Verdiskapingsanalyse i samband med etableringa til Fortescue på Holmaneset i Bremanger kommune
Fortescue har søkt om å få byggje eit integrert produksjonsanlegg for grønt hydrogen og grøn ammoniakk på Holmaneset i Bremanger kommune. Som ledd i planprosessen vart det vedtatt å utarbeide ei verdiskapingsanalyse i samband med denne etableringa.
Foto: Fortescue, Holmaneset, Bremanger Kommune
Samarbeid for gjennomføring av analysen
PwC har vore engasjert som prosjektleiar, og har hatt det operative ansvaret for verdiskapingsanalysen. Hub for Ocean/Ocean Hyway Cluster har hatt eit nært samarbeid med PwC og Bremanger kommune i samband med gjennomføringa analysen der våre medlemsbedrifter har stått sentralt i intervjuprosessane og gjennomføring av oppdraget. Ocean Hyway Cluster har delteke i dei fleste bedriftsintervjua. I tillegg til intervju har relevante kunnskapsgrunnlag, offentleg tilgjengeleg statistikk og rapportar inngått i underlaget for å utarbeide verdiskapingsanalysen.
Hovudformålet med analysen er å kartlegge korleis industrietableringa kan bidra til:
- å styrke lokalt og regionalt næringsliv
- energiomstilling
- samfunnsutvikling for øvrig
Forhold knytt til spørsmål om sikkerheit og beredskap er ikkje omfatta av denne analysen. Det vert utarbeidd særskilte konsekvensutgreiingar på dette område.
Satsinga inneber store moglegheiter for utvikling av nye regionale verdikjeder, spesielt rundt det maritime miljøet i Florø, der og lokale aktørar frå Bremanger vil kunne ta del i denne verdikjeda. Den norske leiinga til Fortescue har i fleire opne fora uttalt at dei ønskjer sterk samhandling både med regionalt og lokalt næringsliv, og med dette legge til rette for stor lokal verdiskaping. Føresetnaden er at leverandørane møter leveransekrava både når det gjeld kvalitet, miljø og sikkerheit. For å følgje opp potensielle leverandørar for realisering av prosjektet er det planlagt ein leverandørkonferanse i samarbeid mellom Hub for Ocean og Fortescue, dato vert annonsert når denne er klar.
Analysen peikar på fleire både lokale, regionale og nasjonale ringverknader. Hub for Ocean/Ocean Hyway Cluster ser fram til å bidra til å realisere både ringverknader og nye verdikjeder i samarbeid med Fortescue med basis i det moglegheitsrommet verdiskapingsanalysen gjer greie for.
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller kommentarar til verdiskapingsanalysen