Østerbø Maskin: - Vi satsar stort!
Østerbø Maskin satsar stort og har ei aukande arbeidsmengd. No lyser dei ut 3 stillingar! Her har du moglegheita til å bli med på laget til ein av dei største og fremste leverandørane av nødstrøm og reservekraft i Norge.
Østerbø Maskin leverer løysingar innan strømaggregat, utstyr til havbruksnæringa og elektrotenester til heile Noreg. I Østerbø Maskin kan du få heile Noreg som arbeidsplass, sjølv om bedrifta er lokalisert på Østerbø og i Sløvåg. Bedrifta har i dag 30 tilsette – og er no på jakt etter 3 nye, drivande dyktige kollegaer!
Satsar stort
Administrerande direktør i Østerbø Maskin AS, Richard Cornell, er nøgd med å utvide staben:
«Vi satsar stort og har ei aukande oppdragsmengd. Det er kjekt å sjå at vi er i ferd med å lykkast med mange av satsingane våre og dermed kan utvide staben. No satsar vi mellom anna enda tyngre på elektro og rør på landbasert oppdrettsanlegg, nødstrøm og reservekraft, UPS og batteripakkar, elektrifisering av flytande oppdrettsanlegg som inkluderer forskjellege hybridløysingar ilag med samarbeidspartnarar”, seier Cornell.
Desse 3 stillingane er no lyst ut:
- Aggregatmontør/ Serviceteknikar. Søknadsfrist 15. november.
- Mekanikar/ Serviceteknikar. Søknadsfrist 30. november.
- Elektroingeniør. Søknadsfrist 30. november.
Størst i Noreg
Østerbø Maskin er kjend for å finne enkle og gode løysingar på kundane sine kompliserte utfordringar. Visste du…
…at straumaggregata til Østerbø Maskin tryggar nyfødde kuvøsebabyar på sjukehus rundt i Noreg ved straumstans?
…at Østerbø Maskin som regel har eit spanande produktutviklingsprosjekt på gong?
…at Østerbø Maskin var hovudentreprenør på utbygginga av Noreg sitt største landbaserte kveiteoppdrett?
Søk hos Østerbø Maskin – eller tips ein venn. Her får ein bli ein del av eit arbeidsmiljø med driv i!
Spørsmål?
Har du spørsmål eller kommentarar til denne saka? Ta gjerne kontakt.