Spontankjøp i millionklassen: - Har sjeldan sett så mykje entusiasme!

Florø Skyssbåt sitt nyaste fartøy, MS “Skorpefjord”, har no kome fram til Florø. «Eg har sjeldan sett så mykje entusiasme», seier dagleg leiar Paal Skorpen.


Florø Skyssbåt sitt sjette fartøy i flåten har no kome fram til Florø. MS “Skorpefjord”, som vart bygd hos Brødrene Aa i 2013, har i det siste året gått i rute frå Stavanger til Kvitsøy under namnet MS «Rygerøy».

Båten har falt i smak hos dei tilsette i Florø Skyssbåt: «Eg har sjeldan sett så mykje entusiasme frå mannskapet for at vi har gjort dette spontankjøpet. Dei som er her på båten i dag har eigentleg friperiode og så kom dei hit for å hjelpe til - heilt uoppfordra!», forklarer dagleg leiar i Florø Skyssbåt AS, Paal Skorpen, begeistra.

Rutetrafikk, turisme og kanskje losbåt?

MS “Skorpefjord” har i dag plass til 48 passasjerar, men Florø Skyssbåt har på sikt lyst til å byggje den om til i overkant av 60 passasjerar. Den moderne katamaranen har ein romsleg salong med universell utforming og eit soldekk på taket som gjer båten ypparleg for sightseeing.

Paal Skorpen har ulike planar for fartøyet: «Dette er ein veldig allsidig båt. Denne egnar seg til rutetrafikk, turisme, og vi kan ta bårer over baugen og gjere den om til ambulansebåt. Nokon meiner at vi til og med kan bruke den som reservelosbåt også. Då dekker fartøyet plutseleg heile vårt behov, kanskje med unntak av å kunne ta med biler», seier Skorpen.

Saka held fram under bildet.

 
Paal Skropen, Dagleg leiar i Florø Skyssbåt AS, framfor MS “Skorpefjord”.  I bakgrunnen blir gamal logo bytta ut med ny. Foto: Hub for Ocean.

Paal Skropen, Dagleg leiar i Florø Skyssbåt AS, framfor MS “Skorpefjord”. I bakgrunnen blir gamal logo bytta ut med ny. Foto: Hub for Ocean.

 

«Denne båten vil vere reservebåt for alle dei andre fartøya vi har. Visst vi får kontroll på koronasituasjonen mot sommaren så har vi eit spennande prosjekt som vi kan sette den inn på, retta mot turisme i samarbeid med andre selskap. Turistbåtane som gjekk i 2019 var jo smekk full kvar dag, og då måtte vi supplere med ekstra båt, så det lover bra», forklarar Skorpen.

NOx-rensing

Fartøyet frå 2013 fekk i juni 2020 montert nye motorar, Volvo Penta D13 og IPS 1050. Motorane oppfyller IMO Tier III krava til NOx-utslepp.

Paal Skorpen forklarer: “Dette er det grønaste som finst i dieselverden. Fartøyet slepper ut like mykje CO2 som andre dieselfartøy, men det SCR anlegget med NOx-rensing der du injisera AdBlue i eksosen som reduserer NOx-utsleppet betydeleg. Renseanlegget blei installert i juni i år, så motorane er heilt nye, samt propellsystem og gir, så båten framstår teknisk som meir eller mindre ny”, seier Skropen.  

For Florø Skyssbåt er det viktig å henge med i tida: “Vi vil fornye oss. To av båtane våre er frå 80-talet så MS “Skorpefjord” er eit bra tilskot. Og så er det er absolutt ikkje nokon minus at båten har denne NOX-rensinga”, smiler Skorpen.

Tilbake til røtene

Florø Skyssbåt kjøpte MS «Rygerøy» av rederiet Rødne Trafikk AS. Kjøpskontrakta med Rødne blei signert 22. oktober og 25. november frakta Paal Skorpen og mekanikar/ matros Vidar Tansøy båten til Florø. “Turen frå basen til Rødne på Sjernarøy til Florø gjekk som smurt. Vi brukte 8 timar inkludert bunkring i Haugesund”, seier Paal Skorpen.

Rødne Trafikk overtok MS «Rygerøy» frå Brødrene Aa i Hyen i 2013. No er båten tilbake i «gamlefylket». Vi i Hub for Ocean gratulerer!

Florø Skyssbåt og Brødrene Aa er medlem i Hub for Ocean.

Sjå video frå MS “Skropefjord” si ferd frå Sjernarøy til Florø


Spørsmål?

Har du spørsmål eller kommentarar til denne saka? Ta gjerne kontakt!

 
Siri Odijk Solbakken.jpg

Siri Odijk Solbakken

Kommunikasjonsrådgjevar
Hub for Ocean

siri@hubforocean.no
Tlf.: 977 53 065

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Har bestilt brønnbåt: - Sikrer fiskens ve og vel på en kostnadsoptimal måte

Neste
Neste

Stigmatisering i ei utfordrande tid