Akvahub – samspel gir banebrytande resultat innan forsking- og utvikling

Hub for Ocean har gleda av å ønskje Akvahub velkomen som nytt medlem. Akvahub er ei forsking- og utviklingsavdeling lokalisert i Leirvik i Sogn. Akvahub sin visjon er å vere ei drivande kraft for ei berekraftig utvikling av havbruksnæringa. Dei tilbyr kompetanse og nettverk til sine 9 eigarar og andre samarbeidspartnarar.

 
Asbjørn D. Løland, dagleg leiar i Akvahub

Asbjørn D. Løland, dagleg leiar i Akvahub

- Kva håper de å få ut av medlemskapet i Hub for Ocean?

- Vi har allereie fått god hjelp av Stein Kvalsund i oppstarten av Akvahub og vi håpar at medlemskapet i Hub for Ocean skal gje oss nye nettverkskontaktar og på sikt føre til nye spennande prosjekt!, seier Asbjørn D. Løland, dagleg leiar i Akvahub.

Banebrytande arbeid

Ei felles FoU-avdeling på tvers av 9 eigarverksemder er ein ressurseffektiv måte å mogleggjere innovasjon i små og mellomstore bedrifter. I følgje Akvahub er modellen deira banebrytande arbeid. Asbjørn D. Løland seier at dei får merksemd for måten dei har organisert arbeidet:

- Vi merkar raskt at modellen får gehør då mange kjenner seg att i situasjonen med at ein gjerne har trangt om ressursar å dedikere til utviklingsarbeid. Særleg det å handtere forskingsinstitusjonane ein gjerne treng i innovasjonsarbeid er krevjande, dersom ein ikkje har erfaring med dette.

 
Meir aktivitet innan havbruksnæringa

- Kva var bakgrunnen for at ein starta Akvahub?

- Bakgrunnen for oppstarten var eit ynskje i Hyllestad om å få til meir aktivitet innan havbruksnæringa. Multivolt AS og Yatek AS var tidleg med i tankegangen saman med Hans Haddal (Skylesteinen AS) og Terje Eilertsen, og det vart gjennomført både forstudie og forprosjekt for å identifisere ein fungerande modell. Bulandet Miljøfisk såg behovet for å opprette eit kompetansemiljø i nærleiken og andre bedrifter såg potensielle synergiar. Resultatet var at fleire verksemder kopla seg på og at til slutt 6 ulike verksemder slo seg saman og stifta Akvahub som ei næringsideell forsking og utviklingsavdeling, seier Løland.

I dag har Akvahub 9 eigarar; Multivolt, Yatek, Bulandet Miljøfisk, Aqua Development, Seaweed, Skylesteinen, Finio, Sulefisk og Aducate.

 
Besøk hos Osland Havbruk AS i forbindelse med workshop på lukka oppdrettsteknologi hos Sogn Aqua AS, våren 2019

Besøk hos Osland Havbruk AS i forbindelse med workshop på lukka oppdrettsteknologi hos Sogn Aqua AS, våren 2019

 

 Satsing for framtida

Eit viktig satsingsområde for Akvahub for å bidra med leiing og spesifikk fagkompetanse i ulike prosjekt. Asbjørn D. Løland fortel at dei i dag i hovudsak er involvert i fem prosjekt:

«I desse dagar har vi i hovudsak fem prosjekt som utmerkar seg. Bulandet Miljøfisk AS er godt i gang med anleggsarbeidet ute i Bulandet, og i dette prosjektet bidreg vi med prosjektering og med forsking- og utviklingsledelse. Her er det mykje nybrotsarbeid og saman med Universitetet i Bergen og NORCE skal vi dokumentere produksjonen i ein tre-årig pilotfase.

Sulefisk AS, Osland Havbruk AS og Engesund Fiskeoppdrett AS samarbeider om eit prosjekt som heiter Tarelaks. I dette prosjektet er vi prosjektleiar og praktisk utførar med tanke på røkting av tareanlegget, prøvetaking og koordinering med Møreforsking. Prosjektet omhandlar å dyrke tare i nærheita av oppdrettsanlegg, også kalla Integrert Multitrofisk Akvakultur (IMTA), for å studere effektane desse to artane kan ha på kvarandre. Her dreg vi i hub’en for eksempel nytte kunnskapen og erfaringa til Seaweed AS som er ei av eigarverksemdene våre.

Saman med Sulefisk skal vi også dokumentere produksjonen av postsmolt i deira lukka merd Ecomerden. Dette er eit kjempespennande prosjekt som også har synergiar med Bulandet Miljøfisk og andre aktivitetar vi er involvert i.

Hausten 2019 jobba vi saman med Multivolt AS om ein søknad ved rørande elektrifisering i havbruksnæringa og vi fekk tilsegn hos Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Dette prosjektet er ei kartleggingsstudie der vi tek sikte på å kartlegge status på alle oppdrettsanlegg i Sogn og Fjordane med tanke på potensialet for elektrifisering i form av landstraum. Den enkelte oppdrettar har høve å få kartlagt potensielle kostnadar, og miljømessige gevinstar med å skifte frå enten dieselgenerator eller hybridløysing til landstraum. Dersom oppdrettarane ynskjer å elektrifisere står dei fritt til å velje leverandør.

The Seafood Innovation Cluster i Bergen er prosjekteigar av eit kompetansehevingsprosjekt innan resirkuleringsteknologi. Prosjektet omhandlar kompetansehevingstiltak for lærarar ved VGS og fagskule, etter- og vidareutdanning for personell i havbruksnæringa og oppretting av ei ny fagskulelinje med fokus på RAS-teknologi. Her er Akvahub prosjektleiar og vi jobbar for at innhaldet i kompetansehevingstiltaka treff slik næringa ynskjer. Det at vi har kontor på Marineholmen i Bergen og god kontakt med aktørane der har nok spelt ei rolle i at vi fekk dette oppdraget”.

- Etter oppstarten i 2016 har Akvahub hatt ei spennande utvikling. Kva tankar har de for framtida?

- Vi har gått frå 1 til 4 tilsette på 1 år og har no fullt fokus på å levere høg kvalitet i dei prosjekta vi er engasjert i, seier Løland. - Samstundes har vi med 4 tilsette no kapasitet til å rigge nye prosjekt saman med eigarverksemdene og med nye samarbeidspartnarar. Dei neste åra handlar derfor om å vidareutvikle Akvahub-modellen, få endå meir synergi mellom eigarane, samt identifisere, organisere og utføre nye prosjekt.

Akvahub sine eigarar

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Nordsjøkommisjonen: Suksessfullt møte om hydrogen og elektrifisering i Florø

Neste
Neste

Miriam Edler nytilsett i Hub for Ocean