22 millionar til lading av hybridbåtar i Florøbassenget og Sognefjorden

 

Vestland fylkeskommune får 22,28 millionar kroner frå Enova for å legge til rette for elektrifisering av lokale båtruter i Florøbassenget og Sognefjorden.


Pengane skal gå til å bygge ladeinfrastruktur fire stadar. Ladepunkta skal betene tre fartøy i Florøbassenget og eitt fartøy i Sognefjorden. Fartøy med hybridelektrisk drift skal etter planen trafikkere desse båtrutene frå 1. mai 2024, og anbodsperioden varer i 12 år. Tilbydaren som vinn anbodet skal planlegge og etablere ladeinfrastrukturen.

Foto: Morten Vanvik, Vestland Fylkeskommune

Foto: Morten Vanvik, Vestland Fylkeskommune

Utvikling av ny teknologi

Bakgrunnen for søknaden til Enova er at fylkesutvalet i januar vedtok at båtrutene i Sogn og Fjordane skulle leggjast ut på anbod. Anbodet omfattar eit hovudtilbod med bruk av nullutsleppsteknologi, og det er ei forventning om hybridelektrisk drift. Hybriddrifta er estimert å redusere samla brutto energiforbruk med ca. 36 prosent og CO2-utsleppet med ca. 67 prosent.

Enova ser prosjektet som eit steg på vegen mot utsleppsfri drift av hurtigbåtsambanda. Hurtigbåtar er energikrevjande, og det er lite erfaring med elektrifisering av dette segmentet. Prosjektet bidreg til vidare utvikling av teknologi og vil gje god læring og erfaring med planlegging og innkjøp av hybridelektriske hurtigbåtar og infrastruktur for desse, skriv Enova.

Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean.

Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean.

Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean, meiner dette vil være med på å styrke initiativet med fornybar energi i regionen:

«Det viktigaste er å vise at Vestland fylkeskommune som region er frampå når det kjem til satsing på fornybar energi. Dette er med på å styrke vidare satsing på hydrogen og elektrisitet som eit grønnare alternativ til tradisjonelt drivstoff, både regionalt og nasjonalt. Det er viktig å understreke av hydrogen og elektrisitet ikkje skal konkurrere mot kvarandre men heller komplementere kvarandre.» 

Aktuelle ruter

Båtruta i Sognefjorden har anløp 13 stadar i kommunane Høyanger og Vik. Det er planlagt ladeinfrastruktur i Høyanger, Ortnevik, Vik og på Nordeide. I Florøbassenget trafikkerer tre fartøy i hovudsak tre ruter: Florø sør, Florø nord og Florø vest. Det er planlagt tre parallelle ladarar på Fugleskjærskaia. Sambanda i både Sognefjorden og i Florøbassenget er godt eigna for elektrisk båtdrift, då dei er verken særleg lange, eller har fartøy som går ekstremt fort. 

Dei aktuelle rutene inngår i ein rutepakke med til saman seks fartøy. Det ligg eit klimakrav (minstekrav) for heile rutepakken på 2,9 liter drivstoff per kilometer på årsbasis, basert på det venta produksjonsvolumet.

Andregenerasjons hybridfartøy

Fartøya som skal gå på sambanda er kombikatamaranar med kran, altså båtar som fraktar bilar, gods og passasjerar. Krav til kapasitet for personar og bilar varierer. Rutene er mellom 11 og 50 km lange, og i nokre tilfelle med avgrensa tid til lading mellom overfartane. Marsjfarten ligg mellom 23 og 25 knop.

I energistudiet gjennomført av LMG Marin for Skyss er det venta at fartøya skal ha batteripakkar på 1,8 MWh. Det er estimert at batteria blir lada opp med 0,7 MW-effekt på anløpskaier med lengre liggetid. Dessutan reknar ein med at batteria blir supplerte med seriekopla dieselgeneratorar som rekkeviddeforlengarar. Konkurransen er venta å bidra til andregenerasjon hybridfartøy. Det kan gjere hybridteknologien meir vekt- og energieffektiv og gje lågare utslepp ein lågare kostnad. Det kan vere avgjerande der reine nullutsleppsløysingar endå ikkje er tilgjengelege.

Vestland fylkeskommune deltek saman med tre andre fylkeskommunar i eit pilotprosjekt om utsleppsfri hurtigbåt. Fylkesutvalet vedtok å signere avtalen med Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark i april i år.


 
IMG_7441.jpg

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik@hubforocean.no

 
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Proff Partner Florø utvidar lokale

Neste
Neste

Strukturplast har utvikla unikt produkt