Ro Venture er ferdigstilt på rekordtid

Den hybride brønnbåten Ro Venture har blitt levert til rederiet Rostein AS på rekordtid. Båten er systerskip til Ro Vision, som er nominert til Ship of the Year 2020, og blir med dette den andre hybride brønnbåten i verda!


Ro Venture har blitt utrusta på rekordraske 4 og ein halv månad, og blei levert 16. juli 2020. Den første hybride brønnbåten, Ro Vision, blei levert i slutten av mars 2020.

 

I følge Larsnes Mek. Verksted, som har bygd båten, har en oppnådd ein rekordrask leveringstid midt under koronakrisa på grunn av ein formidabel innsats frå både tilsette og underleverandørar. Ro Venture er den sjuande båten i rekka i serien LFC 2020 som er designa av Skipskompetanse AS i Måløy og bygga av Larsnes Mek. Verksted AS.

Ro Venture. Foto: Larsnes Mek. Verksted

Ro Venture. Foto: Larsnes Mek. Verksted

 

Både Ro Venture og Ro Vision er utstyrt med batteripakke frå Siemens, tre sett dieselgeneratorer frå Yanmar, og har SCR anlegg for NOX-rensing fra Emigreen montert ombord.

Vi i Hub for Ocean gratulerer med enda ein miljøvenleg nyvinning!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Leverte siste i rekordstor serie batteriferger

Neste
Neste

På jakt etter ny jobb?