Hurtigbåten MS «Hollendaren» kan frakte vogntog på 50 tonn

Troms og Finnmark fylkeskommune får i dag levert kombibåten frå Brødrene Aa som, i tillegg til passasjerar, kan frakte eit 19 meter langt vogntog på opptil 50 tonn!

I Finnmark er dei fleste hurtigbåtane bilførande båtar. Hollendaren vert henta inn for å auke den totale flåten i fylket, slik at vi står betre rusta når ras eller liknande stengjer samfunn og gjer at vi må setje inn reserveruter til veglause samfunn på kort varsel. Båten vil altså styrke reservekapasiteten i Finnmark, fortel Ole Håkon Tønseth Haraldstad ass. avdelingsleiar/seksjonsleiar drift øst i fylkeskommunen.

Fylkeskommunen ønskja ein fleksibel båt med gode moglegheiter for både last og passasjerar. Det har resultert i ein hurtigbåt som tek 73 passasjerar, har lastekran og eit bildekk med plass til eit vogntog på inntil 19 meter - eller 8 bilar.

 

MS «Hollendaren» blir det største fartøyet i drift i Snelandias rutenett i Finnmark og skal primært gå i Måsøy-bassenget. Foto: Ove Kristian Leirgulen.

 

Slitesterkt dekke

Brødrene Aa har designa ein hurtigbåt der dekket skal kunne tole eit akseltrykk på 12 tonn. Båtar som skal ta personbilar må til samanlikning tole eit akseltrykk på 2 tonn.

Det som er litt spesielt med denne båten, er at dekket er laga i karbonfiberkompositt. Mange vil kanskje tru at ein båt som skal tole ein tung lastebil om bord, må ha eit ståldekke, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa.

Karbonfiberkompositt er eit slitesterkt materiale med lang levetid. På denne båten var det behov for å forsterke delar av dekket og Brødrene Aa landa på å bruke eit byggeprinsipp som er nytta til brukonstruksjonar. Det er gjort grundige analysar for å konstruere eit dekk som toler eit så høgt akseltrykk.

Vi har i tillegg installert ballasttankar framme og bak i båten, for å handtere lastvariasjonar, forklarar Aa.

 

Dekket er i karbonfiberkompositt og toler eit akseltrykk på 12 tonn. Foto: Ove Kristian Leirgulen.

 

Når til dømes ein lastebil full av fisk, eller ein sementbil køyrer om bord bak, må lastetanken framme fylles med sjøvatn for å utlikne vekt i fartøyet.

Allsidig bruk

I tillegg er båten utstyrt med eit romslig lasterom og ei stor kran til å laste båten. Krana kan også nyttast til å løfte om bord bilar. Landgangsløysinga er fleksibel og gjer det mogleg å ta om bord passasjerar, medrekna rullestolbrukarar, på kaier med ekstra stor forskjell på tidvatn.

Hurtigbåten kan halde ein operasjonsfart på 26 knop, og har dermed eit bredt bruksområde.

Samtidig som båten skal kunne ta både tung last og passasjerar, skal den ferdast i røft farvatn og er godkjent for å operere i bølgehøgder på opptil 4 meter. Difor er lastedekket utstyrt med surrefeste for 10 tonn, for å sikre lasten.

Det er òg strengare brannkrav til hurtigbåtar som tek bilar, så her har vi installert pop-up dyser for skumbrannslukking, legg Aa til.

Fylkeskommunen gler seg til å ta hurtigbåten i bruk og få styrka kapasiteten:

Hollendaren skal inn som hovudfartøy i MåsøyXpressen. Der vil han dekke trafikken i det som tidlegare var eit ferjesamband, og difor har til dels stort behov for køyretøytransport – spesielt i sommarhalvåret, fortel Tønseth Haraldstad.

Fakta MS Hollendaren

Verft: Brødrene Aa i Hyen
Byggemateriale: Carbonsandwich, vinylester
Motor: 2 x MAN D2862LE438 Tier 3 - 882 kW
Gir/framdrift: Servogear
Lengde: 38 meter
Breidde: 10 meter
Antal passasjerar: 73
Marsjfart: 26 knop


Spørsmål eller kommentarar til saka?

Brødrene Aa:
Dagleg leiar Tor Øyvin Aa, mobil: +47 950 57 187

Trome og Finnmark fylkeskommune:
Ass. avdelingsleiar/seksjonsleiar drift øst Ole Håkon Tønseth Haraldstad, 78 96 30 46
Rådgjevar sjøfart Elin Hoel, 78 96 31 78

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Levering av siste brønnbåt i same serie

Neste
Neste

Storfint besøk frå næringskomitéen