Stryvo doblar i Oslo

 

Unikt verksted frå internasjonalt konsern er no innlemma i Stryvo.  Det tradisjonsrike verkstedet med 16 medarbeidarar og 75-års historikk er frå 1. mars 2021 ein integrert del av Stryvo Oslo.                                         

Daglig leder Finn Moe, Foto: Stryvo AS

Daglig leder Finn Moe, Foto: Stryvo AS

Stryvo Oslo er frå før ein anerkjent aktør innan maskinering, og har lang erfaring innan dreiing og fresing i alt fra enkle produkt til avansert maskinering i høglegert stål, med store krav til toleranser og dokumentasjon. Med den nye satsinga tilbyr dei no også ei rekke nye tenester nasjonalt og internasjonalt.

Skipsmekanisk service og mobil maskinering vert utført no over heile verda, samtidig som dei også er ein leverandør innan kvitmetallstøping, tannhjulsproduksjon, djuphullsboring og sveisetjenester.

Stryvo gruppen består av Stryvo Oslo AS, Stryvo Bismo AS og Stryvo AS i Stryn. Med sine 90 medarbeidarar er gruppa no ei av dei mest allsidige mekaniske aktørene i Norge. Stryvo Oslo flytta rundt årsskiftet inn i nye lokaler i Strømsveien 195 på Alnabru i Oslo og har no eit produksjonslokale på 3000m2.

Spisskompetansen dekker fleire segment som vasskraft, olje- og gass, maritim industri, fisk og sjømat, landbasert industri og bygg/anlegg. Leveransane her utgjør blant anna design, ingeniørtjenester, produksjon, ferdigstilling, service/vedlikehold og oppgraderingar. For mange kunder er Stryvo også ein sentral partner og leverandør i større innovative prosjekt. Her kan nemnast produksjon, produkt og tenester både innan offshore-vind og karbonfangst. 

Foto: Stryvo AS

Foto: Stryvo AS

For nærmare opplysningar kontakt:

Finn Moe, Daglig leder Stryvo Oslo AS, tlf. +47 959 97 077
Espen Aamodt, Teknisk sjef service Stryvo Oslo AS, tlf. +47 415 04 482
Jostein Bøe, Daglig leder Stryvo AS, tlf. +47 480 83 333


 
IMG_7441.jpg

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik@hubforocean.no

 
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Strukturplast har utvikla unikt produkt

Neste
Neste

Spennande tider hos Akvahub!