- Gledeleg å sjå nysgjerrigheita til jentene!

Jenter frå 9 klasse i Kinn kommune fekk eit innblikk i spennande teknologi- og realfagsyrke 22. oktober. Målet med dagen er å inspirere til eit mangfaldig arbeidsliv.


På vår «Jenter, teknologi og realfags-dag» blei dei 90 elevane møtt av 17 unge kvinner som fortalte om yrkesvalet sitt. Dei 17 kvinnene arbeider i yrke som i stor grad er mannsdominerte og målet var å inspirere jentene til å tenkje utanfor boksen når dei skal velje karriereveg.  

Saka held fram under bildet.

 
Sarah Warloe, Supply Chain Manager i Elkem Bremanger møter elevane.

Sarah Warloe, Supply Chain Manager i Elkem Bremanger møter elevane.

 

Opnar augene

Eit mangfaldig arbeidsliv kan bidra til innovasjon og verdiskaping, noko som er heilt nødvendig for å løyse morgondagens utfordringar. Nøkkelen til eit mangfalding arbeidsliv ligg mellom anna i valet av utdanning. 22. oktober fekk dei 90 jentene presentert eit stort utval av yrke - alt frå fiskehelsebiolog til tømrar, kranførar og prosjektleiar innan tang og taredyrking.

 

Dagen blei starta med korte presentasjonar av kvart yrke, etterfølgt av stands der elevane kunne teste ut ting i praksis og stille spørsmål til dei 17 rollemodellane. Kristin Svardal, prosjektleiar i den Florøbaserte hydrogenklynga Ocean Hyway Cluster, var ein av rollemodellane. Ho er imponert over interessa frå elevane:

Modellbilar som går på hydrogen var populært på standen til Kristin Svardal.

Modellbilar som går på hydrogen var populært på standen til Kristin Svardal.

 

«For å løyse framtidas utfordringar er vi heilt avhengige av fleire teknologar. Skal vi få opp talet på teknologar og få dei beste hovudene og hendene, må vi rekruttere frå heile befolkninga. Og jentene må med! Det var gledeleg å sjå nysgjerrigheita til jentene eg møtte i dag. Eg trur at slike arrangement opnar auga for kor mange moglegheiter som finst innanfor realfagretta yrker».


Sjå fleire bilder frå arrangementet nedst i denne saka.

17 rollemodellar

Jenter og teknologi er eit årleg arrangement som Hub for Ocean gjennomfører i lag med Kinn Kommune og GCE Ocean Technology. Desse 17 rollemodellane møtte elevane:

  • Regine Johansen (Prosjektleiar digitalisering og innovasjon), SFE

  • Synnøve Åhjem (Fiskehelsebiolog), STIM

  • Ane-Sofie Domben Bareksten & Heidi Sundal (lærlingar elektromontør), Fokus Elektro 

  • Sara Gjerland Høyesen & Hanna Bolette Myklebust (elevar TIP), Flora Vidaregåande skule

  • Linda Mortensen Midtbø (Hamnesjef), Florø hamn KF

  • Kristin Svardal (Prosjektleiar), Ocean Hyway Cluster

  • Alette Karstensen (Kranførar), ConocoPhillips

  • Lillian Nummedal Bryn (Tømrarlærling), HS Bygg AS

  • Bettina Wickmann Kvamme (Prosjektleiar), Akvahub

  • Guro Dregelid (Røyrleggjar), Florø Rør 

  • Helene Aamot (Trainee INC Hydrogenteam) & Karen Sæten Nilsen (Markedskoordinator), INC Gruppen 

  • Lisbeth Nordal (Bemanningskoordinator) & Martine Furnes Pettersen (Trainee teknisk avdeling), Fjord1

  • Sarah Warloe (Supply Chain Manager), Elkem Bremanger

 
Fiskehelsebiolog Synnøve Åhjem fortel om jobben sin i STIM.

Fiskehelsebiolog Synnøve Åhjem fortel om jobben sin i STIM.

 
 
Bettina Wickmann Kvamme, prosjektleiar i Akvahub, fortel om korleis det er å arbeide med tang- og taredyrking.

Bettina Wickmann Kvamme, prosjektleiar i Akvahub, fortel om korleis det er å arbeide med tang- og taredyrking.

 
 
Alette Karstensen i ConocoPhillips fortel om arbeidet som kranførar offshore.

Alette Karstensen i ConocoPhillips fortel om arbeidet som kranførar offshore.

 
 
Helene Aamot, trainee i INC sitt hydrogenteam, og Karen Sæten Nilsen, Markedskoordinator i INC Gruppen, møtar elevane.

Helene Aamot, trainee i INC sitt hydrogenteam, og Karen Sæten Nilsen, Markedskoordinator i INC Gruppen, møtar elevane.

Spørsmål?

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller kommentarar til denne saka.

Siri Odijk Solbakken.jpg

Siri Odijk Solbakken

Kommunikasjonsrådgjevar

E-post: siri@hubforocean.no
Telefon: 977 53 065

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Nye el-ferjer vert spydspissar i unikt, virtuelt designverktøy

Neste
Neste

Kun 1 dag igjen!