Florø Hamn vil vere utstyrt med verdas første Supercharger for båtar

 

No kjem Nord-Europas første nett av elbåthurtigladarar. Ein av dei første blir plassert i Florø.


I tillegg til Florø hamn, vil Aker Brygge og Bergen bli utstyr med elbåt ladarar dei neste månadane. Dette som eit resultat av eit samarbeid mellom Evoy, BKK, SFE, Kinn kommune og Florø Hamn.

Jannicke Hilland, CEO i BKK, seier at dei har jobba med disse planane over tid.

2021 04 PLUG supercharger docks.jpg

Særlig dei siste månedene har elbåt-interessa blitt merkbart større. Det vil ta tid før elbåtmarknaden blir stort, men skal det bli ein marknad må lading være trygt og tilgjengeleg. Både båteiere, marinaer, båtforhandlarar og politikarar har stilt spørsmål om korleis lading skal skje. Den usikkerheita reduserer vi no, sier Hilland.

For CEO i Evoy Leif Stavøstrand er dette er ein draum som går i oppfylling.

Å sjå at infrastrukturen begynner å komme på plass, å muleggjere bruk av elbåt for fleire brukarar er ein nøkkel. Infrastruktur og elektrifisering av hamner er essensielt for å utvikle ein marknad og møte framtidig behov hos elbåt eigarar.

Første store satsning

Elbåtladerne blir ein del av BKK-selskapet Plug som frå før byggar, eig og driftar landstraumanlegg til skip. Hurtigladarnettet blir det første av sitt slag i Nord-Europa, og eitt av få i verda.


Det er nokre få planer om enkeltladarar i Norge. I Europa finnast det et par private initiativ, sier dagleg leiar i Plug, Maria Bos.

Meir informasjon finn du på Evoy si nettside.


1S0A0701.jpg

Maria Brandsøy

Business Developer
Hub for Ocean
maria@hubforocean.no
Tlf.: 905 23 543

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Dimeq AS - Vi gløymer aldri røttene våre

Neste
Neste

Støtte til bedriftsintern opplæring