Støtte til bedriftsintern opplæring
Vestland Fylkeskommune lysar ut midlar til bedriftsintern opplæring. Midlane skal nyttast til opplæringstiltak i bedrifter som er råka av koronakrisa, både ordinære opplæringstiltak og fagbrev på jobb. I første runde lysast det ut 20 millionar kroner. Søk innan 22. mai.
BIO-midlar til ordinære opplæringstiltak
Døme på opplæringstiltak
Opplæring som gjer det mogleg for dei tilsette å ta nye oppgåver i ei periode der oppgåvene ein elles løyser er mindre etterspurde.
Opplæring som gjer det mogleg å arbeide med ny teknologi (ny produksjonsline og liknande).
Opplæring som er naudsynt for å få tilgang til nye marknader.
Opplæring som er naudsynt for å kunne starte utvikling av nye produkt eller tenester.
Opplæring som bidreg til kvalifisering til fagbrev.
Kven kan søkje og delta i opplæringa?
Bedrifter kan søkje om tilskot til opplæringstiltak for sine tilsette. Vi ser det som ein styrke om fleire bedrifter går saman om søknader og undervisningsopplegg, men ei bedrift må stå som ansvarleg søkjar. Tilbydarar av kursing/undervisning kan ikkje søke på vegne av bedrifter viss dei tek betaling for oppdraget.
Ikkje-kommersielle aktørar/medlemsorganisasjonar kan stå som søkjar på vegne av fleire bedrifter. I søknaden må det framgå kva for bedrifter som skal delta.
Søkjar treng ikkje å vere lokalisert i Vestland, men må kunne dokumentere at tilskotet går til opplæring av tilsette som har arbeidsstad i Vestland.
Heilt og delvis permitterte kan også delta i opplæringa.
Full informasjon om utlysing kan du finne her. Du kan og kontakte Fylkeskommunen direkte, sjå kontaktinformasjon under.
Johanne Sognefest-Haaland
inn.biomid@vlfk.no
Tlf.: 992 6 1 004