale ungdommar og ungdommar frå andre stader. Vi tek gladleg i mot lærlingar, traineear og studentar som vil skrive oppgåve», seier Maria Blom.

Eit av måla til verftet er å ha ein berekraftig produksjon. Smørdal forklarar: «Vi har mål om å bli eit fossilfritt verft på sikt. For å klare det skal vi sette inn ei rekke tiltak innan oppvarming og logistikk. Sjølv om vi allereie har gjort mykje, så har ein veg å gå i forhold til fossilfrie truckar, elektrisk oppvarming og isolering av fabrikasjonshaller».

 
Westcon Yards i Florø. Foto: Westcon.

Westcon Yards i Florø. Foto: Westcon.

 

Lønnsamt med berekraft

Korleis skal de klare å balansere fokus på berekraft med krav til effektivitet og kostnadsbruk?

«Vi er overbevist at berekraftsarbeidet vil lønne seg og gjere at vi blir ein foretrukken leverandør. Det er ein ledig plass på toppen som eit berekraftig verft og den posisjonen vil vi ta!», seier ein engasjert Smørdal. «Eg tenker at det kanskje ikkje er plass til verft som ikkje er grøne om noko år», legg Blom til. Smørdal trekkjer fram store investeringar som også påverkar ønsket om å satse: «Det vil bli gjort store investeringar i berekraftige prosjekt i Norge, både med vindmøller til havs og andre ting, og då ønskjer vi sjølvsagt å posisjonere oss sånn at vi blir med i vurderingane når sånne ting skal fabrikkerast».


Ambisiøse visjonar

Korleis har de arbeida for å komme fram til ein berekraftstrategi?

«Vi har oppretta ei arbeidsgruppe beståande av folk frå produksjonen, administrasjonen og leiinga for å lage strategien. Vi har hatt workshops i lag med rådgivarar i PwC i løpet av hausten 2020 og lagt ein plan om vegen vidare. Så har PwC har intervjua kundar, leverandørar og relevante aktørar i lokalsamfunnet om korleis dei ser på Westcon, kva vi gjer bra i dag og kva vi kan bli betre på», forklarar Smørdal.

Innspela frå arbeidsgruppa, kundar, leverandørar og aktørar i lokalsamfunnet har blitt nytta når ein skulle prioritere satsingsområde i det 37 sider lange strategidokument. Strategien inneheld ambisiøse visjonar for verftet, områder for forbetring og korleis verftet ser for seg å måle utviklinga av berekraftsarbeidet.


Startskot

Ole Anders Smørdal og Maria Blom er tydelege på at berekraftsstrategien er eit første steg i den vidare satsinga på verftet. «Det handlar om å skape ein kultur for berekraft her på verftet. Det er ikkje gitt at eit verft er den enklaste plassen å få det til når du tenkjer på at ein stor andel av dei som jobbar her berre er her i korte periodar. Så vi har ein stor jobb foran oss for å sørge for at berekraft blir ein prioritetet for alle», seier Blom. «No legg vi planer for kva vi skal prioritere først i tida framover. Vi kjem nok til å ha mange små prosjekt framover der vi jobbar kontinuerleg med forbetringar og å spreie engasjementet for eit meir berekraftig verft. Det blir ei spennande tid!», avsluttar Blom.

Westcon Yards Florø er medlem i Hub for Ocean. Vi gratulerer Westcon Yards Florø med eit viktig startskot og gler oss til å følgje arbeidet framover!


Spørsmål?

Har du spørsmål eller kommentarar til denne saka? Ta gjerne kontakt.

 
Siri Odijk Solbakken.jpg

Siri Odijk Solbakken

Kommunikasjonsrådgjevar
Hub for Ocean
siri@hubforocean.no
Tlf.: 977 53 065

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Fundraising For Startups

Neste
Neste

Tidenes aktivitetsrekord på Fjord Base