Stigmatisering i ei utfordrande tid

- Det uroar meg når vi i ei utfordrande tid tyr til stigmatisering av arbeidsgrupper i samfunnet, skriv Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean, i dette lesarinnlegget.


Arbeidsinnvandringa som har prega utviklinga i Norge kan forståast i lys av ulike utviklingstrekk knytt til mangel på arbeidskraft, sesongproduksjon og ønskje om å lavast mogleg faste kostnader ved stor usikkerheit i marknaden. Arbeidsinnvandringa representerer ein ressurs på arbeidsmarknaden sidan den tilfører arbeidskraft til dei som har underskot på det. Den maritime næringa er svært avhengig av å ha tilgang til denne arbeidsressursen.

Fleire av regionane som har mange arbeidsinnvandrarar, er prega av oljerelatert industri, maritime og marine næringer. Dette er viktige næringar for Vestlandet. Aktivitetane i disse næringane er ofte arbeidskraftintensive, særleg for dei med verftsindustri. Regionen rundt Bergen, Ålesund, Kinn, Hyllestad og Ulstein er alle eksempel på område der desse næringane er sterkt representert.

Uroa for stigmatisering

Det uroar meg når vi i ei utfordrande tid tyr til stigmatisering av arbeidsgrupper i samfunnet. Stigmatisering; betyr å merke og er i overført betydning brukt om det å merke noko negativt i sosial samanheng; for eksempel stigmatisering av ei arbeidstakargruppe ved å hevde at gruppa generelt har spesielt dårlige eigenskapar, er smittebærarar, vanskeleg å forhalde seg til og liknande.

I den seinare tid er det fokusert mykje på ei arbeidsgruppe. Når sentrale aktørar set agendaen og fokuserer så sterkt på polske arbeidsinnvandrarar som eit smitteproblem driv vi ei gruppetenking som under andre omstende ville ha blitt slått hardt ned på.

Mobiliteten av vår «interne» norske arbeidsstyrke er vel så stor som den polske. Er arbeidstakarar frå Bergen eller Oslo ei gruppe som vi karakteriserer på same måten som den polske arbeidgruppa?

Når Covid-19 kjem ut av kontroll så skuldast det ikkje ein einskild gruppe av menneske, vi har alle eit ansvar som einskildindivid for at vi følgjer både retningsliner og råd i ei svært utfordrande tid.

Arbeidsinnvandring som verkemiddel

 

Å sjå arbeidsinnvandringa primært som ein “naturleg følge” av svingingar i arbeidsmarknaden sin etterspurnad etter arbeidskraft, er uttrykk for eit instrumentelt syn på arbeidsinnvandring.

Arbeidsinnvandrarane vert då sett på som eit middel i arbeidsmarknaden og politikken, og ein kan lett kome til å tenkje om dei som ein reservearbeidsstyrke som hentast inn og skyvast ut alt etter om konjunkturane går opp eller ned. For oljerelatert industri, maritime og marine næringar har dette vore eit viktig fundament for utvikling av næringane og velferdsstaten Norge sidan 1970 talet. Dei trenger folk når dei har oppdrag, og har dei ikkje oppdrag har dei heller ikkje behov for folk.

Dagleg leiar i Hub for Ocean, Stein Kvalsund.

Dagleg leiar i Hub for Ocean, Stein Kvalsund.

 

Den offentlege arbeidsmarknaden har dei same oppgåvene uavhengig av konjunktursvingingar, men konjunktursvingingane kan påverke tilgangen på arbeidskraft til jobbar i det offentlege. Arbeidsgjevarar i det offentlege treng bemanning som sikrar kvaliteten på dei offentlege tenestene. For å oppretthalde gode tilbod innan helse og omsorg «importerer» vi legar og sjukepleiarar m.a. frå Sverige. Vert desse omtalt som gruppe eller einskildpersonar i eit Covid19-perspektiv?

Det instrumentelle perspektivet vi finn i den private og offentlege arbeidsmarknaden, er òg tilstades i politikken, der vi kan snakke om ei vektlegging av arbeidsinnvandring som verkemiddel. Det gjer at mykje av den politiske merksemda vert retta mot å regulere arbeidskraftsstraumane gjennom regelverk og forvaltningspraksis, og ikkje nødvendigvis helsepolitiske omsyn. 

Farleg fenomen

Stigmatisering som sosialpsykologisk prosess er eit skremmande og farleg fenomen som historisk sett ikkje har ført til noko godt. Norge er eit sosialdemokratiske land, - eg vonar at vi fortsatt ønskjer å hegne om denne identiteten. Norge som nasjon vil også i framtida vere avhengig av arbeidsinnvandring for å halde hjula i gang, så la oss heller finne løysinga på korleis vi best mogleg handterer Covid-19 og ikkje nytte retorisk argumentasjon ved å peike på og stigmatisere   enkeltståande arbeidsgrupper som årsaka til problemet.  


Dette leserinnlegget vart først publisert ut i Hub for Ocean sitt nyheitsbrev. Vil du ha nyheitsbrevet rett i innboksen? Sjå her: hubforocean.no/nyheitsbrev


Ta gjerne kontakt

Har du spørsmål eller kommentarar til denne saka? Ta gjerne kontakt.

 
Stein Kvalsund.jpg

Stein Kvalsund

Dagleg leiar, Hub for Ocean & Ocean Hyway Cluster
Tlf.: 976 98 785
stein@hubforocean.no

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Spontankjøp i millionklassen: - Har sjeldan sett så mykje entusiasme!

Neste
Neste

Havyard etablerer selskap for hydrogendrift av skip