Ocean Electronics og Westronic slår seg saman

Eit «nytt» og solid selskap innan maritim elektronikk ser dagens lys på Vestlandet. Ocean Electronics i Florø, som består av tidlegare Sigurd Solberg AS og Måløy Radioforretning AS kjøper aksjane Bergens-selskapet Westronic AS. Med dette oppkjøpet blir dei eit av dei største selskapa i dette segmentet i Norge.

Det viktigaste for oss og kundane våre er at vi sikrar arbeidsplassane, og at ein større stab gir auka kompetanse og ikkje minst større kapasitet og fleksibilitet. For kundane våre er det avgjerande å heile tida kunne segle, derfor møter vi kundane våre der dei er. Om eit skip skal klassifiserast når dei er i Østen, så reiser vi til Østen og gjer jobben der. Med eit større selskap og fleire folk i staben blir vi meir fleksible for slike oppdrag, seier John Sigurd Solberg, dagleg leiar i Ocean Electronics.  

 

John Sigurd Solberg, dagleg leiar i Ocean Electronics. Foto: Ocean Electronics

 

Auka kompetanse

Den maritime elektronikken er i stadig utvikling og det krev høg kompetanse hos dei som leverer den. Med en større stab å spille på vil Ocean Electronics få ein breiare og meir spissa kompetanse og kan betre levere det kundane etterspør. Raske teknologiske endringar stiller store krav til den maritime næringa. Å fusjonere dei to selskapa Ocean Electronics og Westronic er ein derfor viktig del av denne framtidssatsinga.

3 lokasjonar i Vestland

Solberg legger vekt på at Ocean Electronics skal ha driftsverksemder i Måløy, Florø og Bergen. Dei blir eit vestlandsbasert firma, men oppdraga er world wide. Westronic blei etablert i Laksevåg for 30 år sidan og har 8 tilsette. Forretningsdrifta er lik i dei to selskapa, men kundegrunnlaget blir naturlig nok utvida ved fusjonen. Westronic har i tillegg agentur på anerkjente japanske maritime produkt av merkene Tokyo Keiko og Yokogawa. Samla vil det nye selskapet ha rundt 25 tilsette og bli ein av dei største innan maritim elektronikk i Norge, målt i omsetning og tall tilsette.

Vekst og utvikling

Fusjonen vil skje i 2022 og John Sigurd Solberg blir dagleg leiar i selskapet. Geir Mordal som er dagleg leiar i Westronic skal pensjonere seg i tredje kvartal, men vil fortsette på deltid for å overføre sin kompetanse og kontaktnett til nye krefter i selskapet. Alle ser fram til å bli ein del av en større enhet, som vil skape vekst og utvikling til nytte for både kundar, tilsette, eigarar og lokalsamfunn.

100 års historie

Ocean Electronics har allereie snart 100 års historie, då Ludvig Solberg starta si eiga radioforretning i 1924. Sonen Sigurd Solberg tok over bedrifta i 1961 og fekk namnet Sigurd Solberg AS, før det vart overført til tredje generasjon ved John Sigurd Solberg i 1990. Han styrer fortsatt skuta den dag i dag, og dei har no 20 tilsette og ei omsetning på 32 millionar kroner.

 
 

Spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no

Linkedin

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vi søker prosjektutvikler

Neste
Neste

Selstad og Inter Notservice inngår samarbeid