Miriam Edler nytilsett i Hub for Ocean

 

Rett etter årsskiftet vart Miriam Edler tilsatt som Marknads- og kommunikasjonsleiar i Måløy Maritime Group. Ho er leigd ut 50% til Hub for Ocean som Profileringskonsulent. I Hub for Ocean skal Miriam arbeide med digital synleggjering og kommunikasjon.

 

Relevant kunnskap

Miriam har ei bachelorgrad som Medieprodusent etter å ha gått “Media, IKT og design” på Høgskulen i Volda. Der lærte ho mellom anna film, foto, strategisk design og webdesign. Mykje av det ho har lært i Volda tek ho med seg inn i arbeidet i Hub for Ocean. Etter endt utdanning flytta ho til heimkommunen og byrja å jobbe som Key Account Manager i Frequency AS. I Frequency arbeida ho med organisering og kundekontakt, prosjektleiing og medieproduksjon.

 
84053140_1084865128541178_3565147495078035456_o-4.jpg
 

Miriam skal arbeide tett med Kommunikasjonsrådgjevar i Hub for Ocean, Siri Odijk Solbakken. Som team skal dei arbeide for å synleggjere medlemene og aktiviteten i Hub for Ocean. Dagleg leiar i Hub for Ocean, Stein Kvalsund, er svært nøgd med å ha fått Miriam med på laget.

Miriam er ein flott representant for nye tankar og idear. For Hub for Ocean er det viktig å synleggjere og marknadsføre kva medlembedriftene kan tilby av tenester og produkt, vi styrkar derfor teamet vårt innan dette området. Miriam vil vere sentral i å synleggjere medlemsbedriftene og Hub for Ocean gjennom m.a grafisk profilering, vidareutvikling av nettside og sosiale media i samarbeid med Siri Odijk Solbakken. - Dagleg leiar Stein Kvalsund

 
Miriam Edler og Stein Kvalsund

Miriam Edler og Stein Kvalsund

 

Miriam forstår kor viktig det er å byggje vidare på fundamentet i den maritime næringa og samtidig utfordre næringa til å tenkje nytt når det gjeld både profilering og marknadsføring. - Dagleg leiar Stein Kvalsund

Viktig samarbeid

Det er viktig for Hub for Ocean å utvikle det vidare samarbeidet med det maritime miljøet i Måløyregionen. Miljøet i Måløy er svært viktig i forhold til den vidare innovasjonen innan fiskerinæringa, og då spesielt på fartøyflåten. Miriam er vokst opp i Almenningen utanfor Måløy, og kjenner godt til det maritime miljøet. Ho gler seg til å lære meir om denne næringa som er i konstant utvikling.

Eg er blitt tatt veldig godt imot, og ser virkelig fram til å jobbe sammen med Måløy Maritime Group og Hub for Ocean. - Profileringskonsulent Miriam Edler

På privaten er Miriam ei kreativ dame som spelar trompet i Måløy Musikklag. Ho bur på Indre Kulen saman med sambuar Adrian Hoff. Saman har dei sonen sin Eskild på 2 år.

Kontaktinformasjonen til Miriam er: miriam@hubforocean.no og 993 91 599.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Akvahub – samspel gir banebrytande resultat innan forsking- og utvikling

Neste
Neste

To nye kontrakter for Saga Fjordbase