Sommarhelsing 2024

 

Sommarferien nærmar seg, og vi ser tilbake på eit innhaldsrikt halvår.


Vestland fylke står i ei spennande tid der omstilling og nyskaping i industrien og næringslivet står sentralt, og med vår nye samarbeidsavtale med Vestland Fylkeskommune styrker vi vårt felles mål om næringsutvikling og innovasjon. I Vestland ser vi store moglegheiter for verdiskaping både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Skal ein vinne fram i omstillingsarbeidet, er samarbeid viktig. Når vi legg til rette for møteplassar kring felles utfordringar, springer det ut nye idear og vilje til å finne felles løysingar.

Eit godt døme på dette er satsinga vår "Blått avfall – grøn ressurs". På kort tid har vi etablert eit nettverk med nær 60 aktørar i verdikjeda for fiskeslam og inngått samarbeidsavtaler med 14 av aktørane. Felles mål er etablering av sentralt knutepunkt for mottak og handtering av restråstoff fra havbruksnæringa med moglegheit for industriell skalering og auka verdiskaping.

Eit anna døme på utviklingsprosjekt som har stor verdi for regionen vår er Fortescue sine planar om ammoniakkfabrikk på Holmaneset i Bremanger. Vi har bidratt i gjennomføring av verdiskapingsanalysen som nyleg kom ut, og ser potensiale for å skape betydelege verdiar for næringslivet og samfunnet gjennom denne etableringa. Også her er samarbeid sentralt og vi oppmodar verksemder til å finne saman for å posisjonere seg inn mot denne etableringa og andre nye utviklingsprosjekt. Vi kjem tilbake med meir informasjon om korleis næringslivet kan involverast i det vidare arbeidet til hausten.

Skal vi lykkast i vårt arbeid på vegne av medlemmane våre, så må vi til ei kvar tid vite kva som bevegar seg «der framme». Vi legg difor mykje ressursar i å oppdatere oss med både ny kunnskap og utviklling av nettverket vårt for å styrke utviklingsarbeidet.

Vi ser fram til ein spennende haust med fortsatt fokus på næringsutvikling og innovasjon. Tett dialog med nettverket vårt er avgjerande, og vi vil fortsette å legge til rette for samskaping mellom næringslivet, det offentlege, FoU-aktørar og akademia. Grønn omstilling krev felles innsats, og saman kan vi finne nye initiativ og løysingar som bidrar til berekraftig utviklig.

Ønskjer dere ein riktig god sommar og ser fram til vidare samarbeid!

Helsing alle oss i Hub for Ocean

PS - Sett av datoen 6 - 7 november og bli med på Hub For Future - arenaen og nettverket for nye framtidige forretningsmoglegheiter.

Ønskjer du nyheiter rett i inboksen? Meld deg på vårt Nyheitsbrev her.


Spørsmål?

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller kommentarar til denne saka.

Siri L. Stavang

senior næringsutvikler
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ledige stillingar sommar 2024

Neste
Neste

Nye tilsette i Hub for Ocean