Nye el-ferjer vert spydspissar i unikt, virtuelt designverktøy

Dei nye ferjene til Fjord1 på Indre Sunnmøre vert dei første som får fullt utbytte av Havyard LABen sitt nye, unike verktøy.


Gjennom ti år med forsknings- og utviklingsarbeid, mellom anna i samarbeid med Sintef Ocean, har Havyard LAB no eit tretrinnsverktøy som er unikt i kommersiell samanheng. Dette vert no teke i bruk for at reiarane steg for steg kan spisse skipsdesign. Slik får dei eit skip som er nøye tilpassa jobben det skal gjere, i det farvatnet det skal operere, og samtidig kuttar energiforbruk, utslepp og driftskostnader.

Dagleg leiar i Havyard Design & Solutions (HDS), Stig Magne Espeseth, viser til eit ferskt eksempel der dei saman med kunden vurderte ulike designalternativ. - Vi simulerte dei ulike alternativa, og viste at kunden kunne redusere energiforbruket vesentleg med å velje det eine designet fram for det andre.

Saka held fram under bildet.

 
Dagleg leiar i Havyard Design & Solutions, Stig Magne Espeseth, seier dei reiarane som kan eksperimentere mest, raskast og billegast i designfasen, har størst sjanse til å vinne både anbod og konkurransen til sjøs, og no har Havyard verktøyet so…

Dagleg leiar i Havyard Design & Solutions, Stig Magne Espeseth, seier dei reiarane som kan eksperimentere mest, raskast og billegast i designfasen, har størst sjanse til å vinne både anbod og konkurransen til sjøs, og no har Havyard verktøyet som hjelper dei med det. På bilete frå venstre, dagleg leiar Stig Magne Espeseth og FoU-leiar Kristian Steinsvik.

 

Full simulering

Havyard Design & Solutions har svært stor erfaring med nullutsleppsferjer etter ei rekordlang rekke med tolv design av el-ferjer. - Og no skal dei to neste ferjedesigna verkeleg spissast gjennom tretrinnsverktøyet, for å bli endå sikrare og meir energieffektive og miljøvenlege. FoU-leiar, Kristian Steinsvik, forklarer at i første runde av tretrinnsverktøyet kan ein eksperimentere med hundrevis av alternativ, for å avklare grunnleggande størrelsar og ytre rammer for skipet. I neste runde har ein vald ut dei beste alternativa og går vidare med kvalitetssikring og dokumentasjon av variablane for designa som er med i «finalerunden». Til slutt køyrer Havyard LABen ei full simulering av ein digital tvilling av skipet på eit virtuelt hav.

Virtuelt hav

Steinsvik seier Havyard LABen har eksakte data for ver og vind, straum og bølgeforhold for ulike havområde over heile verda som dei tek i bruk for å skape eit verkelegheitsnært virtuelt hav alt etter kvar skipet skal vere i drift. - Slik skaper vi smart skipsdesign der vi på realistisk vis simulerer operasjonsmønsteret til skipet og samlar dokumentasjon og erfaringar du elles ikkje vil få før etter skipet har vore i drift i mange år.

Gjennom tretrinnsverktøyet til Havyard LAB får reiarane testa skrog, teknologi og drift alt før skipet er bygd. Samtidig framhevar Stig Magne Espeseth også samspelet mellom kunde, seljar, designar og spesialistar på det nye verktøyet som ein avgjerande faktor for utviklinga av berekraftige design. - Kundane må gjere mange val i ein designprosess. Summen av felles erfaring og det nye verktøyet vårt gjer oss i stand til å gi gode og faktabaserte råd, for å skape skip med høg verdiskaping og lavt miljøavtrykk – og der det langsiktige målet sjølvsagt er nullutslepp.

Vinn-vinn

Stig Magne Espeseth seier dette verktøyet er nyttig for å kutte kostnader og utslepp anten det gjeld brønnbåtar, spesialfartøy for havvindparkar eller skip i transportsektoren. - Dei reiarane som kan eksperimentere mest, raskast og billegast i designfasen, har størst sjanse til å vinne både anbod og konkurransen til sjøs. No har vi verktøyet som hjelper dei med det.

 
Gjennom ti år med forsknings- og utviklingsarbeid har Havyard LAB no eit verktøy med digital tvilling av skipet i eit virtuelt hav der ein spissar skipsdesignet for å kutte energiforbruk, utslepp og driftskostnader. Foto: Havyard

Gjennom ti år med forsknings- og utviklingsarbeid har Havyard LAB no eit verktøy med digital tvilling av skipet i eit virtuelt hav der ein spissar skipsdesignet for å kutte energiforbruk, utslepp og driftskostnader. Foto: Havyard

 


Ta gjerne kontakt

Har du spørsmål eller kommentarar til denne saka? Ta gjerne kontakt.

 
Siri Odijk Solbakken.jpg

Siri Odijk Solbakken

Kommunikasjonsrådgjevar
E-post: siri@hubforocean.no
Telefon: 977 53 065

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Østerbø Maskin: - Vi satsar stort!

Neste
Neste

- Gledeleg å sjå nysgjerrigheita til jentene!