Spennande tider hos Akvahub!

 

Akvahub blei medlem hos Hub for Ocean 2020, er ei forsknings- og utviklingsavdeling lokaliser i Leirvik i Sogn. Visjonen deira er å vere ei drivande kraft for ei berekraftig utvikling av havbruksnæringa. Sidan den gong har det skjedd mykje spennande hos Akvahub og Hub for Ocean har tatt ein prat med dagleg leiar Asbjørn D. Løland.


Tanganlegg på Osland Havbruk. Bilete: Bettina Wickman Kvamme

Tanganlegg på Osland Havbruk. Bilete: Bettina Wickman Kvamme

Seaweed pilot

I slutten av 2020 starta Seaweed pilot, eit felles prosjekt med aktørar innan taredyrking i Nord-Atlanteren. Prosjektet skal finne ut korleis ulike nordatlantiske områder egner seg for dyrkinga av forskjellige typar tare. Tare inneheld viktige mineral, antioksidantar og vitamin, og vil vere ein viktig del av framtidas kosthold. I tillegg kan overflata på tare ha antibakteriell verknad, som potensielt kan brukast i medisin til menneske, eller til betre helse på fisk i oppdrett.

Hausten 2021 skal Akvahub setje ut testanlegg for tare, og resultata skal samanliknast med samarbeidspartar i andre land for å finne ut kva som kjenneteiknar eit godt dyrkingsområde for tare. Dei har allereie satt ut eit pre-test anlegg for å sørge for best mogleg fasilitetar og sjekke at seismikken er på plass.

Trygve Hallberg. Foto: Privat

Trygve Hallberg. Foto: Privat

Ny prosjektleiar i Akvahub

I tillegg til Seaweed pilot, utvidar Akvahub staben og har tilsett Trygve Halberg som prosjektleiar. Trygve er utdanna havbruksbiolog frå Universitetet i Bergen og vil tilføre Akvahub praktisk erfaring frå drift, behandling og produksjonsplanlegging av laks, aure og rensefisk. Han har arbeidd både på merdkanten, i administrasjonen og på laben i ulike selskap i havbruksnæringa.

Trygve passa perfekt til den profilen eg var på jakt etter no! Med ei god blanding av entreprenørskap, praktisk driftserfaring og biologisk fagkunnskap går han rett inn i kjerna av der Akvahub skal vere, i overgangen mellom biologi og ny berekraftig teknologi. Våre eigarar og samarbeidspartnarar er alt frå nystarta gründerar til veletablerte store selskap. Felles for dei er behovet for nettverk og kompetanse innan forsking og utvikling og det er dette vi i Akvahub tilbyr. Asbjørn Dyrkorn Løland, dagleg leiar Akvahub


Spørsmål?

Spørsmål eller kommentarar til saka? Ta gjerne kontakt

 
IMG_7441.jpg

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik@hubforocean.no

 
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Stryvo doblar i Oslo

Neste
Neste

Fjord Base får 4,3 millionar i støtte til landstraum