Næringsutvikling i eit nytt perspektiv

Næringsutvikling er i endring og må setjast i samanheng med dei dynamiske prosessane som formar næringslivet og økonomisk vekst i vårt samfunn over tid. Desse endringane vert påverka av endringar i verdsbiletet – krig og uro, men også av andre faktorar som teknologi, politiske vedtak, globale marknadsforhold, miljøomsyn og sosiale trendar. Og ikkje minst overgangen frå ein linjær økonomi til ein sirkulær økonomi. Så kva er dei viktigaste drivkreftene bak endringane vi bør rette merksemda mot i vidare næringsutviklingsaktivitetar? 

 

Teknologisk utvikling

Teknologi er kanskje den største drivkrafta bak endringane innan næringsutvikling. Digitalisering, automatisering, kunstig intelligens og robotisering har revolusjonert fleire sektorar der vi har fått større grad av tenesteproduksjon enn vareproduksjon. For eksempel har e-handel og plattformselskap forandra detaljhandelen dramatisk, medan industrielle robotar og automatisering aukar effektiviteten i produksjonsindustrien.

Globalisering og handel

Auka internasjonal handel og global integrering av økonomiar har gitt næringslivet nye moglegheiter, men også skapt utfordringar. Multinasjonale selskap har utvida sitt engasjement på tvers av landegrenser, medan små og mellomstore verksemder må tilpasse seg globale konkurrentar. Globalisering har også ført til auka samarbeid, men kan samstundes føre til auka konkurransepress og outsourcing.

Grønn omstilling

Klimaendringar og miljøutfordringar påverkar næringsutviklinga på fleire måtar. Berekraftige forretningsmodellar blir stadig viktigare, og verksemder må i større grad tilpasse seg nye reguleringar og marknadsforventningar knytt til klima og miljø. Mange selskap investerer i grøn energi, sirkulær økonomi og miljøvenlege produksjonsmetodar for å redusere karbonavtrykket.

Politisk og økonomisk regulering

Politikk spelar ei avgjerande rolle i næringsutviklinga gjennom reguleringar, subsidiar, skattar og internasjonale avtalar. Eit eksempel på dette er skiftet mot grønare energikjelder dreve fram av statlege insentiv og internasjonale klimaavtalar. Det kan sjølvsagt stillast spørsmål ved kor vidt denne politikken så langt har vore vellukka. Økonomiske kriser eller endringar i handelspolitikk kan også tvinge bedrifter til å justere sine strategiar.

Demografiske endringar og arbeidsmarknad

Demografiske skifte, som aldrande befolkning eller migrasjon, påverkar etterspørselen etter varer og tenester. Endringar i arbeidsstyrken sin storleik og samansetnad, samt auka fokus på utdanning og kompetanseutvikling, påverkar også næringslivet. I tillegg blir arbeidslivet sin fleksibilitet gjennom fjernarbeid og deltidsstillingar meir og meir vanleg. Dette krev tilpassingar frå både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar.

Innovasjon og entreprenørskap

Vi set ofte likskapsteikn mellom det å drive næringsutvikling og innovasjon. Men innovasjon er meir ein drivkraft som grunnlag for næringsutvikling ved å skape nye produkt, tenester og forretningsmodellar. Entreprenørskap spelar ei sentral rolle i denne samanhengen, sidan nye verksemder ofte er katalysatorar for innovasjon. Oppstartsselskap innan teknologi, bioteknologi og fornybar energi har potensial til å skape nye marknader og endre eksisterande industri.

Desse variablane er for så vidt kjende variablar vi har forholdt oss til i mange tiår som grunnlaget for næringsutvikling. Ein ganske kompleks prosess som krev kontinuerleg tilpassing både for verksemder og dei som arbeider med å tilpasse seg endringane. Dei må navigere seg gjennom den raske teknologiske utviklinga, politiske endringar, globalisering, miljøomsyn og demografiske skifte for å sikre berekraftig vekst. For verksemder har evna til å innovere, tilpasse seg og utnytte nye moglegheiter vore avgjerande for å lukkast i ei verd i rask endring.

Nye variablar som grunnlag for næringsutvikling

Linjær økonomi har vore dominerande gjennom industrialiseringa si æra og har samstundes vore grunnlaget for korleis vi har innretta våre satsingar for næringsutvikling. No møter vi nye utfordringar i samband med tilrettelegging for ein sirkulær økonomi. Overgangen til ein sirkulær modell bidreg til eit meir berekraftig samfunn med mindre avfall, lågare karbonutslepp og betre utnytting av naturressursar. Og sirkulær økonomi er ei nødvendig omstilling for å takle miljøutfordringar og ressursknappheit i framtida. Så det store spørsmålet vil vere: Er vi i stand til å etablere ein sirkulær økonomi? 

Vi har kapasitet til gradvis å etablere ein sirkulær økonomi, men det vil krevje tid, innovasjon og samarbeid på tvers av sektorar og landegrenser. Teknologi, politikk, forretningsmodellar og forbruksvanar må alle tilpassast for å fremje resirkulering, gjenbruk og berekraftig ressursbruk. Vi har kome eit stykke på veg, både lokalt og i visse regionar og bransjar, men det gjenstår framleis store utfordringar for å få til ein fullstendig sirkulær økonomi, både nasjonalt og globalt. Det vil krevje kontinuerleg innsats frå både myndigheiter, næringsliv og ikkje minst oss som forbrukarar.

Vi ser ein framvekst av nye verdikjeder innan våre satsingsområde. Dei nye verdikjedene er nødvendige for å etablere ein sirkulær økonomi, men det krev også ei fundamental omstrukturering av måten vi produserer, brukar og handterer produkt og ressursar på. Dette involverer design som mogleggjer gjenbruk og resirkulering, etablering av nye forretningsmodellar basert på tenester i staden for sal, og samarbeid på tvers av sektorar for å skape synergiar mellom ulike industriaktørar. Innovasjon og samarbeid vil vere nøkkelen for å bygge verdikjeder som kan støtte overgangen til ein sirkulær økonomi. I ein sirkulær økonomi vil restprodukt eller avfall frå ei industriverksemd kunne nyttast som råmateriale i ei anna. Dermed har vi fått ein ny variabel som grunnlag for næringsutvikling: Industriell symbiose. Dette krev samarbeid mellom både ulike bransjar og aktørar slik at ein kan optimalisere bruken av tilgjengelege ressursar.

Eg håpar at vi saman med alle våre medlemmar og samarbeidspartnarar kan stake ut ein god kurs som gjer det mogleg å realisere nye sirkulære verdikjeder som fremjar og bidreg til eit meir berekraftig samfunn med mindre avfall, lågare karbonutslepp og betre utnytting av naturressursar gjennom deling av ressursar og bi-produkt.

Vi skal snakke meir om dette temaet på nettverkssamlinga vår Hub for Future 6.-7. november. Sjå programmet i detalj her.


Har du spørsmål eller kommentarar til saka? Ta gjerne kontakt!

Stein Kvalsund

COO
+47 976 98 785
E-post

LinkedIn

Forrige
Forrige

Westcon Yards: Ei ny æra for skipsreparasjon og service i Florø

Neste
Neste

Bli kjend med Sarah