Naval Consult om "framtidas fiskebåt"

Erlend Hagen, dagleg leiar i medlemsbedrifta Naval Consult deltok tidlegare denne måneden i ein podcast under Danfish messen i Aalborg. Her stilte han saman med Kent Damgaard ved Karstensens Skibsværft, reder Bjørn Kjellby og reiar Geir Lundberg. Eit fokus i podcasten var “framtidas fiskebåt”.

Korleis er “den framtidas fiskebåt” ?

Erlend Hagen i Naval Consult er som skipsdesignar tidleg på bana når ein reiar skal bygge ny båt. Han er tydeleg på at det er viktig for dei å danne seg eit godt bilde av reiaren - kva treng dei, korleis ønsker dei å drifte båten og kva produkt ønsker dei å levere. Naval Consult har lang fartstid frå skipsdesign og brukar dette grunnlaget saman med erfaring dei har bygd opp frå samarbeid med andre reiarlag. Men når det kjem til kva som er framtidas fiskebåt, er han ærleg på at det er ein ein samansatt sak. Ein fiskebåt har lang levetid og det er vanskeleg å spå korleis framtida ser ut om 20-25 år. Ein veit til ein viss grad kva krav fiskarane blir stilt ovenfor: redusert drivstofforbruk, grønnare løysingar, strengare krav og høgre avgifter. Dette er element ein må ta høgde for i planlegginga. Marknadssida er vankelegere å spå, men det blir sannsynlegvis ikkje høgre kvotar, dermed må ein finne lønnsemd i enda høgre kvalitet. Er du interessert i å vite meir frå podcasten? Då kan du følge denne lenka.

2019 10 Naval.JPG
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Strukturplast med kraftig ordre- og omsetningsauke

Neste
Neste

Energi i fokus – NTRANS viser veg