Leverte siste i rekordstor serie batteriferger
Havyard-verftet i Leirvik leverte i dag batteriferge nummer 13 i løpet av berre 2,5 år.
I tillegg har verftet i denne perioda bygga om tre ferger frå fossil-ferger til batteri-ferger.
Verftsdirektør i New Havyard Ship Technology, Erlend Hatleberg, seier den rekordstore seria av ferger saman med ombyggingsoppdraga har gitt skipsbyggjarane ved Sognefjorden ei erfaring og kompetanse på batteriferger som ingen andre verft har.
- Det gjer oss rusta til å ta imot både nye og gamle nye kundar som vil byggje om og fornye fartøy til fornybar energi eller byggje nye lav- eller nullutslippsfartøy.
Den siste batteriferga i den rekordlange ferge-serien er en 50-bilers ferge som høyrer til i ei rekkje av fem 50-bilers ferger.
Spesialkompetanse på grøne fartøy
Hatleberg seier dei er glade for å vere med på å bidra til at dette målet nås og at dei norske fjordene blir grønare.
- Fergene vi leverer kutter CO2-utslippa til null når dei opererer elektrisk, og vi er klare til å vere med på gjere stadig nye ferger meir miljøvennlege og transportsektoren meir berekraftig.
Havyard-verftet i Leirvik har dei siste åra spesialisert seg på energieffektive ferger, spesialfartøy til havvind-parkar og brønnbåter. Frå mai 2020 vart kontraktene i gamle Havyard Ship Technology tatt over av New Havyard Ship Technology, og utover hausten er arbeidsstokken i full sving med utrusting og ferdiggjering av tre brønnbåter til Norsk Fisketransport og tre vindmølleskip til Esvagt. Levering av siste skip er planlagt til sommaren 2021.
Både nybygg og service
Frå 2020 leggjer verftet i tillegg om drifta til igjen å kunne tilby reparasjon og ombyggjing av skip i tillegg til nybygg.
- Vi har over hundre års erfaring som skipsbyggjarar. Det er kunnskap vi no vil bruke til reparasjon og ombyggjingsoppdrag innan alle segment og type skip. Ved å bli eit kombinasjonsverft kan vi tilby kunnskapen vi har som skipsbyggjarar til fleire typar oppdragsgivarar og på den måten sikre og styrkje verftet.
Hatleberg seier verftet har lagt bak seg nokre særs tøffe år, og at dei no omstiller seg til å bli eit kombinasjonsverft, for å utnytte dei ansatte sin store kompetanse på skipsbyggjing endå betre. Det ser han fram til.
- Vi er store nok til å levere større fartøy og kompliserte oppdrag, samtidig er vi små nok til å ha tett og personleg oppfølgjing av den enkelte båteigar. Denne nære kontakten er viktig som kombinasjonsverft. Vi får klar beskjed om korleis resultatet skal vere, og vi sett heile vår 100 år lange erfaring inn på å levere.
No leverast den siste ferga som skal gå på fergesambandet Kvanne-Rykkje på Nordmøre. Verftsdirektør i New Havyard Ship Technology, Erlend Hatleberg, seier den rekordstore serien av ferger saman med ombyggjingsoppdraga har gitt skipsbyggjarane ved Sognefjorden ei erfaring og kompetanse på batteriferger som ingen andre verft har.
Fakta om New Havyard Ship Technology:
New Havyard Ship Technology AS har vært i drift sidan 1918, og har omfattande kunnskap innan leveranse av nybygg uavhengig av design, utrusting, reparasjonar og ombyggjing av skip. Ved å ha solide prosjektstyrings- og kvalitetssikringssystem, fleksibilitet og høgt kvalifiserte personar leverer verftet avanserte fartøy med topp kvalitet. New Havyard Ship Technology har hovedkontor i Leirvik i Sogn, og avdelinger i Fosnavåg og Tyrkia.
For å lære meir, gå inn på: www.havyard.com
For ytterligare opplysningar, vennligst kontakt:
Erlend Hatleberg
Daglig leder i New Havyard Ship Technology
Mobil: +47 948 25 155
Lars Conradi Andersen
VP sales i New Havyard Ship Technology
Mobil: +47 977 12 412