Strukturplast har utvikla unikt produkt

 

Bakgrunn

Gloppenbedrifta Sturkturplast utviklar og produserer formstøypte komponentar med basis i herdeplasten polyuretan og hybridmaterial. Dei skreddarsyr løysingar for kundar innanfor ulike marknadar, som maritim næring, petroleum, forsvar og helse. I desse bransjane vert det stilt stadig strengare miljøkrav.

 

Som følgje av dette har Strukturplast fleire spennande utviklingsprosjekt der føremålet er å bidra til auka verdiskaping, samt å redusere fotavtrykket innanfor desse bransjane. Det blir mellom anna fokusert på utvikling av material som har lengre levetid og gode mekaniske eigenskapar. Dette bidreg til mindre ressursbruk med tanke på produksjon av produktet, transport og drift av anlegget som produktet er ein del av. Resultatet av stadig strengare miljøkrav og god kompetanse hos Strukturplast blei NORSelast.

Kva er NORSelast?

NORSelast® er et av verdens sterkaste elastiske material og har en estimert levetid på opp mot 50år i maritime omgjevnadar. I mange tilfelle kan ein bytte ut komponentar som tradisjonelt vært laga i stål og andre tunge material for å spare vekt. Nokon av produkta i NORSelast er: 

Foto: Strukturplast

Foto: Strukturplast

  • NORSelast CC (Carbon Capture) kan redusere karbonavtrykket, samtidig som ein får glede av eit produkt med høg yting. I motsetnad til polymer material som er basert på olje er NORSelast CC produsert ved hjelp av Co2 som er henta frå atmosfæren. Ny teknologi gjer det mogleg å fange karbondioksid frå atmosfæren og nytte den til å lage bestanddeler i råmateriala. NORSelast® CC er ikkje berre karbonnøytralt, det er faktisk karbon-negativt med opp til 20% Co2 innlemma.

  • Strukturplast har nytta nanoteknologi for å utvikle NORSelast EL. NORSelast EL har komponentanebetre mekaniske eigenskapar som gjer at dei får lengre levetid. I 2019 var Strukturplast på jakt etter anti-statisk materiale. Anti-statiske material er nødvendig når ein til dømes arbeider med sensitiv elektronikk. Til sin stor glede oppdaga Strukturplast at dei kunne lage eit materiale som både var anti-statisk, og hadde betre mekaniske eigenskapar enn andre produkt. Dei gode eigenskapane inneber at materialet får lengre levetid. Produktet har til no vist svært gode eigenskapar under testing, med opp til 20% vekst i mekaniske eigenskapar.

Utvikling av nytt produkt

Sidan 2018 har Strukturplast jobba med utvikling av eit polyuretan material som heiter NORSelast® AF. Dette er eit material som skal ha gode anti-begroings eigenskapar, samt dei same gode mekaniske eigenskapane som det opprinnelege NORSelast® materialet. Dette er et av de største forskingsprosjekta innanfor polymer i Norge, som er støtta av Norges forskningsråd.

Foto: Strukturplast

Foto: Strukturplast

Foto: Strukturplast

Foto: Strukturplast

Foto: Strukturplast. Graf som viser forskjell i anti-begroings egenskapar mellom det opprinnelige NORSelast materialet (rødt) og videreutvikla NORSelast AF (grønt).

Foto: Strukturplast. Graf som viser forskjell i anti-begroings egenskapar mellom det opprinnelige NORSelast materialet (rødt) og videreutvikla NORSelast AF (grønt).

 Det opprinnelege NORSelast® materialet har generelt gode anti-begroings eigenskapar, men dei siste testane utført viser at NORSelast® AF har 5-7 gongar lenger biofilm-fri tid enn referanse materialet.

Med desse resultata kan NORSelast AF bidra til store besparelsar innanfor dei fleste maritime næringane og være en nøkkel til å auke verdiskapinga i framtida. Materialet er veldig allsidig og kan nyttast og tilpassast til mange applikasjonar.


Spørsmål eller kommentarar til saka?

 
IMG_7441.jpg

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik@hubforocean.no

 
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

22 millionar til lading av hybridbåtar i Florøbassenget og Sognefjorden

Neste
Neste

Stryvo doblar i Oslo