Fjord Base får 4,3 millionar i støtte til landstraum
Stadig fleire norske hamner tilbyr straum til skip slik at dei kan slå av motorane når dei ligg til kai. Nyleg annonserte Enova at dei går inn med statleg støtte til fem nye landstraumprosjekter, blant dei er Fjord Base i Florø.
Dette var Enovas tiande utlysing for investeringsstøtte til landstraum sidan 2016. Gjennom disse rundane har Enova gitt støtte til rundt 105 landstraumprosjekt med over 730 millionar kroner. Marknadssjef Gunnel Fottland fortel at Enova ser ein stor auke i tal fartøy som kan nytte seg av disse anlegga.
Landstraum er eit viktig steg i retning av utsleppsfri sjøtransport, og derfor er det veldig positivt at det er interesse for å bygge ut landstraumanlegg også i ei tid kor koronasituasjonen pregar marknaden. Dette er eit tydeleg signal frå næringa om at omstillinga til lavutsleppssamfunnet fortsetter med uforminska kraft, sier Fottland i Enova.
Bidrar til å realisere framtidsretta og berekraftige løysingar
Karen Nilsen, marknadskoordinator i INC Gruppen seier dei er veldig glad for støtta dei mottek frå Enova. Vidare forklarar ho at betydelege investeringar er gjort på Fjord Base for å tilrettelegge for framtidsretta og berekraftige løysingar som dette. Med midlar frå aktørar som Enova får dei moglegheit til å realisere planane sine.
God klimapolitikk er god næringspolitikk
God klimapolitikk er god næringspolitikk. Grønn skipsfart er ein av regjeringas viktigste satsingar i arbeidet med å redusere klimagassutslepp og styrke den grønne konkurransekrafta. Utbygginga av landstraum legg til rette for utsleppsfrie hamner og drift. Gjennom Enova støtter regjeringa aktørar som er villige til å ta risiko for å utvikle ein mer klimavennlig næring, sier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Landstraumanlegga skal være i drift seinast februar 2023. Forutan Fjord Base får Kristiansand Hamn IKS 4,8 millionar, hamnestellet i Ålesund får 2,3 millionar, Helgeland Hamn IKS får 9,5 millionar og Plug Holding AS i Stokmarknes får 3,8 millionar.
Maria Brandsøy
Business Developer
Hub for Ocean
maria@hubforocean.no
Tlf.: 905 23 543