Siri Odijk Solbakken nytilsett i Hub for Ocean
Frå 20 januar er Siri O. Solbakken tilsett som kommunikasjon- og marknadsrådgjevar i Hub for Ocean. Ho vil fokusere på å marknadsføre dei 65 medlemsbedriftene våre og arbeide med å arrangere gode møteplassar for aktørane som bidrar til koplingsaktivitet og forretningsmessige moglegheiter.
Siri har ein bachelorgrad i «Samanliknande Politikk» og ein påbegynt master i «Administrasjon- og organisasjonsvitskap» frå Universitetet i Bergen. Ho har også eit årsstudium i «Reiselivsleiing» frå Universitetet i Stavanger.
Siri bringer med seg mykje relevant erfaring til Hub for Ocean. Ho kjem frå ei stilling som Sal- og Marknadsansvarleg i Visit FjordKysten, som i likheit med HfO er ein medlemsorganisasjon. Tidlegare har ho hatt praktikantopphald hos Business Region Bergen og Norge sin faste delegasjonen til Europarådet i Strasbourg (gjennom Utanriksdepartementet sin praktikantordning). Vidare har ho også arbeida som forskingsassistent for Uni Research og med kommunikasjon hos Region Stavanger.
Relevante erfaringar frå FjordKysten
I Visit FjordKysten hadde Siri ansvar for marknadsføring, arrangering av nettverksamlingar og kurs, samt å følgje opp Visit FjordKysten sine 65 medlemsbedrifter. Dette er nyttige erfaringar som medlemsbedriftene i Hub for Ocean vil nyte godt av.
Gjennom arbeidet i FjordKysten såg eg viktigheita av å skape gode møteplassar for aktørane og å drive aktiv marknadsføring i både sosiale og tradisjonelle media. For å klare å gjere dette på ein god måte er det avgjerande med tett dialog med medlemsbedriftene, noko eg vil fortsette med i Hub for Ocean.
På privaten er Siri ei aktiv dame som er glad i å oppleve nye stadar, vere sosial og trene. Ho er forlova med Kinn bryggeris ølbryggar Odin Blomset, og dei held for tida på med å pusse opp eit hus frå 1930.
Siri gler seg til å starte i Hub for Ocean og bli kjent med alle bedriftene knytt til nettverket. Ho ser fram til å bidra til enda betre synleggjering av bedriftene og fortsette å skape gode møteplassar.
Kontaktinfo til Siri er: siri@hubforocean.no / 977 53 065