Multi Maritime er med på elektrifiseringa av øybåtane i Oslofjorden

Frå slutten av 2021 blir Ruters båttilbod i Indre Oslofjord betjent av Boreal Sjø, med fem nybygde elektriske båtar, designa av medlemsbedrifta Multi Maritime. Båtane blir universelt utforma, får god utsikt og plass til langt fleire passasjerar enn i dag.


Multi Maritime hovedbilde.jpg

Ruter lyste våren 2019 ut konkurransen «Båttjenester Indre Oslofjord 2021», med krav om elektriske båtar i anbodet, med alternativ fossilfri framdrift. Dette er eit steg på vegen mot utsleppsfri kollektivtransport i hovudstadsregionen i 2028, eit mål øybåtane vil nå i 2022 når alle dei nye ferjene er i drift. I hard konkurranse vann Boreal Sjø med båtar designa av Multi Maritime.

Indre Oslofjord blir eit flott utstillingsvindauge for Multi Maritime

– Elektrifiseringa av øybåtane er ein stor ting i Oslo, så mange legg merke til dette. Multi Maritime har tidlegare designa tre ferjer til dette sambandet. Når dei fem nye kjem i drift, har vi designa alle større passasjerferjer på sambandet, fortel administrerande direktør i Multi Maritime, Mikael Johansen, og legg til at dette bekreftar selskapet sin posisjon innan skipsdesign.

– For oss er dette eit prestisjeprosjekt å vinne, sidan design og kvalitet var ein stor del av tildelingskriteria. Det er stort for oss å vinne, i skarp konkurranse med andre skipsdesignarar. Norge er fremst på elektrifisering, og denne sigeren bekreftar Multi Maritime sin posisjon som den leiande bedrifta på vårt felt.

Fekk betalt for smarte løysingar, høg kvalitet og god design

Kvaliteten på båtane, i tillegg til pris, var utslagsgivande for sigeren. Det nye tilbodet gir høgare produksjon, til omlag same pris som dagens. Båtane blir lada via pantografladarar på ei universelt utforma flytebrygge, som kan hurtiglade to båtar samtidig.

– Vi har designa ei ladeløysing som er mindre prangande enn eksisterande løysingar, og er meir brukarvennleg. Blant anna vil løysinga med flytebrygge sørge for at ferje og brygge bevegar seg saman i sjøgangen, seier Johansen. Båtane har også moglegheit for eventuell framtidig autonom drift.

Vakre, praktiske og driftsøkonomiske båtar
Multi Maritime er oppteken av å designe båtar som både er gode å bruke for både passasjerar, mannskap og reiarlaget.

– Vi legg stor vekt på passasjerane sin komfort, og på å lage store, gode ute-område. Båtane skal vere særs behagelege for passasjerane, samtidig som vi legg store ressursar i design og brukarvenlegheit. Og ikkje minst skal det vere lett for besetninga å drifte båten: Både i form av at det er ein god arbeidsstad, og at båten har gode sjøeigenskapar, er lett å manøvrere og ikkje minst har lågt energiforbruk. Det siste er noko vi har lagt ned store ressursar i, og som blir eit enno sterkare satsingsområde for oss framover, seier han.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Siri Odijk Solbakken nytilsett i Hub for Ocean

Neste
Neste

Interesse for etter- og vidareutdanning hydrogenteknologi?