Strukturplast med kraftig ordre- og omsetningsauke

Gloppenbedrifta Strukturplast er i medvind om dagen med både auke i ordrereserve og omsetnad.

Strukturplast utviklar og produserer komponentar med basis i herdeplasten polyuretan. Dei skreddarsyr løysingar for kundar innanfor ulike marknader, som maritim næring, oppdrett og petroleum. Med andre ord leverer dei komponentar til dei mest kravande miljø for bedrifter og bransjar med strenge krav til haldbarheit.

Det nye fabrikkbygget

Det nye fabrikkbygget

Vil sette Gloppen på kartet
I vår flytta dei inn i nytt industribygg på Sandane, noko som er ein del av strategien om å sette Gloppen på kartet i plast- og komposittbransjen. Bygget er på heile 2700 m2 i grunnflate og huser store produksjons og lagerareal, samt kontor og møterom.

Sett utfrå foreløpige 2019 tal kan det verke som Strukturplast lukkast i strategien. Samanlikna med fjoråret ser dei ei 145 % auke i ordrereserve pr. 30 september. Dei anslår også ei 25 % omsetningsvekst basert i same tidsrom. Oppgangen kjem som følgje av ein generell aktivitetsauke i fleire bransjar, og ikkje minst på grunn av ein betydeleg vekst innanfor petroleum siste året.

Ordreauke fører til nye tilsettingar
Men det er ikkje berre rekneskapen som opplever auke, Strukturplast har også tilsett ein rekke nye den siste tida. Blant dei 10 som er tilsett finn ein mykje kompetanse, mellom anna ein Phd (doktorgrad) i elastomerer som skal arbeide med forsking og utviklingsaktivitet.  Men det stoppar ikkje der og fleire nytilsette kjem til frå nyåret. Det er liten tvil om at Strukturplast gjer det godt om dagen og planen om å sette Sandane på «plast og kompositt»kartet er i rute!

Om du er interessert i å høyre meir om Stukturplast og møte relevante personar frå bedrifta anbefaler vi å melde deg på nettverkssamlinga vår 20 november.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Jenter og teknologi

Neste
Neste

Naval Consult om "framtidas fiskebåt"