Storfint besøk frå næringskomitéen

Onsdag 3.11 fekk Hub for Ocean besøk av stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen frå Arbeiderpartiet. Han er tidlegare fylkesvaraordfører i Møre og Romsdal, men denne stortingsperioden vald inn som fast representant som Arbeiderpartiet sin representant frå Møre og Romsdal. Han sit no i næringskomiteen som Arbeiderpartiet sin talsperson for maritime næringar. No er han på ein vekes turné langs kysten av vestlandet frå Molde i nord til Stavanger i sør, i regi av Maritimt Forum. Eit av besøka var hos oss i Hub for Ocean der vi tok han med på omvisning hos Westcon og Fjordbase, for å få innblikk i den maritime aktiviteten i Florø.

 

Westcon - ei hjørnesteinsbedrift i Florø

Under besøket hos Westcon blir vi møtt av Ole Anders Smørdal, leder for Subsea og teknisk avdeling. Han er andre generasjon som arbeider hos Westcon.

Ole Anders fortel at berekraft er blitt ei viktig brikke for Westcon. Når dei gjekk gjennom FN sine berekraftsmål fann dei ut at ein del av tiltaka allereie var berekraftige, og at det kun var behov for å lage ei oversikt. Han understreker at fleire av dei berekraftige tiltaka dei har, også er med på å spare pengar for bedrifta i det lange løp. Westcon har også satt krav til berekraft hos underleverandørar, og prøver å velje lokale aktørar for best mogleg vekst og aktivitet i Florø-området.

 
 

For augeblikket er det mangel av ressursar innan ein del praktiske yrker som sveisarar og platearbeidarar, fortel Ole Anders. Dei slit med å få tak i teknisk fagkompetanse innan våre landegrenser. Han trur litt av grunnen er at desse yrka ikkje får den respekten den fortener og derfor vel yngre dei vekk, sjølv om dette er yrker der du må være svært kompetent med det du driv med.

 

Per Vidar delar den same oppfatninga, etter han var på møte med NAV-kontoret i Møre og Romsdal. Dei spår at det er tre yrkesfag der det vil vere stor etterspørsel av arbeidskraft framover; tømrarar, fagarbeidarar innanfor verftsnæringa og helsearbeidarar. Derfor må det satsast meir på desse yrkesretningane slik at ein kan tilfredstille etterspurnaden med lokal arbeidskraft.

 

Stor avstand mellom aktør og politikar

Ein ting Per Vidar reflekterer over er at næringsaktørar opplever stor avstand mellom politikar på Stortinget i Oslo og næringsaktørar utanfor Oslo-gryta. Sjølv dei store byane i Vestland opplever den same avstanden til stortingsbenken på Løvebakken, noko som overraska Per Vidar. Dette er ein av årsakene til at han no er på denne turneen.

 

Under besøket møtte Per Vidar også eit kjent syn i ellers ukjente trakter, nemlig Fjord-1 ferja Glutra som tidlegare gjekk på sambandet Sølsnes (Molde kommune) – Åfarnes (Rauma kommune) i Møre og Romsdal mellom 2000 - 2002.

 

Stor aktivitet på basen i Florø

Vidare møter vi Helene Aamodt, prosjektingeniør i Saga Fjordbase, som viser oss rundt på Fjordbase. Ho er ein av dei tilsette som er med i prosjektet HyFuel, som har fått støtte frå Enova til eit hydrogen knutepunkt i Florø. Utover dette er basen i Florø engasjert i fleire ulike berekraft- og fornybare prosjekt.

 

Under omvisinga fortel Helene om all aktiviteten som er på «basen» frå små, lokale bedrifter til gigantar som Equinor. På Fjordbase er dei 650 tilsette fordelt på 65 bedrifter og er eit enormt areal med fire kilometer strekning frå eine delen til den andre. Vi får også sjå kor det nye RAS-anlegget for torsk og laks, hydrogen knutepunktet og ammoniakk bunkringsanlegget skal ligge på basen.

 

Frå venstre: Stein Kvalsund, Per Vidar Kjølmoen og Helene Aamodt. Foto: Maria Hunvik.

 

Vestlandet er den regionen med høgast sysselsettingsandel i den maritime sektoren, og nesten 40% av all maritim aktivitet er lokalisert her. Sjølv om Noreg blir rekna som ein viktig maritim aktør, er vi alt for dårlige på eksportmarkedet. Som ein så sentral maritim aktør burde også eksportandelen frå maritime næringar vore høgare enn det tala synar i dag.

Vi i Hub for Ocean/Ocean Hyway Cluster ser fram til vidare samarbeid og ikkje minst oppdateringar til sentrale politikarar som er opptekne av den vidare verdiskapinga i maritim sektor. Sitjande regjerings konstellasjon vil i så måte vere svært sentrale i dette samarbeidet.


Spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Hurtigbåten MS «Hollendaren» kan frakte vogntog på 50 tonn

Neste
Neste

Ny kontrakt på fiskefartøy til Jarle Bergs Sønner AS