Jenter og teknologi
24 oktober fekk 90 jenter frå 9 klasse i Flora kommune innblikk i ulike tekniske og vitskapelege yrker på vår «jenter og teknologidag». Her blei dei møtt av 12 unge kvinner som fortalte om sin yrkesbakgrunn og arbeidskvardagkvardag. Målet er å inspirere til eit mangfaldig arbeidsliv og informere spesielt om yrker som mange kan ansjå som mannsdominerte.
Stort rekrutteringsbehov
Det er aukande behov for folk i havnæringane på vestlandet. Fylkene har veldig lav arbeidsledigheit, i tillegg vil ein stor del av arbeidsstokken pensjonere seg i nær framtid. – Vi opplev allereie tøff konkurranse blant bedriftene innan havnæringane som ønsker faglærde og høgt utdanna mennesker, seier Linda Sinclair Aukland i Adecco Florø. Vidare fortel ho at bedriftene må promotere seg sjølv på nye måtar for å vere attraktive for dei unge. Interessante oppgåver og berekraft må no vere ein del av profilen.
Eit mangfald av yrker
Blant yrkene vi presenterte for elevane var mellom anna byggingeniør, offshore kranoperatør, elektrikar, HVAC ingeniør, sveiser, prosjektingeniør, forretningsutviklar, hamnesjef ++ . Vi starta dagen med korte presentasjonar av kvart yrke, etterfølgt av ulike stands der elevane fekk vete meir og kunne stille spørsmål.
Jenter og teknologi er eit årleg arrangement som vi gjennomfører i lag med Flora Kommune og GCE Ocean Technology.