Nye tilsette i Hub for Ocean

 

Hels på våre to nye tilsette som flyttar inn på kontoret vårt i Florø i haust!


Ingeborg Skrefsrud tiltrer i stillinga prosjektleiar sirkulære verdikjeder 2. september. Ingeborg er frå Bærum, har ei tverrfaglig utdanning med ein bachelorgrad i Økologi og naturforvaltning og ein mastergrad i Bioøkonomi fra NMBU. I masteroppgåva utforska ho forretningsmoglegheitene knytta til fiskeslam:

Gjennom auka utnyttelse av fiskeslam kan vi omgjøre eit avfall med forureiningspotensiale i sjø til ein sårt trengt fosfor-ressurs i landbruket, seier Ingeborg.

Ingeborg kjem frå jobben som førstekonsulent i landbruksdirektoratet og har eit personlig engasjement for korleis vi skal jobbe for å omstille oss til eit meir sirkulært samfunn.

Foto: Ingeborg Skrefsrud.

Foto: Sarah Sundquist.

Sarah Sundquist er vår nye trainee med ansvar for kommunikasjon og arrangement, og kjem til oss i august. Sarah er open og nysgjerrig, og opprinneleg frå Tromsø. Ho har ein bachelor i Internasjonal marknadsføring og reiseliv frå USN, og har nyleg avslutta 1 års studier som digital innhaldsprodusent ved Fagskolen Kristiania.

Sara har vore aktivt medlem i ein internasjonal fredsorganisasjon sida ho var 12 år, og har besøkt fleire ulike internasjonale leirar. I sommar skal ho vere reiseleiar for ei gruppe med 11- åringar frå Tromsø som skal på leir i Italia, før ho pakkar flyttelasset og kjem til Florø for å starte i ny jobb hos oss.

 

Vi ønskjer dei begge velkommen til Florø og ser fram til at dei starter hos oss i haust!


Hei!

Har du spørsmål eller kommentarar til denne saka? Ta gjerne kontakt.

Siri L. Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Sommarhelsing 2024

Neste
Neste

Verdiskapingsanalyse i samband med etableringa til Fortescue på Holmaneset i Bremanger kommune