Bli kjend med Sarah

I midten av september starta Sarah hos oss i Hub for Ocean, som trainee innan kommunikasjon og eventkoordinering.

Sarah er opphavleg ei Tromsø-jente, og kom flyttande til Florø rett frå skulebenken i Oslo. Etter å ha budd i Florø i litt over ein månad, har vi endeleg gleda av å la dykk bli betre kjend med vårt nordnorske tilskot.

Kva var det med stillinga i Hub for Ocean som lokka deg til å flytte til Florø?

Som dei fleste som nærmar seg slutten av studiane, brukte eg mykje tid på å tenkje over kor eg skulle starte karrieren min. Eg byrja å søkje på jobbar i Oslo, men skjønte raskt at konkurransen var tøff, spesielt sidan eg ikkje hadde så mykje arbeidserfaring innan marknadsføring og kommunikasjon.

Ein dag kom eg over ein annonse på Instagram om trainee-stillingar gjennom Framtidsfylket Vestland. Eg klikka meg inn og las meir om programmet, og tenkte umiddelbart at dette kunne vere noko for meg. Det var faktisk gjennom dette trainee-programmet eg fann stillinga hos Hub for Ocean.

Sjølv om eg ikkje hadde mykje kunnskap om havbruksnæringa, fanga stillinga hos Hub for Ocean raskt interessa mi. Eg har vore engasjert i ein fredsorganisasjon sidan barndomen, der eit av hovudfokusa er berekraftig utvikling. Berekraft er noko eg verkeleg brenn for, og sjølv om arbeidet innan organisasjonen ikkje har vore direkte knytt til havbruk, følte eg at dette var ei moglegheit til å bidra på ein ny måte.

Bestefaren min var telesjef i Sogn og Fjordane frå 1983 til 1992 og budde i Førde til 2000. Eg har derfor vakse opp med historier frå besteforeldra mine om både Førde, Florø og resten av gamle Sogn og Fjordane. I tillegg har eg sjølv budd i åtte forskjellige byar i tre forskjellige land, så om eg fann ein jobb gjennom trainee-programmet som passa meg, var eg meir enn villig til å flytte til Vestlandet. Eg søkte derfor på trainee-stillinga hos Hub for Ocean, og då eg fekk jobbtilbodet fem dagar etter innlevert eksamen, var det eit enkelt val å takke ja!

Kva ser du mest fram til i den nye rolla di her på Hub for Ocean?

Eg synest det er utruleg moro å jobbe kreativt og tenkje utanfor boksen. Det er noko eg verkeleg får moglegheit til i denne jobben. Sjølv om eg berre har vore her i éin månad, har eg allereie merka kor opne kollegaene er for nye idear og tankar, og kor flinke dei er til å utfordre både meg og kvarandre til å tenkje nytt. Eg trivst veldig godt med å jobbe med kommunikasjon, og gler meg til å lære meir om dei ulike måtane vi kan nå ut til nettverket vårt på.

I tillegg ser eg verkeleg fram til å lære meir om havbruksnæringa og berekraft innan denne industrien. Vi har mange spanande medlemsbedrifter som driv med varierte og interessante prosjekt, og eg ser fram til å bli betre kjend med dei. Eg er ein nysgjerrig person som elskar å tileigne meg ny kunnskap, og det er ei tolmodig og hjelpsam gjeng her som gjerne brukar tid på å svare på spørsmåla mine og forklare heilskapen i det vi jobbar med.

Eventkoordinering er òg ein spanande del av stillinga mi. Dette er noko eg ikkje har erfaring med frå før, men eg likar å planleggje og går gjerne i detalj. Det er utruleg gøy å sjå korleis planlegging vert utført i ein profesjonell samanheng.

Du har budd i Florø i ein månad no, har du funne ein favorittstad?

Vi åt nyleg på Knutholmen i samband med The Maritime Hydrogen Conference, og det var ein magisk stad. Utruleg sjarmerande med alle rorbuene og galleriet dei har der, og maten var rett og slett fantastisk!

Kva er noko du gler deg til å oppleve eller utforske i Florø?

Eg gler meg til å utforske øyane rundt Florø, og har store planar om å gjere det så snart vi får ei helg med fint vêr.

Eg ser òg fram til å bygge eit nettverk her i Florø, og forhåpentlegvis bli vist nokre "skjulte skattar" rundt om i Florø som eg kanskje ikkje hadde funne på eiga hand.

Har du ein artig funfact om deg sjølv som vil overraske oss?

Eg har vore i 60 land i løpet av mitt liv, takka vere min eventyrlystne og reiseglade familie heime i Tromsø <3


Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

Sarah Sundquist

Trainee innen kommunikasjon og eventkoordinering
+47 458 86 725

E-post
LinkedIn

Forrige
Forrige

Næringsutvikling i eit nytt perspektiv

Neste
Neste

Norconsult AVBREKK 2024